fredag, juli 29, 2005

La Coruna-Bayona

Turen videre fra La Coruna til Baiona!


Det var egentlig med tungt hjerte vi forlot La Coruna,den trygge havna vi kom inn i etter prøvelsane over Biscaya. Her koste vi oss både på strand og i gamle-byen der det i heile juli måned var middelalderfestival med mye underholdning. OBS!: Her samler det seg og personer som på finurlige måter får rappa lommeboka di viss du ikkje er påpasselig. Det opplevde ei i vårt norske følge. Ellers var vi overraska over kor lite pågåande dei var ovanfor turistane når det gjaaldt å få solgt varene sine! Turen til neste by gikk greit.Mye motorgang og strøm i mot. Camarinas var ein sjarmerande fiskelandsby. Den er kjendt som ”kniplingebyen”. Mange små butikker med kniplingehandverk, alt fra dorullholdere til hatter, RINGER, bilder- Nina og eg holdt stand .Vi fann ut at vi var lite ”knipligete” av oss så det vart ingen handel.(Vi burde vel ha støtta den lokale handelstanden?!)Her såg vi for første gang en horreo,stabbur i stein som står på steinpåler med hatt på (ser ut som sopper).
Dagen etter gikk turen i solskinn rundt Kapp Finisterre til Puebla del Caraminal. Før vi runda Kapp F såg vi plutselig massevis av fugl samla på overflata.I sjøen var det tett med små krabber som kravla rundt ,naturen er til tider merkelig!!
Hadde tenkt oss på ein fjelltopp på 600m ,men tåka låg tjukk så det vart laaang gåtur rundt byen i steden
.Mandag var det religiøs høgtid i Katalonia så vi gikk i tog sammen med sekkepipeorkester,dansande småjenter i nasjonaldrakter og store religiøse skulpturer vart bore av sterke spanjoler.
Frisk seilas over til neste by Vilagarsia de Arosa (9,4 knop). Her fikk vi endelig bada igjen på strand ved båthavna.Herfra tok vi tog til Santiago de Compostella,pilgrimebyen . Ikkje langt fra togstasjonen stoppa ein gammel mann med stokk oss og spurte om vi ville sjå katedralen.Han fulgte oss gjennom halve byen og FOR ein katedral.Greit:Peterskirka er flott men denne var imponerande!!.Flotte smug med gammel bebyggelse rundt katedralen,vel verdt et besøk!!Bjarne og Per hedde flott trimtur med sykkel og joggesko opp ein topp her og (dei finner alltid ein topp kor dei enn er). Så forlot Nina og Per oss og vi var igjen to i båten og sette kursen mot Biona. Det blåste friskt og etter kvart kom tett regn og skodde så vi var søkk våte når vi ankom den flotte seilerhavna i Baiona.Like utenfor ligg fleire øyer med lange sandstrender som vi har planer om å ankre ved men først må vi ”gjøre byen”. Har vore på sykkel,-joggetur,det tegner bra dette her bare temp i luft (21C) og sjø (17C) kan bli litt høgre.Mykje høgare seier Bjarne!!
Helsing Mette Berit.

fredag, juli 22, 2005

Reisebrev 7- Falmouth-La Coruna

REISEBREV NR.7- FALMOUTH- AUDIERNE- LA CORUNA, 22/7-05
Endeleg er vi under Spanias sol! La Coruna er byen vi sleit oss inn til like før midnatt 20/7. Når eg no skriv dato, er det avdi eg er kome heilt i surr når det gjeld dagane i det siste.
La meg rekapitulere: Vi reiste ifrå Falmouth 16/7 tidleg om morgonen. Den Engelske kanal var blikkstill heile vegen. Det dundra forbi oss kjempesvære passasjerskip, tankarar og container skip i eitt. Likevel stoppa vi to gonger for å bade midt i kanalen. Det var veldig behageleg vatn og vi storkoste oss. Vi kom inntil franskekysten nett sørom Brest ved midnatt og hadde nattseilas vidare gjennom Canal du Four og Raz de Sein. Eit stykke med angivelege sterke straumar og ei skikkeleg paddemark. Vi hadde fleire gunstige moment på vår side: Det var blikk stille og klart, "nipp-tilhøve"( liten skilnad på flo og fjøre) og vi hadde det elektroniske kartprogrammet, C-map, som berre er fantastisk. Vi kom fram til den idylliske franske byen, Audierne, på morgonen og måtte vente nokre timar på floa, slik at vi kunne seile opp elva til bykjernen. Som sagt svært fin by og oppland. På kvelden var vi på restaurant og åt franske pannekaker (crepes) med diverse fyll, til og med brandy-flamberte fekk vi i oss. Neste dag var Arild Helle og eg på ein skikkeleg lang joggetur med innlagde kjappe drag i bratte bakkar. Etter 1 time og 20 minutt var vi nokså segne og klare for behageleg rehydrering.
Elles er franskmenn sjølsagt noko for seg sjølv. Rett nok har dei sin cuisine, gode oster og lange brød, men engelsk er det mest ingen som snakkar, heller ikkje ungdomen.Dei må skjerpe seg om det skal gå dei vel i eit internasjonalt samfunn!!
Etter 36 timar på fransk jord kursa vi 215 grader mot La Coruna i Nord Spania, ein distanse på 330 nautiske mil. For å seie det rett ut: vi var svært glad for å sjå Spansk land i kveldinga den 20. Vi fekk raskt frisk bris/ liten kuling på relativt skarp kryss.
Neste dag dreide vinden nordaust og seinare mest rett austleg, auka på til ein stabil stiv kuling og seinare på ettermiddagen kortare perioder med sterk kuling, opp i 37 knop. Samstundes var sjøane som i Nordsjøen, utruleg bratte og krappe. Per Solberg og eg styrte 1 time kvar for å vera topp konsentrerte heile tida. Vi surfa avgarde opp i 9 knop med full genoa og stroke storseil. Genoaen stod fint heile vegen og rakna ikkje sjølv i 37 knop!! Det kunne vorte dyrt! Elles løsna kombi-lanterna i mastetoppen første natta og hang berre og slang. Eg freste opp og sikra ho mellombels med ein strikk, slik at ho ikkje skulle bli øydelagt. Eg kan forsikre om at det var store sentrifugal-krefter der oppe 15 meter over overflata, men ung og atletisk som eg er, gjekk det fint!
Arild Helle i IDA styrte non stop i 14 timar og var nokså nedtappa då vi endeleg kom fram. Heile mannskapet hadde vore sjøsjuke ein god del av turen. Men, etter eit par dagar på land har vi gløymt heile greia og er klare for nye utfordringar!
La Coruna er ein "kjempeby" med svær badestrand så og seie midt i byen. Vi ligg også i ein flott marina midt i bykjernen. Dyrt og fint! Det blir mykje billeg ankring lenger sørover!! På badestrendene har Per og underteikna nytt dei spanske damene. Med svært mørke solbriller har vi kikka meir og mindre diskre på dei lokale yndigheitene. Dei er slanke og fine, det same er ungar og ungdom her nede. Dette er i slåande kontrast til stoda i Noreg, Storbrittania og elles i Nordlege Europa. Vi har teke etter amerikanarane og stappar i oss tomme kaloriar, og mange er svært inaktive. Spesielt damer og ungar har "est ut" dei siste åra! Dette er ei skremmande utvikling som det må bli slutt på!! Hald dykk til middelhavsdiett og fjellturar. Dette var dyrlækjaren si helsespalte!! Det kjem sikkert meir stoff seinare. HASTA LA VISTA!

fredag, juli 15, 2005

Falmouth


REISEBREV 6 - FALMOUTH- 14/7-05


Hei igjen! Mette steikjer og brasar på irsk kjøttdeig som er gått ut på dato for 4 dagar sidan, irske ballader ifrå cd-anlegget. Musikk omtrent som fløyte for øyra. Eg trur irane må vera noko av det mest musikalske folkeferdet som finst.
Per Solberg og eg har nett teke oss ein pikyrande liten cognac for å feire at vi faktisk har arbeidd minst 5 timar i båten i dag. Det er langt i overmål, vanlegvis er eg nøgd om eg får sett i ein skrue pr. dag. Vi har skifta bluss i kokeapparatet, montert ekstra vasstank, kuleventil for å hindre retur av septikk, rydda i kart, kjøpt kart og sikkert mykje meir. Einaste skår i gleda er at vi har fått klorsmak på kaffivatnet etter litt hard kloring av ledningsnettet. Men det vil vel gi seg på sikt!!

Vi har no vore her i Falmouth i 4 dagar. Eg seier berre: for ein plass, for eit ver! Endeleg kom sommaren, 30 grader, ein liten bris, badestrand så og seie rett i byen, berre gamle fine hus, svære båtutstyrbutikkar, kartbutikk, alle slags kebab-sjapper og take-away, restaurantar for kvar 10. meter, pub’ar for kvar 5. meter med øl som kan minne om det vi bryggar i Dønhaugkjellaren. Kan ein ha det betre? Området ville ha vore eit eldorado for Mattilsynet i Sunnhordland. Arne, burte ikkje vi ha opna ein filial her nede med alternering av personellet?

Elles treffer vi utruleg mange rare og orginale typar. Nokre av dei seilar heilt alleine i gamle båtar utan radar. Ein hadde forlovede som venta på Trinidad. Vi får berre håpe at ho har tid til å vente så lenge!
Ein engelskmann drog kjensel på stickermerket som sa at vi skulle seile ARC-regattaen. Han kom heim i fjor, og angra på at han ikkje skulle reise i år også. Men neste år skulle han sikkert avgarde igjen. Makan til sosial oppleving hadde han ikkje vore borti. Vi måtte berre passe på ikkje å vere forseine til Las Palmas. Sist var han der i 6 veker før start, og det var i minste laget. Parties kvar einaste kveld! Sjølv var han pensjonert og kjeringlaus, så han gjorde nett kva han ville.

I morgon kursar vi sørover. Anten direkte til La Coruna i Spania eller først ein liten svipp innom Camaret sur Mer, like sørom Brest i Bretagne. Dit er det omlag 130 nm, mot 450 til La Coruna. Tek vi lengste strekket blir det 3-4 døgn i sjøen. No er vi langtur- modus og får sjå kva manjana bringer.

Skal helse ifrå Nina og Per Solberg ifrå Enæs samt kjøttkontrollør og byssesjef Mette.


Sjefsnavigatør Bjarne

onsdag, juli 13, 2005

Bilder









Bildene er ikkje heilt sortert som dykk ser.... Øya på bildene er Gigha, og dei siste bildene er frå Portpatrik.




















mandag, juli 11, 2005

REISEBREV 4. PORTPATRICK-DUBLIN-ARKLOW 05.07.2005

Hei igjen! Nett no ligg vi for første gong ”værfaste”i ein by som heiter Arklow. Plassen ligg omlag 70 km sør for Dublin. Det har regna og blese opp i stiv kuling i kasta, og vi har for så vidt god tid, difor forlengar vi opphaldet her med ein dag.

Attende til Port Patrick. Vi forlet landsbyen 29/6 og kursa på ein liten by som heiter Ardgrass i Nord Irland, omlag 50 nm distanse over Irskesjøen. Rett utfor hamneutløpet vart det litt hektisk stemning. Med vind oppi liten kuling og straumsjø vart det ein brå overgang ifrå slaraffenlivet i land. Mette var sterkt indisponert etter å ha vorte matforgifta kvelden før, så ho låg strøken under dekk. Brått oppdaga eg at dørken på toalettet var fylt av ei skvalpande brun væske med noko som likna ufordøyde gulerøtbitar i. Svarte, eg hadde gløymt å tømme septikktanken og no i den kraftige krenginga fekk eg overløp ifrå tanken og ned i toalettet. Skit happens!!
Det roa seg fort ned og vi fekk ein fin seilas over til Ardgrass.

Vi reiste vidare sørover alt neste morgon ( eg var knapt på land) for å få mest mogleg tid i Dublin før Marte og Anne skulle flyge heim den 3.juli. Fatuhiva stemna inn i den fasjonable yachthavna i Howth, eit skikkeleg fint snobbestrøk i den nordlege utkanten av Dublin.Dei fleste båtane i havna hadde lokale eigara,lite gjestebåtar.Fikk kontakt med mannskap på ein nabobåt ,skottar som kom fra Kroatia .Dei lurte på om Bjarne var pansjonist.Stakkaren visste ikkje om det var utseende eller det at han såg ut som ein eks-velhavande forretningsmann som gjorde at dei spurte om dette. Resten av mannskapet forsikra han om at det sjølvsagt var det siste.Dublin såg vi fra toppen av ein buss med ein rappkjefta guide,og bryggeriområdet til Guinnes var imponerande stort.Men det eg vil huske fra området var festivalen som denne helga var i Howt.Litt ”gamle Uskedalsdager” med lokale kunstnere (lurte plutselig på om Riise fra Rosendal var der –fine trearbeid men sjølvsagt ikkje såå fine) Det heile kuliminerte i Riverdans-opptreden av unge og eldre ,sekkepipemusikanter og Irlands mest kjende boy-band .Vi fikk med oss alt!! Klippeturen ,der det sto ”dangerous”rundt kvar sving var flott.Besøk på The Pier-pub var og ein opplevelse.Fire mannfolk satt i ein krok og underholdt på banjo,tromme og to gitarer,dei laga skikkeleg stemning!.Gamlefar,ca70 tok seg av den tradisjonelle ”folkemusikken”. Men da den yngre garde satte i gang med -80,-90-talls musikk kunne han jammen alle tekstane der og ,imponerande!.Anne,dreven segler blitt, og Marte forlot oss (trur turen ga meirsmak hos begge –håper vi ser dei seinare på turen). Vi segler så ut fra marinaen men først er det diesel-fylling.Båten vår har ikkje baugpropell så i vind kan vi ha problemer med å legge til. Låg utfor ”Ida” og vi kaster loss og alt er klart til ny seilas-TRUR VI !- Bjarne roper at giret har hoppa av vi stresser med for lange og for korte tau og ser for oss båten ”på sjølvstyr”. Det er da Bjarne seier:” Eg har jo ikkje starta motoren”. Stor latter!! (Forklarer det med at han hørte ”Ida” sin motor og trudde det var vår). Flott seilas til Arklow,ein liten industiby .Her har vi bunkra og gjordt forefallande arbeid.Banken her ville ikkje ta i mot dei norske kronene til Arild, seier det noko om statusen til Noreg i dette landet?
Herfra reiser vi til Kilmore Quay ! Håper å vere i Falmouth ca 12.07.



REISEBREV 5. ARKLOW-KILMORE QUAY-PENSANZE

Vi skriv i dag sundag 10/7 og vi ligg i ein nydeleg liten by som heiter Pensance, på sørkysten av England, like austom Lands End. Byen ligg berre omlag 30 nm ifrå Falmouth, som vil vera vårt utgangspunkt for vidare reise sørover. Veret snudde om i går, og det klar himmel og varmt og godt, endeleg!!

For å rekapitulere litt. Ifrå Arklow og til Kilmore Quay hadde vi ein kjempeseilas. Straum og vind med, og med kast oppi stiv kuling feia vi unda 50 nm ganske raskt. I denne hamna trefte vi to norske båtar som var på veg attende ifrå Karibien: TOMBA (Bergen) og CON AMORE (Halden). Den siste båten hadde vore vekke i 3,5 år, av desse hadde dei surra rundt i Karibien i vel 2 år!!! Alle hadde berre godord å sei om turen. Negative ting vart ofte blåst opp og overvurdert av nokre og i pressa.
Etter 2 dagar her sette vi kursen hit. Distansen var 150 nm, altså ein liten Shetlandstur. Vi starta på formiddagen og brukte nøyaktig 24 timar over havet. Trafikken om natta var større enn vi var vane med, så det blei kikka hyppig i radaren for å avgjere om her var kollisjonskurs. Diverre var det mest ingen vind, så motoren surra og gjekk heile tida. I følge mine notater har vi no segla 900 nm, berre omlag 12.000 igjen før vi er heime igjen!

Attende til Pensance (sjå på kartet). Denne hamna har ein port ved inngangen som kun er open rundt flo sjø. Elles er den lukka og held vatnet inne i hamna når det fjørar. Det er kjekt for her er det frå 5-7 meter skilnad på flo og fjøre. Då vi kom her igår måtte vi ligge i ei bøye utforbi i 5 timar for å vente på at porten skulle opne seg.
På innsida av oss her ligg eit interessant par og ditto båt. Det er snakk om ein 25 år gammal katamaran i tre. Borda er som på ein oselvar. Dei er på vår alder og har seld alt for å reise rundt på måfå!! Ho er kunstnar og malar bilete som ho kan selja på turen. Han er opprinneleg australier som tydeleg kan kunsten med å slappe av og gjera minst mogleg. Han hadde også reist rundt i ungdomen og sa at det tok omlag eit halvt år å lære seg å gjera minst mogleg og svært avgrensa planar. Mi røynsle er vel at nokon ikkje har problem med ei langt kortare aklimatiseringstid! Personleg er eg no snart nøgd med å skruve inn ein skrue pr dag!

No kan eg ikkje lenger sitje her inne i båten, men må komma meg på badestranda for første gong og likeins finne ein internett-kafe for å få dette avgårde. Har framleis ikkje vore on-line i båten. Skal helse ifrå ei ”heit” Mette!

Med helsing Bjarne

fredag, juli 01, 2005

REISEBREV 3. OBAN –PORTPATRICK

Hallo igjen folkens! Her følgjer litt oppdatering av av reisa vår. Sundag 27/6 reiste vi ifrå Oban og kursa mot ei lita piktoresk øy rett på nordsida av Mull of Kyntire. Veret var strålande om enn noko kaldt. Suveren vind og medstrøm av ein anna verden. Det er ikkje ofte Fatuhiva loggar 14 knop, men det gjorde ho denne dagen. Det regelrett kokte rundt båten nokre stader. På vegen høyrde vi ikkje mindre enn 3 MAY-DAY. Det var båtar som var gått på grunn medan det fjøra. Skrekk og gru! På spørsmål ifrå redningsbåten om kven som var ombord, svarte førstemann benektande på at det var hund ombord (svært vanleg på desse kantar): ”just Valorie this time, Jim!”
På ettermiddagen kom vi fra
m til ei strålande øy ved navn GIGA. Her budde det færre folk enn på Varaldsøy, men dei hadde hotell og to pub’ar. Ida og Fatuhiva ankra opp for første gong på turen, og det nymonterte ankerspelet fungerte strålande. Takk Kurt!!!
Neste dag var det full fart forbi Mull of Kyntire, og også denne gongen fekk vi ein vanvittig medstraum ei periode. Såg 14 knop denne gongen og. Dette hadde vore noko for Hans J. Berge som alltid klagar på farten. Etter 57 nautiske mil trokla vi oss inn i den livsfarlege havneinngangen til Port Patrick. Her har ein to overrett merke å stole på, elles går det rett på dass. Rett utanfor havneinnløpet går straumen i 2-5 knop på tvers, så her nyttar det ikkje å blingse på merka!
Port Patrick er forøvrig ein av dei finaste landsbyane eg nokon gong har sett. Den er som eit vakkert prospektkort. Sjå på bilete som seinare blir lagt inn. I dag tysdag 28/6 har vi hatt den første verkelege sommardagen. Åsmund og eg jogga oss ein tur bort til eit fyr. På vegen var det ei nydeleg sandstrand der vi tok årets første dukkert (stipulert 16 grader) og eg avslutta med ein dusj i ein bekk som rann i ein foss like ved. Deretter 2 Tennents og eg spør: ”Kan man ha det bedre!” Fritt sitert ein tidlegare nabo. Litt seinare bada Mette på den same stranda. Ho hadde med ei våt truse som bevis!!
I morgon reiser Åsmund til Glasgow for å flyge heim til Bergen tidleg torsdags morgon. Han legg dette brevet ut på nettet på fredag. Vi kjem til å kurse på Irland, og reknar med å vere i Dublin på laurdag.
Helsing alle ombord i Fatuhiva. Skal sikkert helse ifrå familien Helle i IDA også.

Dette innlegget vart lagt inn av Åsmund, etter ei vellukka heimreise med RyanAir og Norwegian.