Reisebrev 7- Falmouth-La Coruna
REISEBREV NR.7- FALMOUTH- AUDIERNE- LA CORUNA, 22/7-05
Endeleg er vi under Spanias sol! La Coruna er byen vi sleit oss inn til like før midnatt 20/7. Når eg no skriv dato, er det avdi eg er kome heilt i surr når det gjeld dagane i det siste.
La meg rekapitulere: Vi reiste ifrå Falmouth 16/7 tidleg om morgonen. Den Engelske kanal var blikkstill heile vegen. Det dundra forbi oss kjempesvære passasjerskip, tankarar og container skip i eitt. Likevel stoppa vi to gonger for å bade midt i kanalen. Det var veldig behageleg vatn og vi storkoste oss. Vi kom inntil franskekysten nett sørom Brest ved midnatt og hadde nattseilas vidare gjennom Canal du Four og Raz de Sein. Eit stykke med angivelege sterke straumar og ei skikkeleg paddemark. Vi hadde fleire gunstige moment på vår side: Det var blikk stille og klart, "nipp-tilhøve"( liten skilnad på flo og fjøre) og vi hadde det elektroniske kartprogrammet, C-map, som berre er fantastisk. Vi kom fram til den idylliske franske byen, Audierne, på morgonen og måtte vente nokre timar på floa, slik at vi kunne seile opp elva til bykjernen. Som sagt svært fin by og oppland. På kvelden var vi på restaurant og åt franske pannekaker (crepes) med diverse fyll, til og med brandy-flamberte fekk vi i oss. Neste dag var Arild Helle og eg på ein skikkeleg lang joggetur med innlagde kjappe drag i bratte bakkar. Etter 1 time og 20 minutt var vi nokså segne og klare for behageleg rehydrering.
Elles er franskmenn sjølsagt noko for seg sjølv. Rett nok har dei sin cuisine, gode oster og lange brød, men engelsk er det mest ingen som snakkar, heller ikkje ungdomen.Dei må skjerpe seg om det skal gå dei vel i eit internasjonalt samfunn!!
Etter 36 timar på fransk jord kursa vi 215 grader mot La Coruna i Nord Spania, ein distanse på 330 nautiske mil. For å seie det rett ut: vi var svært glad for å sjå Spansk land i kveldinga den 20. Vi fekk raskt frisk bris/ liten kuling på relativt skarp kryss.
Neste dag dreide vinden nordaust og seinare mest rett austleg, auka på til ein stabil stiv kuling og seinare på ettermiddagen kortare perioder med sterk kuling, opp i 37 knop. Samstundes var sjøane som i Nordsjøen, utruleg bratte og krappe. Per Solberg og eg styrte 1 time kvar for å vera topp konsentrerte heile tida. Vi surfa avgarde opp i 9 knop med full genoa og stroke storseil. Genoaen stod fint heile vegen og rakna ikkje sjølv i 37 knop!! Det kunne vorte dyrt! Elles løsna kombi-lanterna i mastetoppen første natta og hang berre og slang. Eg freste opp og sikra ho mellombels med ein strikk, slik at ho ikkje skulle bli øydelagt. Eg kan forsikre om at det var store sentrifugal-krefter der oppe 15 meter over overflata, men ung og atletisk som eg er, gjekk det fint!
Arild Helle i IDA styrte non stop i 14 timar og var nokså nedtappa då vi endeleg kom fram. Heile mannskapet hadde vore sjøsjuke ein god del av turen. Men, etter eit par dagar på land har vi gløymt heile greia og er klare for nye utfordringar!
La Coruna er ein "kjempeby" med svær badestrand så og seie midt i byen. Vi ligg også i ein flott marina midt i bykjernen. Dyrt og fint! Det blir mykje billeg ankring lenger sørover!! På badestrendene har Per og underteikna nytt dei spanske damene. Med svært mørke solbriller har vi kikka meir og mindre diskre på dei lokale yndigheitene. Dei er slanke og fine, det same er ungar og ungdom her nede. Dette er i slåande kontrast til stoda i Noreg, Storbrittania og elles i Nordlege Europa. Vi har teke etter amerikanarane og stappar i oss tomme kaloriar, og mange er svært inaktive. Spesielt damer og ungar har "est ut" dei siste åra! Dette er ei skremmande utvikling som det må bli slutt på!! Hald dykk til middelhavsdiett og fjellturar. Dette var dyrlækjaren si helsespalte!! Det kjem sikkert meir stoff seinare. HASTA LA VISTA!
6 Comments:
Spania høyres fint ut. Må sei eg satte "nugattiskjevo" i halsen etter å ha lest detta innlegget, trur det e dags for ein trimtur.
Bjarne igjen her! Vi er no i Camarinas. Tok ein etappe paa 50 nm.i dag. Svak vind rett i mot, saa det blei motorgange heile vegen.Dette er ogsaa ein svaert fin plass. Det blir mykje skryt. Det ligg eit kjempe oppdrettsanlegg like i naerleiken som tilhoyrer Stolt Sea farm. I morgon sundag er det meldt vestleg vind, saa vi seiler sorover forbi Kapp Finistere. Dei neste 2 dagane er det meldt kraftig soerleg vind. Elles gloymde eg aa fortelje om at eg heiste det irske gjesteflagget daa vi kom til La Corunea. Tragisk! Skal helse ifraa alle saman. Bjarne
Hei på dere!
Kjekt å følge med på turen. Skal snart ha meg en tur til fjells, ma passe linjene forstår jeg. Vi hadde en fin tur til Croatia med campingvogna. No har jeg hatt en uke på Rosendalstunet, det er ikke så verst det heller! Ha det godt alle sammen og god tur videre.
Klem fra Laila & co.
Bjarne her igjen. Vi ligg i Villagarcia i Galicia. Er pa dagstur til Santiago de Compostella. Fam.Solberg reiser heim i morgon og vi set kursen vidare mot ein by som heiter Bayona paa grensa til Portugal. Oh la!!
Hei på dere
Etter siste leserbrev har vi nå på kontoret gått inn i en dyp depresjon..... He he he. Lunsjene er nå i Grete Rhodes ånd. Har figurert ut at vi har litt under ett år å nå match vekta.
Er i feriemodus og teller timer til det blir vår tur. Godt å lese at alt går bra med dere. Kos dere i varmen, og ta "skylappene" på.
Helsing fra
Anne Elin og Astrid
DK Sunnhordland
Hallo!
Du skriv at heile mannskapet var sjoesjuke over Biscaya, det er sterkt overdrive. Ombord i Ida var to av oss ikkje sjuke (dei to yngste)! God tur vidare!
Helsing Helen!
Legg inn en kommentar
<< Home