fredag, juli 01, 2005

REISEBREV 3. OBAN –PORTPATRICK

Hallo igjen folkens! Her følgjer litt oppdatering av av reisa vår. Sundag 27/6 reiste vi ifrå Oban og kursa mot ei lita piktoresk øy rett på nordsida av Mull of Kyntire. Veret var strålande om enn noko kaldt. Suveren vind og medstrøm av ein anna verden. Det er ikkje ofte Fatuhiva loggar 14 knop, men det gjorde ho denne dagen. Det regelrett kokte rundt båten nokre stader. På vegen høyrde vi ikkje mindre enn 3 MAY-DAY. Det var båtar som var gått på grunn medan det fjøra. Skrekk og gru! På spørsmål ifrå redningsbåten om kven som var ombord, svarte førstemann benektande på at det var hund ombord (svært vanleg på desse kantar): ”just Valorie this time, Jim!”
På ettermiddagen kom vi fra
m til ei strålande øy ved navn GIGA. Her budde det færre folk enn på Varaldsøy, men dei hadde hotell og to pub’ar. Ida og Fatuhiva ankra opp for første gong på turen, og det nymonterte ankerspelet fungerte strålande. Takk Kurt!!!
Neste dag var det full fart forbi Mull of Kyntire, og også denne gongen fekk vi ein vanvittig medstraum ei periode. Såg 14 knop denne gongen og. Dette hadde vore noko for Hans J. Berge som alltid klagar på farten. Etter 57 nautiske mil trokla vi oss inn i den livsfarlege havneinngangen til Port Patrick. Her har ein to overrett merke å stole på, elles går det rett på dass. Rett utanfor havneinnløpet går straumen i 2-5 knop på tvers, så her nyttar det ikkje å blingse på merka!
Port Patrick er forøvrig ein av dei finaste landsbyane eg nokon gong har sett. Den er som eit vakkert prospektkort. Sjå på bilete som seinare blir lagt inn. I dag tysdag 28/6 har vi hatt den første verkelege sommardagen. Åsmund og eg jogga oss ein tur bort til eit fyr. På vegen var det ei nydeleg sandstrand der vi tok årets første dukkert (stipulert 16 grader) og eg avslutta med ein dusj i ein bekk som rann i ein foss like ved. Deretter 2 Tennents og eg spør: ”Kan man ha det bedre!” Fritt sitert ein tidlegare nabo. Litt seinare bada Mette på den same stranda. Ho hadde med ei våt truse som bevis!!
I morgon reiser Åsmund til Glasgow for å flyge heim til Bergen tidleg torsdags morgon. Han legg dette brevet ut på nettet på fredag. Vi kjem til å kurse på Irland, og reknar med å vere i Dublin på laurdag.
Helsing alle ombord i Fatuhiva. Skal sikkert helse ifrå familien Helle i IDA også.

Dette innlegget vart lagt inn av Åsmund, etter ei vellukka heimreise med RyanAir og Norwegian.

2 Comments:

At 8:34 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei Fatuhiva.

Kjekt å lesa frå reisa. Gler oss til å mønstra på. Held på å pakka. Reiser i morgon mandag 11.07. Kjem til Newquay i morgon kveld. Her heime har me hatt ei fin veke. Mykje sjø og litt ski. Var på Fonno i går.
No er me klar for havet.

Nina og Per M.

 
At 4:52 p.m., Anonymous Anonym said...

Here all free
free music
free one
free sample
play free game
free cell phone
free xxx
free blog
free slot

 

Legg inn en kommentar

<< Home