lørdag, juni 25, 2005

Meir nytt..

MEIR NYTT IFRÅ FATUHIVA OG CREW

Mette stoppa ved Fort Augustus. Her var det ein slusevakt som skulle skrive opp namnet på båten vår. Eg prøvde å hjelpe han med å stave namnet, men kom skeivt ut og gløymde eit par bokstavar. Så kom den velkjende brittiske humoren: ”That’s the biggest bloody fajita I’ve ever had”! ( Mexicansk lefse med fyll). Elles møtte vi nok ein norsk båt på veg heim ifrå Karibien. Nokre kjekke ungdomar i ”EOS”. Båten var ”pepra” med 20 liters dieselkanner som dei ville bli kvitt, og dei var lei av å sjå ut som eit bloody tankskip. Følgeleg måtte vi kjøpe nokre fleire kanner. Eg har no fått forbod mot å kjøpe meir!! Forøvrig hadde dei hatt eit fantastisk år der vest.
Vi reiste vidare torsdag 23. og kom fram til Corpach ved Fort William utpå kvelden. Dagen etter, på fødselsdagen til Mette, dura vi opp på Storbrittanias høgaste fjelltopp. Vi gjekk først i vel ein time før vi nådde foten av Ben Nevis. Deretter bar det opp i mest 1400 meters høgde over ein strekning på tur/retur 16 km . Veret var brukande, og etter ein stopp i pub’en ved foten av fjellet, var alle einige om at det hadde vore ein strålande tur trass i verkande bein.
Dagen blei avslutta med chinese take-way transportert på familien Helle sine mikrosyklar. Eit komisk syn!!
Elles møtte vi ein anna båt som heitte Ida. Ombord var nokre kjekke karar som kom rett ifrå Vest India. Dei var heimehøyrande i Norheimsund. Skipparen hadde vore båtbyggjar ved fartøyvernsenteret og båten hadde han bygd sjølv. Ei nydeleg listerskøyte på 38 fot!
Etter å ha bunkra opp på laurdag sette vi kursen for Oban. Dieselforbruket so langt rekna eg ut til i underkant av 2, to, liter i timen. Eg er følgeleg svært nøgd med den nye motoren. Vinden var, som så ofte midt i fleisen, så det blei motring utover i omlag 4 timar. Veret har vore bra , men framleis kaldt. Trass i dette såg vi i dag ungdomar som stupte ifrå kaien i Oban. Her ligg vi no og slingrar utapå eit vrak av ein fiskebåt med IDA utforbi.
Fatuhiva er framleis prega av ein del uorden innvendig. Eg har ikkje makta å få alt i system enno.Alle dei elektriske duppedingsane kjem til å ta knekken på meg ein dag. Eg er sikker på at eg har ein 2-3 bæreposar med ladarar, ledningar, batteri og ulike PC-tilbehør. Noko virkar,anna ikkje, og ein del har eg ikkje tort å prøve enno!Internett-kafear er det sparsomt med her borte, og noko trådlaust nettverk har vi enno ikkje vore i stand til å finne. Trøysta får vere at gutane i Listerskøyta kunne fortelja at borti Karibien hadde mange hamner trådlaust nettverk!

4 Comments:

At 9:10 p.m., Anonymous Anonym said...

Eg prøver med ei helsing. Veit ikkje om det når fram. Svar.
Her heime ventar vi framleis på sommaren,- skal koma no i veka er det sagt på TV.
Vi hadde ein vellukka Bøkkerkveld,- god stemning, kjempemusikk og god kystmat.
De var sjølvsagt sakna.
Vi høgtida unionsoppløysinga på ein fin måte med svensken Janne Olsson som frontfigur.No er det ei veke til ferie på meg. Då er det måling og atter måling. Lei vedlikehald ute og inne.
Olav er i arbeid på Trelasten pluss mykje anna innimellom,- villsauer, to hestar, slåttekar og hjelpesmann for både ein og hin.

Sluttar her.
Gje meg ein lyd om helsinga kjem fram. Om ikkje må vi tileigna oss kompetanse, veit du.

God seglas vidare.
Vi har funne fram Atlaset og føl med.

 
At 9:03 p.m., Anonymous Anonym said...

Hallo sjøfararar!

Ei helsing frå eit kjøleg Sunnmøre. Har lese meg gjennom sia. Det ser flott ut. Vi hadde oss ein helgetur til Sogn og vitja gamlefolket. Ikkje sommar der heller. Men no blir det visst snart. Håper de får ein fin tur vidare. Vi følgjer med i spenning!
Marit og Geir

 
At 11:54 a.m., Anonymous Anonym said...

Ej følle me i spenning! Helde fortet i oslo, og merka savnet etter mannskapsmedlemmen Marte... Dei fleste her i nærmiljøet e no fullstendig oppdatert på ferden, og her vanka både beundring og ikkje minst godlynt misunnelse (vi vil også på tuuur..hehe)Spørs om ej må mønstre på over nyttår ;0)

ha det fantastisk og trygt, masse lykkeønskninga fra Line, fan i oslo

 
At 4:14 p.m., Anonymous Anonym said...

Sidan eg ikkje har med koden til mi eiga side, faar eg ta ein kommentar her. Vi har vore her i Dublin eit par dagar. Vi held til i ein marina i Howth nord for byen. Ein skikkeleg snobbeplass, men veldig fint. Veret er tolleg bra. Marte og Anne reiser heim grytidleg maandagsmorgon. Vi andre held fram sorover til Wicklow og Arlow. Kryssar deretter Irskesjoen igjen og har tenkt oss til Milford Haven. Skal vera i Falmouth paa sorkysten seinast fredag 15.juli. Alt har gaat veldig fint hittil, og vi er ved godt mot. Vi har berre eit aar igjen med ferie!! Bjarne

 

Legg inn en kommentar

<< Home