mandag, juli 11, 2005

REISEBREV 4. PORTPATRICK-DUBLIN-ARKLOW 05.07.2005

Hei igjen! Nett no ligg vi for første gong ”værfaste”i ein by som heiter Arklow. Plassen ligg omlag 70 km sør for Dublin. Det har regna og blese opp i stiv kuling i kasta, og vi har for så vidt god tid, difor forlengar vi opphaldet her med ein dag.

Attende til Port Patrick. Vi forlet landsbyen 29/6 og kursa på ein liten by som heiter Ardgrass i Nord Irland, omlag 50 nm distanse over Irskesjøen. Rett utfor hamneutløpet vart det litt hektisk stemning. Med vind oppi liten kuling og straumsjø vart det ein brå overgang ifrå slaraffenlivet i land. Mette var sterkt indisponert etter å ha vorte matforgifta kvelden før, så ho låg strøken under dekk. Brått oppdaga eg at dørken på toalettet var fylt av ei skvalpande brun væske med noko som likna ufordøyde gulerøtbitar i. Svarte, eg hadde gløymt å tømme septikktanken og no i den kraftige krenginga fekk eg overløp ifrå tanken og ned i toalettet. Skit happens!!
Det roa seg fort ned og vi fekk ein fin seilas over til Ardgrass.

Vi reiste vidare sørover alt neste morgon ( eg var knapt på land) for å få mest mogleg tid i Dublin før Marte og Anne skulle flyge heim den 3.juli. Fatuhiva stemna inn i den fasjonable yachthavna i Howth, eit skikkeleg fint snobbestrøk i den nordlege utkanten av Dublin.Dei fleste båtane i havna hadde lokale eigara,lite gjestebåtar.Fikk kontakt med mannskap på ein nabobåt ,skottar som kom fra Kroatia .Dei lurte på om Bjarne var pansjonist.Stakkaren visste ikkje om det var utseende eller det at han såg ut som ein eks-velhavande forretningsmann som gjorde at dei spurte om dette. Resten av mannskapet forsikra han om at det sjølvsagt var det siste.Dublin såg vi fra toppen av ein buss med ein rappkjefta guide,og bryggeriområdet til Guinnes var imponerande stort.Men det eg vil huske fra området var festivalen som denne helga var i Howt.Litt ”gamle Uskedalsdager” med lokale kunstnere (lurte plutselig på om Riise fra Rosendal var der –fine trearbeid men sjølvsagt ikkje såå fine) Det heile kuliminerte i Riverdans-opptreden av unge og eldre ,sekkepipemusikanter og Irlands mest kjende boy-band .Vi fikk med oss alt!! Klippeturen ,der det sto ”dangerous”rundt kvar sving var flott.Besøk på The Pier-pub var og ein opplevelse.Fire mannfolk satt i ein krok og underholdt på banjo,tromme og to gitarer,dei laga skikkeleg stemning!.Gamlefar,ca70 tok seg av den tradisjonelle ”folkemusikken”. Men da den yngre garde satte i gang med -80,-90-talls musikk kunne han jammen alle tekstane der og ,imponerande!.Anne,dreven segler blitt, og Marte forlot oss (trur turen ga meirsmak hos begge –håper vi ser dei seinare på turen). Vi segler så ut fra marinaen men først er det diesel-fylling.Båten vår har ikkje baugpropell så i vind kan vi ha problemer med å legge til. Låg utfor ”Ida” og vi kaster loss og alt er klart til ny seilas-TRUR VI !- Bjarne roper at giret har hoppa av vi stresser med for lange og for korte tau og ser for oss båten ”på sjølvstyr”. Det er da Bjarne seier:” Eg har jo ikkje starta motoren”. Stor latter!! (Forklarer det med at han hørte ”Ida” sin motor og trudde det var vår). Flott seilas til Arklow,ein liten industiby .Her har vi bunkra og gjordt forefallande arbeid.Banken her ville ikkje ta i mot dei norske kronene til Arild, seier det noko om statusen til Noreg i dette landet?
Herfra reiser vi til Kilmore Quay ! Håper å vere i Falmouth ca 12.07.



REISEBREV 5. ARKLOW-KILMORE QUAY-PENSANZE

Vi skriv i dag sundag 10/7 og vi ligg i ein nydeleg liten by som heiter Pensance, på sørkysten av England, like austom Lands End. Byen ligg berre omlag 30 nm ifrå Falmouth, som vil vera vårt utgangspunkt for vidare reise sørover. Veret snudde om i går, og det klar himmel og varmt og godt, endeleg!!

For å rekapitulere litt. Ifrå Arklow og til Kilmore Quay hadde vi ein kjempeseilas. Straum og vind med, og med kast oppi stiv kuling feia vi unda 50 nm ganske raskt. I denne hamna trefte vi to norske båtar som var på veg attende ifrå Karibien: TOMBA (Bergen) og CON AMORE (Halden). Den siste båten hadde vore vekke i 3,5 år, av desse hadde dei surra rundt i Karibien i vel 2 år!!! Alle hadde berre godord å sei om turen. Negative ting vart ofte blåst opp og overvurdert av nokre og i pressa.
Etter 2 dagar her sette vi kursen hit. Distansen var 150 nm, altså ein liten Shetlandstur. Vi starta på formiddagen og brukte nøyaktig 24 timar over havet. Trafikken om natta var større enn vi var vane med, så det blei kikka hyppig i radaren for å avgjere om her var kollisjonskurs. Diverre var det mest ingen vind, så motoren surra og gjekk heile tida. I følge mine notater har vi no segla 900 nm, berre omlag 12.000 igjen før vi er heime igjen!

Attende til Pensance (sjå på kartet). Denne hamna har ein port ved inngangen som kun er open rundt flo sjø. Elles er den lukka og held vatnet inne i hamna når det fjørar. Det er kjekt for her er det frå 5-7 meter skilnad på flo og fjøre. Då vi kom her igår måtte vi ligge i ei bøye utforbi i 5 timar for å vente på at porten skulle opne seg.
På innsida av oss her ligg eit interessant par og ditto båt. Det er snakk om ein 25 år gammal katamaran i tre. Borda er som på ein oselvar. Dei er på vår alder og har seld alt for å reise rundt på måfå!! Ho er kunstnar og malar bilete som ho kan selja på turen. Han er opprinneleg australier som tydeleg kan kunsten med å slappe av og gjera minst mogleg. Han hadde også reist rundt i ungdomen og sa at det tok omlag eit halvt år å lære seg å gjera minst mogleg og svært avgrensa planar. Mi røynsle er vel at nokon ikkje har problem med ei langt kortare aklimatiseringstid! Personleg er eg no snart nøgd med å skruve inn ein skrue pr dag!

No kan eg ikkje lenger sitje her inne i båten, men må komma meg på badestranda for første gong og likeins finne ein internett-kafe for å få dette avgårde. Har framleis ikkje vore on-line i båten. Skal helse ifrå ei ”heit” Mette!

Med helsing Bjarne

1 Comments:

At 8:13 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei Fatuhiva!
Det er onsdag 12 juli her, og vi har hatt minst ei veke nå med 30 graders varme. Fint for meg på Jessheim, for eg har tjernet like ved, og der er det sikkert 25 i overflata. Eg har ikkje gjort noe anna enn å lese og førebu meg til hausten. Så tar eg noen treningsturar på sykkel, til fots, eller i kajakken. Var ein sveiv innom Kongsberg jazz i helga, og skal til Molde neste veke. Etter det får eg bite tennene sammen og kjøpe beis til naustet. Til det med å endre vanar; eg savnar studentlivet! Føler meg litt meir pressa nå. Til det med å vere fornøgd med å skru i ein skrue; pass på! Håper de får teinten i orden før Biscaya. Den blir vel ny relord i open sjø? Ha det godt.
Kjetil.

 

Legg inn en kommentar

<< Home