fredag, juli 15, 2005

Falmouth


REISEBREV 6 - FALMOUTH- 14/7-05


Hei igjen! Mette steikjer og brasar på irsk kjøttdeig som er gått ut på dato for 4 dagar sidan, irske ballader ifrå cd-anlegget. Musikk omtrent som fløyte for øyra. Eg trur irane må vera noko av det mest musikalske folkeferdet som finst.
Per Solberg og eg har nett teke oss ein pikyrande liten cognac for å feire at vi faktisk har arbeidd minst 5 timar i båten i dag. Det er langt i overmål, vanlegvis er eg nøgd om eg får sett i ein skrue pr. dag. Vi har skifta bluss i kokeapparatet, montert ekstra vasstank, kuleventil for å hindre retur av septikk, rydda i kart, kjøpt kart og sikkert mykje meir. Einaste skår i gleda er at vi har fått klorsmak på kaffivatnet etter litt hard kloring av ledningsnettet. Men det vil vel gi seg på sikt!!

Vi har no vore her i Falmouth i 4 dagar. Eg seier berre: for ein plass, for eit ver! Endeleg kom sommaren, 30 grader, ein liten bris, badestrand så og seie rett i byen, berre gamle fine hus, svære båtutstyrbutikkar, kartbutikk, alle slags kebab-sjapper og take-away, restaurantar for kvar 10. meter, pub’ar for kvar 5. meter med øl som kan minne om det vi bryggar i Dønhaugkjellaren. Kan ein ha det betre? Området ville ha vore eit eldorado for Mattilsynet i Sunnhordland. Arne, burte ikkje vi ha opna ein filial her nede med alternering av personellet?

Elles treffer vi utruleg mange rare og orginale typar. Nokre av dei seilar heilt alleine i gamle båtar utan radar. Ein hadde forlovede som venta på Trinidad. Vi får berre håpe at ho har tid til å vente så lenge!
Ein engelskmann drog kjensel på stickermerket som sa at vi skulle seile ARC-regattaen. Han kom heim i fjor, og angra på at han ikkje skulle reise i år også. Men neste år skulle han sikkert avgarde igjen. Makan til sosial oppleving hadde han ikkje vore borti. Vi måtte berre passe på ikkje å vere forseine til Las Palmas. Sist var han der i 6 veker før start, og det var i minste laget. Parties kvar einaste kveld! Sjølv var han pensjonert og kjeringlaus, så han gjorde nett kva han ville.

I morgon kursar vi sørover. Anten direkte til La Coruna i Spania eller først ein liten svipp innom Camaret sur Mer, like sørom Brest i Bretagne. Dit er det omlag 130 nm, mot 450 til La Coruna. Tek vi lengste strekket blir det 3-4 døgn i sjøen. No er vi langtur- modus og får sjå kva manjana bringer.

Skal helse ifrå Nina og Per Solberg ifrå Enæs samt kjøttkontrollør og byssesjef Mette.


Sjefsnavigatør Bjarne

4 Comments:

At 6:34 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei.
Er oppdatert med Falmouth nå, og sender ei lita helsing før de forlet delvis kjende farvatn.
Det er fint å registrere at stemninga er god.Men det blir vel meir stress nå når spanskbøkene må fram. Eg tar ein tur til Molde neste veke. Det er 30 år sidan eg var der på jazzfestival sist!!
Etter det får eg bite tennene sammen og knipe hendene rundt ein målarkost på naustet. Eigedomsbesitterane si svøpe: vedlikehald. Kvar finn eg ein polakk? Etter det er det jazzkurs som i fjor, og så planlegg eg ein Finnmarkstur etter det. Det er noen områder der som eg ikkje har dekka. Tar fly opp og leiger bil.
Samstundes er det ein festival i Vadsø. Så det skjer da noe, om enn lite dramatisk. God tur vidare!
Kult med nettet!!
Med helsing Kjetil.

 
At 12:11 a.m., Anonymous Anonym said...

Hei på dere!!
Endeleg e førstereisen på nett òg. Det e ikkje berre mob'en som svikta. But here I am!! Satte sjøbein i fleire dagar etter heimkomst. Ei fantastisk oppleving som kjem tilbake i stort mon no når bilda frå turen visast. Her i Sogn har vi no gått inn i skodde-modus att etter å ha nytt sola i nokre dagar. Aashild og Ola mottar stor gjeng på godset i Lavik i helga og Caroline tek seg ein helgetur til Trondheim. Pappa kjem seg rundt med krykker, ganske trasig i hyttesesongen, men det går framover. Tolmodighet må til og det kan det vere smått med. Men dei står på. No får dere kose dere vidare. Skal slett ikkje sjå vekk fra at eg dukka opp igjen, men trur det må bli noe slusing. Det var i grunnen det eg fekk taket på. Nyt sola, sjøen, friheten, vinen og alle opplevelsane dere får. Skal prøve å melde oftare no.
Klem fra Anne!

 
At 1:26 p.m., Anonymous Anonym said...

hei igjen.
Eg har kikka litt på kartet og datoar med tanke på tur i haustferien som altså er veke 40, frå måndag 3 oktober. Etter planen er de då i havet mellom Madeira og Kanariøyane. Viss eg og mor skulle komme nedover, så måtte de enten vente på Madeira, eller komme før til Kanari. Personleg fristar det meir å reise til Madeira, men der har mor vore før.?? Tenk over det.
Eg tar dette opp med mor når eg kjem dit i slutten av kommande veke.
Bon voyage. Kjetil.

 
At 10:34 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei!
Verkeleg bra å kunne følgje med på reisa. Her i Borgund er det mindre både med godver og øl. Korleis melder ein seg på som mannskap? For oss kunne det passe i januar eller februar. For tida ligg vi i trening, i trong camingbil. Men vi undrast på kor mykje verktøy og skruvar ein må ta med?
Helsing Hilde og Kåre, som nettopp er blitt besteforeldre til tvillingane Ingvar og Sigve.

 

Legg inn en kommentar

<< Home