onsdag, mai 31, 2006

Antigua, St. Kitts, Statia, Saba og St. Martin

REISEBREV 21. ANTIGUA, ST.KITTS, SABA OG SINT MAARTEN

Det er eit engelsk uttrykk som heiter ”long time, no see”. Til mitt forsvar får eg sei at eg har lagt innpå mange fine bilete i mellomtida, også med skriftlege kommentarar.

Vi kom altså til English Harbour på Antigua 8/4. Denne øya høyrer også med til det britiske samveldet, men er meir ”utvikla” og turistifisert enn ein del av dei andre tilsvarande øyane. Men eg vil med ein gong slå fast at det er langt ifrå fransk standard både på den eine og den andre måten. Antigua har ingen høge fjell og får relativt lite nedbør, noko ein raskt ser på den spesielle vegetasjonen. Aldri har eg sett så mykje kaktus. Likevel, geiter fann ein over alt! Det blir påstatt at ho har like mange sandstrender som det er dagar i året, og det held eg ikkje for usannsynleg.
Som eg nemnde i forrige reisebrev er English Harbour og nabohamna, Falmouth Harbour, svært kjende i båtkrinsar. Sjå på bileta som eg har lagt inn tidlegare så vil de skjøne kvifor! Dei er også sete for dei kjende regattane, Antigua Classic og Antigua Sailing Week. Den siste skal vera den femte største i verda. Skal koma attende til dette.
11/4 segla vi opp på vestsida av øya, til Jolly Harbour. Reklamen seier at dette er den største ”man made” hamna i Karibien. Eit svært mangrove-område er grave ut og knytt til havet med ein kanal. Innanfor er det øyar og små kanalar. Langs desse kanalane er det leiligheiter med eigne kaier, diverse restaurantar og serviceverksemnd, samt ein stor moderne matvareforretning og sjølsagt eit endå større kasino! Området er i stadig utvikling, og her kunne ein få kjøpe tomter ifrå 500.000 til 4 mill.

Etter først å ha ankra utanfor hamna, gjekk vi inn i marinaen for å ta imot amerikanske gjester som kom på vitjing. Mary Ellen og Suzie er slektningar av meg som eg har hatt mykje kontakt med opp igjennom åra. Begge er enker, og Mary Ellen mista ektemannen av kreft berre tre månader før. Ho er verdas kjekkaste dame, men har vore noko uheldig med bl.a. helsa til ektemennene. Dette var nr. 4, og det er berre den første som framleis lever.
For dei av lesarane som måtte vera mjølkeprodusentar, kan eg nemne at den yngste, Suzie, arbeider på farmen til faren i California. Dei har 3500 mjølkekyr og 7-8000 storfe totalt! Eg seier ikkje meir. Ho er sterkt på utkikk etter ein ny ektemann!
Desse ”jentene” er berre utruleg kjekke og humoristiske, og vi lo ifrå morgon til kveld i 4 dagar. Vi må berre bort å vitje dei om ikkje alt for mange år!

19/4 sette vi nasen sørover igjen til English Harbour, og vart verande her til 3. mai. Vi venta på nytt mannskap, og tida fordreiv vi med å sjå på seglbåtar og folk i alle variantar, gå turar i området, samt surfe på wireless internett i båten. Eg har lagt inn fleire bilete av spesielt dei klassiske båtane tidlegare. Ein restaurant/pub-eigar fortalte meg at han kvelden før hadde vore litt flau for å presentert rekninga for ein av desse båteigarane. Følgjet var på 15-20 personar, og med rikeleg champagne kom ho på 65.000kr. Han blunka ikkje ein gong, og fortalde at for han kom denne segleveka på 2,5 mill.. Slik er livet; utruleg med utgifter!

1. mai var ein stor dag. Då kom Atlanterhavsmannkapet, Jan Berntsen ifrå Uskedalen og bror min, Kjetil, pt. Romerike Folkehøgskule på Jessheim. Desse var klare som egg for å syge til seg mest mogleg av Karibien før ein utålmodig skipper kommanderte dei i Austerveg. Vi var svært glade for at dei ville vere med, avdi det synte seg at mannskap til slike havstrekker ikkje akkurat vaks på tre! Og det har eg full forståing for!
Eit par dagar etter reiste Mette heim til gamlelandet via London. Det var vemodig at ho forlet skuta etter kontinuerlege 10 ½ månad ombord, men vi (dvs. eg og båten) får trøste oss med at ho er ombord igjen og tek styringa om nokre få veker, i Irland. Det blir ikkje det same med berre mannfolk ombord!
4/5 segla vi karane nordvestover i retning ei lita vulkansk øy som heiter Nevis. Vinden snudde brått om, og det var uråd å ligge i hamna der. Heldigvis var det kort veg til neste øy, St. Kitts. I skyminga ankra vi opp i ei fin, skjerma bukt på sørsida. Neste dag for vi opp til ”hovudstaden” Basseterre. Denne byen er bygd av franskmennene i si tid, men kom under britisk kontroll seinare. Bygningsmassen ber tydeleg preg av fransk bakgrunn. Hamneområde var sterkt utvida i det siste, her skal det bli frihandelsområde for cruisepassasjerar. Vi fann ikkje mindre enn 12 kjempestore gullsmedforretningar inne på eit svært avgrensa areal. Butikkane hadde rikeleg med ekspeditørar, men vi såg ikkje ein einaste kunde på dei to dagane vi låg der! Heller ikkje noko cruiseskip då sjølsagt. Det heile verka aparte, og eg har ingen tru på at dette kjem til å løne seg.
Vi hadde sett for oss ein jernbanetur rundt øya, fottur opp til vulkanen på 12-13 hundre meter, men den gong ei. Skodde og regn heile tida gjorde at vi rømte opp til naboøya i nord, Statia. Det såg nemleg noko lysare ut oppe der.

Statia er ei lita nederlandsk øy, der byen heiter Oranjestad. Bebyggelsen var typiske nederlandske dokkehus. Knapt nokon snakka anna enn engelsk sjølv om skilt og oppslag var på nederlandsk. I tillegg til US-dollar var gylden gangbar valuta. På veg opp til hamna la vi merke til ein kjempestor pier nord for byen. Her og lenger ute låg det fleire store supertankarar. Vi kunne ikkje fatte dette, men fekk seinare forklaringa:
Ein eller annan kakse hadde investert i eit kjempestort tankanlegg på land, samt eit raffineri som fjerna svovel. Olje vart så i store mengder kjøpt på spotmarkedet og lagra her i påvente prisoppgang. Den svovelrensa råolja selde dei som drivstoff til tankskip i området.
Veret var framleis ikkje bra, men vi kom oss då opp på vulkanen her i det minste. Den låg på 5-6 hundre meter. Sikta var ikkje spesielt god, men det var ein framifrå trimtur. Utpå kvelden trefte vi på to amerikanske par, og vi enda opp ved same bord på ein familierestaurant med svært personleg preg. Maten var både god og billeg, og for første og truleg siste gong kom vi ut for at gjestene forsynte seg i baren sjølv! Spesielt eine amerikanaren vart meir og meir høgrøsta, og då han fekk høyre at bror min var heile 51 år, ga han seg ende over. Han påstod at Kjetil såg ut som han ikkje var ein dag over 35, og at om vi reiste over til ”sosseøya” St. Barts ville han få supre damer etter seg i hopetal, og følgeleg store problem med ikkje å ”get laid”, og det gratis! Han nemnde ikkje noko om oss to andre, og vi trekte oss slukøyra attende til båten. Det vart ingen tur til St. Barts, og Kjetil fekk nøye seg med eit par dykkarturar.

8/5 hengde vi oss i ei bøye utanfor det som skulle minne om ei hamn på naboøya Saba. Dette var ei endå mindre nederlandsk øy. Det var bratte skråningar over alt opp mot vulkanen på 860 meter. Folk budde oppe i høgda, dei fleste i to landsbyar med dei litt uvanlege namna, Bottoms og Windwardside. Det fanst ikkje ei badestrand på øya, og hamna kunne ikkje brukast i noko slags dårleg ver. Vi låg og rulla noko usannsynleg i ei natt. Det fekk vere nok. Men likevel, sjølv utan hamn hadde øya hatt tradisjon for å ha mange sjøfolk og store handelsfartøy. Eg vil presisere at det også var 3-5 hundre høgdemeter opptil busetnadane og at vegane hadde ei ”sinnsjuk” stigning. Her overlevde ingen med overvekt og slakke sener, før i tida.
Det var mykje turistar på øya. Dei fleste trur eg nok dreiv med dykking, medan andre gikk fjellturar og nytte livet på ei svært avsides og roleg øy. Sjølv om vi var i kort tid på øya kom vi oss opp på vulkanen og fekk sett det meste. Som ein kuriositet kan eg nemne at på Bottoms var det ein ”legeskule” for fire, 400 studentar! Skulen tok seg av dei to første åra av medisinstudiet. Plassen er på storleik med Matre, så her kan ein skjøne at det blir konsentrasjon om studiene. Ingen Cafe Latte på hjørna her nei!

9/5 på ettermiddagen kryssa vi over til Simpson Bay på Sint Maarten. Øya er delt mellom nederlendarar og franskmenn. Dei siste og dei fleste kallar øya St. Martin. Ho har i mange år vore populær som frihandelsområde, spesielt blant amerikanarar. Det gjeld vel og merkje den nederlandske delen. Anten ein kallar ho det eine eller andre, er ho fin med mange flotte hamner for seglarar. Vi hadde lita tid då vi var der og fekk sett for lite.
Innanfor bukta ligg det ei kjempestor naturleg lagune med eit kanalliknande innløp. Her var det ei traffikert bru som opne berre tre gonger om dagen. Før vi kom så langt hadde eg pumpa opp zodiakken for siste gong for å vitje kollegene mine i byråkratiet. Etter halvannan times venting fekk eg audiens hos immigrasjonen. Vel attende i hekken på Fatuhiva skulle eg lyfte opp påhengsen. Dette hadde eg gjort eit uttal med gonger før. Merkeleg nok, siste gong tok eg utruleg nok overhaling av ei bølgje og det bar overbord med tre pass og ei tjukk mappe skipspapir. Som ved eit under greidde eg i ei siste krampetrekking å få slengt påhengsen ombord igjen utan at han vart våt. (PS.Eg hugsa kor mykje arbeid det var sist han var nedsøkt). Dei kule solbrillene mine havna på havsens botn, og trass i mykje dykking fann vi dei ikkje igjen. Eg hadde hatt dei mest eit år og dei kosta berre 12 pund i Falmouth, men som sagt dei hadde høg affeksjonsverdi.
Vel inne i marinaen, vart turen lagt til Budget Marine der ny jolle blei innkjøpt. Den gamle har eg beskrive i fleire lesarbrev, men ho hadde fallert ytterlegare. Etter 20 år var ho bokstaveleg tala i ferd med å gå opp i liminga, og det lak luft og vatn eit utal plassar. Med den nye taua vi den gamle bort til ein container på land. Innkjøpt av min avlidne far i 1986, hos Berge og co i Bergen. Siste kvilestad: Fylling på Sint Maarten.
Ingen tårer blei felt!
Sidan eg no er inne på utslitne ting. På siste sykkelturen min attende ifrå immigrasjonen kom det svært stygge lydar ifrå navet. Det var tydeleg at alt sjøvatnet no endeleg hadde teke tabben på sykkelen. Eg sette han ulåst oppe ved hovudvegen, og neste dag var han borte før eg fekk fotografert han. Good Luck, seier eg! Orsakar, Mette. Det var jo di 50 års gåve frå venninnene.

Det vart handla inn mat og det vart bunkra. 450 liter diesel og liknande med vatn. Det er snakk om ei havstrekke på 2200 nm der ein kan vere uheldig å kome inn i svært store vindstille parti. Ein god skippar må ta høgde for slikt, og ta inn dobbelt så mykje som ein reknar med å bruke.
13/ 5 kl. 10.00 tøffa vi ut av hamna, og den siste båten vi passerte der var Sylvester Stallone sin megayacht. Sjølsagt med eit unseleg lite sølvfarga helikopter på dekk.

Sjølve turen skal eg skrive om seinare, men eg kan røpe sopass at dette blir skrive 148 nautiske mil ifrå målet. Det er havblikk, og turen har gått over all forventning!
Men sjølsagt: ingenting er som landkjenning etter nokre månader på sjøen!
Beste helsing alle tre ombord i Fatuhiva.