mandag, mai 01, 2006

MEIR BILETE IFRÅ ANTIGUA












Vi ligg framleis i English Harbour på Antigua, men i morgon kjem Kjetil og Jan, det nye Atlanterhavsmannskapet. Onsdag morgon seglar vi opp til Jolly Harbour der dei amerikanske damene vitja oss. På ettermiddagen seier Mette takk for seg i denne omgang, og det blir rart etter 10 mnd. ombord. Torsdag set vi kursen for nordlegare øyar. Dei siste dagane har det vore og er framleis seil-regattaer i området og vi legg inn ein del bilete. Den store norske båten heiter Sincerity og er litt av ei perle. På eit av bileta kan de skimte Monserrat i bakgrunnen, der ein faktisk ser dampen ifrå den aktive vulkanen. På siste bilete(eller blir det første?) driv eg med litt finsnikkering for å verne den nye autopiloten, vel og merke utan vinkel og skikkeleg sag, men med rikeleg sikaflex som de ser av armbandsuret. Utan sikaflex hadde eg ikkje reist på sjøen! Elles er det ein litt rar stemning no, omtrent alle norske båtar har reist heimover allereie, nokon er faktisk alt på Bermuda, feks. Hurra, Noravind, Vanvara m/fleire. Jørgen og Anne i sistnemnde gifta seg på Cuba. Ikkje verst!
Beste helsing Mette og Bjarne

1 Comments:

At 9:02 p.m., Anonymous Anonym said...

Kjære Mette & Bjarne...

vi bur 75 meter frå marinaen i Ponto Delgado på São Migell.

Skal du innom på vegen heim? Vi er nok forlengst heime tlil den tid ;-)

Vi har ein flott ferie i flotte omgjevnader. I dag har utflukta vore på seint spasserande bein. I morgon tek vi ein busstur på måfå. Det brukar å bli like vellukka som dei planlagde turane.

Vi er her til den 15. Mai.

Jorianne&Arvid

 

Legg inn en kommentar

<< Home