mandag, april 10, 2006

Reisebrev 20. Martinique- Guadeloupe

REISEBREV 20. MARTINIQUE- GUADELOUPE

Vi skriv i dag 10. april og vi er ankra opp i English Harbour på Antigua. Det tek til å dra seg til mot ei endå lengre Atlanterhavskryssing, men det skal vi kome attende til i neste reisebrev.
På kvelden 9. mars sette vi kurs for Grenada og hadde ein suveren nattseglas. Det gjekk som på ”skinner” og snittfarten var 7 knop over grunn. Følgeleg kom vi fram i svartaste mørkna, og då dei færraste oppankra båtane viste påbode ankerlanterne vart det litt spaning med å ta seg inn til Prickly Bay. Litt utfordringar høyrer med!

Berre etter få timar sto båten trygt på land og var klar for botnsmurning. Men så kjem spørsmålet: Kva skal ein ha på? Med ein literpris på 500 kr. er det viktig at det nye botnstoffet blir hangande på og ikkje reagerer kjemisk med det gamle. Spør ein om noko er det omtrent som å rope ut i skogen. Det enda med at eg smurte på ein ”membran” først, og eg skjønte raskt at dette kom til å bli lite vellukka. Han turka jo aldri skikkeleg! Støttene sette merker, for ikkje snakke om dei svære stroppene til kranen då eg skulle ut igjen. Men skitt la gå, det har ikkje grodd hittil, og det er ikkje så mange andre enn meg sjølv som inspiserer under vannlinja.

I Prickly Bay trefte vi etter lang tid igjen våre kjære vener i Freedom, Clas og Helmi. Dei var som vanleg i strålande humør, og kunne ikkje få fullrost sin nye ”dingy”. Den gamle vart jo stolen berre etter eit par dagar i Karibien.. Etter lang tid hadde dei vore heldige og fått tak i ein ganske ny med motor til innbrotspris. Vi hadde fleire koselege måltid og stunder i lag før vi skilde kurs igjen. Clas hjelpte meg med båten og Helmi kokkelerte Uheldigvis vart bileta ifrå denne perioden sletta ved eit mistak.

14. mars segla vi til Tyrrel Bay på Carriacou, dette i eit bygevær av ei anna verd. Fossregn og vindkuler oppi 20 sekundmeter.
Allereie neste morgon for vi vidare nordover, og det enda med at vi segla heilt opp til Rodney Bay på St.Lucia i eit jafs. Her ankra vi opp i 2 tida på natta etter ein ”kremseglas” med høveleg vind og medstraum. Etter berre 5 timar stopp heiv vi i gang igjen og var framme i Le Marin på sørspissen av Martinique på føremiddagen 16. mars. På strekka ifrå Grenada til Martinique hadde eg ikkje vore innom eit einaste toll- eller immigrasjonskontor, og vi hadde følgeleg spart pengar og irriterande tid med byråkratiet!

Møtet med Martinique vart ei ny oppleving. Dette var Frankrike. Her var det EU-standard og prosjekt. Her var det infrastruktur og vegnett utan eit hol! Her var det kort og godt orden i sysakene. Det forbausa meg i grunn at tollaren ikkje eingong ville sjå i passa! I motsetnad til engelskmennene så var det ganske openbart at franskmennene måtte ha eit heilt anna og liberalt syn på det å spre genene sine blant lokalbefolkninga.
Her var det alle variantar av brunt, og etter mi meining mykje vellukka blanding. På fagspråket kallar vi det kryssningsfrodigheit!
Marinaen vi låg i hadde 600 plassar og var hovudbasen til fleire båtutleigefirma. I all hovudsak var det snakk om katamaranar, utleigd med og utan mannskap. Av dei andre båtane var mest alle var franske, og vi såg som vanleg mange håplause ”rustprosjekt” med potteplanter og hund. Uheldigvis vart desse bileta også sletta.
Etter 4 dagar her inne gjekk vi nett utforbi og ankra ved den koselege landsbyen Sainte Anne. Endeleg gjekk det an å bade igjen. Dette har vore det beste med heile turen, det å kunne hive seg uti i 28-30 graders reint vatn når ein måtte ha lyst, og det er veldig ofte! Det å ta ein snorkletur og sjekke anker og andre tilhøve under vatn. Herleg!
Her fekk vi også ny kontakt med ein anna norsk båt , Babette. Ombord var Ørnulf og Shannon, eit svært kjekt par ifrå Flekkefjord. Ørnulf var nypensjonert ifrå administrasjonen i Tinfoss og hadde stått som ein påle til 67. Shannon var opprinneleg amerikansk, men hadde budd i Noreg sidan midten av syttitalet.
Vi leigde bil saman eit par dagar og syntest vi fekk sett mykje av øya.

Etter vår meining har franskmennene vald ut mange av dei beste øyene ifrå naturen si side, og desse har dei ”kultivert” og utnytta på ein heilt annan måte enn engelskmennene. Dei har gjort dei om til delar av Frankrike samstundes som dei har teke vare på ein god del av det opprinnelege. Øya har alt ifrå høge vulkanske fjell, meir småkuperte område og regelrette sletter. Det er mykje jord- og hagebruk, samt tradisjonelt dyrehald. Dette gir eit frodig kulturlandskap som kan minne om Europa. Fullstendig ulikt dei andre øyane vi hadde vitja hittil.
Ved byen St. Pierre steig det opp eit vulkansk fjell på omlag 1300 meter som vi sleit oss opp på (PS. Starta på 800). I 1902 eksploderte dette fjellet med tragiske følgjer. På den tid var byen hovudstad på Martinique og rekna for Karibiens Paris. 30.000 omkom då ei superoppheta gassbølgje råka busetnaden: Berre to personar overlevde og dei sat i eit solid fengsel. Til og med 13 store seglfartøy ute på vågen tok fyr og sokk. Dei hadde fått mange ”åtvaringar” ifrå vulkanen på førehand, men ingen tok ansvar for å starte evakueringa av ein så stor by.
Seinare var vi på ein fottur igjennom noko av ein regnskog. Generelt kan vi sei at mykje av øya var svært frodig. Mange fine hagar og høg husstandard var noko vi med få unntak hadde sett lite av tidlegare. Kort og godt mykje fint å sjå!

Då vi 28/3 segla vidare mot Anse Matin, ei flott bukt like ved hovudstaden Forte de France, kom vi midt opp i ein regatta av lokale opne tradisjonsbåtar. Leiaren tok overhaling og vart fylt med vatn. Vi såg berre overkroppane på 11 mann som ausa for livet. Under bidevindsseglas hang det meste av mannskapet som levande ballast på stenger ganske langt utifrå skutesida. Typisk risikosport!
Neste stopp vart havna i St. Pierre der vi igjen trefte Anders og Ann Kristin i Lovisa, begge med ei herleg skånedialekt. Det vart to muntre middagar i lag før dei for sørover i retning Trinidad, medan vi held fram nordover.

30/3 ankra vi opp i Portsmouth på Dominica. ”Welcome to Paradise”, sa første boatboy’en. Rett etter fekk vi besøk av ein 3-4 andre som skulle selja alt ifrå elveturar til dårlege bananer. Eg likar ikkje å vere uhøffleg og svare for mykje nei, så det enda med at vi stakk ut neste morgon utan å ha sjekka inn. Kanskje gjekk vi glipp av paradis, men den sjansen var vi viljuge til å ta. Og iallefall snytte vi igjen byråkratiet!
Etter berre 4 timar kom vi til nokre småøyar som heiter Les Saintes. Desse er sjølsagt franske og høyrer til Guadelope. Ei nydeleg naturhamn og ein Kardemommeby som boktaveleg tala krydde av turistar. Aldri har vi sett større tettleik av scooterar enn her. Desse kunne du leige i annakvart hus og erstatta bilar, som det absolutt ikkje var plass til. Saman med Babette hadde vi eit fint opphald her, men etter 2-3 dagar lokka Guadeloupe.

Etter nok ein ”kremseglas” kom vi 4. april til marinaen i Point a Pitre. Denne hadde ikkje mindre enn 1000 plassar. Franskmenn overalt, samnt nokre amerikanarar. Her som på Martinique leigde vi bil saman med Ørnulf og Shannon, men vi var uheldige med sight-seeing været. Først på dagen var det kraftige regnbyger med sterkt redusert sikt. Absolutt ikkje ein dag for vulkan-klatring! Likevel vil eg sei vi fekk sett ein god del på 25 køyrde mil. Ma. vitja vi ein fabelaktig naturpark der vi også fekk høve til å klatre i dei store trea. Nett som i barndomen! Til og med Mette, som påstår ho har høgdeskrekk, var veldig ”oppesen” og gjekk friskt og freidig rundt på skjelvande hengebruer oppe i trekronene.
Konklusjonen er vel mykje den same som på Martinique. Her er ein i tropisk Frankrike!

Laurdag 8. april kl. 04.00 sto vi opp for å ta ein kanal tvert igjennom Guadeloupe og ut på nordsida. Her var to traffikerte bruer som kun opna ein gong om dagen, kl 05 og 05.30. På nordsida var det eit parti som kun var 2,20 djupt og Fatuhiva stikk nærare 2,10. Følgeleg var vi noko nervøse då vi passerte. Heldigvis flaut vi over. Om ikkje hadde vi vorte verande i den knottbefengte mangrovesumpen heilt til måndag, då bruene ikkje vart opna på sundag. I tillegg måtte vi gå ein lang omveg. Vel, den som intet våger, intet vinner!

Etter sumpen hadde vi 40 nm bidevindsseglas der det gjekk unna. Nok ein gong vel 7 knop i snitt over grunn. Det var klare teikn til at båten treivst mykje betre enn i medvind. Dette skal vi nok få prøve over Atlanteren igjen. Vi kom altså fram til ei svært tradisjonsrik hamn på Antigua, English Harbour, med den kjende Nelson Dockyard. Her hadde Lord Nelson vedlikehald på skutene sine. Sjølv likte han seg aldri her, og det sosiale livet i hamna kunne vist samanliknast med tilhøva i Sodoma og Gomorra! I dag er området fantastisk restaurert og ein stor turistattraksjon.
Vi kjem attende til Antigua i seinare reisebrev.

Beste helsing ifrå Mette og Bjarne i Fatuhiva. Snart er vi på heimveg.

2 Comments:

At 1:18 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei på dere i sola!!
Vi sitte inne i skoddefulle og regntunge Høyanger. Men stemningen er stor for det. Påskegjøremål som labyrint, måltid, spill vin å tyt står i høgsetet. Prøver å røre oss litt innimellom altså. Vi ser på flotte solbilder og har satt igang med bestilling av sydentur til sommeren. Mora med sine 3 barn og gutta har tenkt oss ei avkoblingsveke før skulestart i august. Høg avslapningsfaktor på den turen. Ellers er Trøndelag i juli et "must" for oss alle. Som dere skjønne er det lite med skigåing denna påska, men skinne sola blir det jaffal Bergefjell en gang. Kos dere fortsatt, velkommen hitover Mette...det gleda vi oss til og skål!!
Hilsen fra alle oss: Alexander, Caroline, Aashild, Ola og Anne...PS: Gjengen borti bakken komme snart en tur og da blir det spill igjen, Line er på hugget og det kan vi like..Kanskje vi må ringe en venn!! Klem.

 
At 11:26 a.m., Anonymous Anonym said...

Nok eit flott brev!Påskever på tampen.Sit inne på skulen og jobbar!!!Har raka i hagen og sett opp nye takrenner på låven.Ja, ja, og slik går no dagane i gamlelandet.Gledar meg vanvittig til sommar og grønt gras!
Klem og smask frå søs Kevens

 

Legg inn en kommentar

<< Home