TOBAGO
Hei! Vi kom fram til Tobago, Scarborough, fredag 10/2 etter 12 timar motorgange mot vind og staraum. Elles greitt. Etter innsjekking segla vi vidare paa laurdag rundt "neset" til Store (Milford) Bay. Vi ligg ankra paa ein vakker plass berre 10 min. gange ifraa flyplassen. Her ligg 6 norske baatar av i alt15!!! helsing Mette og Bjarne
4 Comments:
Hei, gode venner utan snø!
Her er det sundags morgon, nasen er raud, hovudet tett og influensafeberen kjem og går, snart på andre veka. Det blir ingen skispor etter meg denne helga! Og eg har innsett at det heller ikkje blir nokon tur vestover for å besøke Fatuhiva og mannskap denne vinteren. For mangt og mykje krev oss her heile tida: Svigerfar min døde sist helg, etter å ha vore inn og ut av dårlege og mindre gode helseinstitusjonar siste halvåret. Her i huset har vi fått to nye fosterbarn, to jenter frå Iran som krev sitt. Og Hilde haltar rundt med eit vondt kne, ho vart operert for meniskskade i romjula, men resultatet så langt er tvilsamt.
Hels så mykje til Jorunn og Jan Henrik som vel prøver karnevalskostymene no??.. Og ta ein skål eller tre for oss som må slite her heime med influensa hjå både fuglar og folk!
Beste helsing Kåre
Heisann, menig Lilleaas vil bare sei at han e så misunnelig... Har stått ute på dekk å traversert inn helikopter i heile dag.. Her oppe ved Bjørnøya er det andre forhold altså:) Eg glede meg virkelig til dåke kjem heim att må eg ærleg inrømme. Har prøvd å fått meg litt brunfarge på kroppen ved hjelp av solariumet ombord. Det hjelpe på. Håpar eg ein dag blir like brun som deg mor.. klem Vegard
Hei. Det er den 22 og mor blir 85!
Skal oppover til Gol nå, og det blir ei markering inne hjå Kari B med Reidar og Anne.Ting suser avgårde, og når du er lærar, får du ikkje snudd deg før det er ferie igjen; og ei veke er så kort tid at det blir ein berre stressa av.Det har som de sikkert er a jour med, vore turbulent etter jul
med fornærming av muslimar og OL.
Det første er vel i ferd med å gå over nå, men det vil ikkje heilt løsne for dei norske gullplanane i OL. Kjell KR. Rike kunne td. ikkje i sine verste mareritt drøyme om
kor ille det gikk på skiskyttar-stafetten for menn. Det drar seg til 1.mai. Eg har aldri planlagt eit så omfattande opplegg i så god tid før, så eg føler det er rett rundt hjørnet. Meld frå om det er noe spesielt å ta med. Elles får vi håpe at flygarane i SAS vil flyge. Dei har varsla aksjonar i april, og dei dreiv og la seg sjuke her før i vinter. Ha det godt så lenge. Skulle de komme i klammeri med fleire fastbuande, skulle det etter referatet å dømme vere lurt å stå inntil ein vegg, eller ei stor palme. Med helsing og kalde vinterkinnsklem frå Kjetil
Hei igjen!!
Trinidad og Tobago og sånn e berre noe folk snakka om...som en drøm liksom!!og der e dere.Tøft!! Misunnelig??JA!! Men i Høyanger skin sola og det e ganske vakkert det å. Har hatt meg en fantastisk snartur til Roma og har nok ikkje landa helt enda. Men i morra e kverdagen tilbake for fullt. Godt det å. Liverpool vann i dag, Caroline har komt trygt hem fra Guatemala og Aashild og Ola flaug til India i dag. Så her går det unna. Vi planlegg litt 80 års dagar i sommar. Men kor skal vi møtast? Alle spenstige forslag vert vurdert. Pappa og mamma skin i kapp med sola, fantastisk ke lyset gjør med folk.
Stå på vidare, pass opp for bermen og nyt kvert sekund.
Glad i dere. Klem fra Anne
Legg inn en kommentar
<< Home