mandag, februar 13, 2006

TOBAGO

Hei! Vi kom fram til Tobago, Scarborough, fredag 10/2 etter 12 timar motorgange mot vind og staraum. Elles greitt. Etter innsjekking segla vi vidare paa laurdag rundt "neset" til Store (Milford) Bay. Vi ligg ankra paa ein vakker plass berre 10 min. gange ifraa flyplassen. Her ligg 6 norske baatar av i alt15!!! helsing Mette og Bjarne

onsdag, februar 08, 2006

EIN AV MANGE "TRAVEL-LIFTAR" I CHAGUARAMAS, SAMNT LAAGBUDSJETT JOLLE


DIVERSE STEELPAN


DIVERSE KARNEVALANTREKK


Mette med Bibbi Saphire, norsk kranskip i bakrunnen. Vi fekk ful omvisning av kjekke sunnmoeringar.

I DESSE KRAKILSKE TIDER: GUDSHUS FOR KRISTNE, HINDUAR OG MUSLIMAR PAA DELING!!!

BROEDRENE DAL OG METTE

BOLIGSTANDARD I SUMPOMRAADET

MORGONSTEMNING TRINIDAD

DIVERSE BILETE GRENADA




GRENADA og TRINIDAD

REISEBREV 18. GRENADA- TRINIDAD

Her er det so mykje stoff at eg burte vel hatt minst to reisebrev, men eg har alltid vore tilhengjar av rasjonalisering, så det blir det eitt langt. Elles høyrde eg nett Lene Marlin på radioen her på 10 grader nord, minst 60 grader sør for Tromsø. Ikkje verst!

For å starte med det siste først, så vart eg for eit par dagar sidan eit nytt offer for blind vald. Eg som ikkje har vore slegen ned sidan 6. klasse på folkeskulen, og som alle veit sjeldan provoserer nokon!
For å gjere ei historie kort: Vi er for tida i Chaguaramas, like i utkanten av Port of Spain, Trinidad. I januar hadde dei 38 mord her av ein befolkning på 1,2 millionar. Det skulle tilsvare omlag 140 stk. pr. månad i Noreg.
Vi ligg i ein marina her, men likevel på fredagskvelden tok nokon til å kaste stein på båten. Vi tolererte det ei stund, men så vart eg forbanna og stupte ut av båten og svømte rett opp i stranda til syndaren. Eg ga ganske grei beskjed om at den slags oppførsel vart ikkje tolerert. Uheldigvis hadde denne karen fleire tvilsome kameratar som såg ut til å ha vore flaska opp på anabole steroider. Brått vart eg slegen ned bakanfrå så eg flata heilt ut. Eg kom meg raskt på beina igjen til ein ny diskusjon om steinhiving. På ny vart eg råka av eit slag i nakken bakanfrå. Denne gongen held eg meg på beina og fekk sjå syndaren, ein neger på minimum 120 kg. Klok av skade trekte eg meg attende til brygga, og gjengen stakk av. Neste dag var eg litt stivare i nakken enn vanleg, men bank i bordet utan men. Det kan eg takke all skigåinga i Fjellhaugen for!!
Dette med sikkerheit tek dei ganske alvorleg her, så denne episoden er kringkasta på VHF-nettet, og eg er nærast vorten kjendis, spesielt mellom amerikanarane.

Attende til kronologisk rekkefølgje. 15/1 reiste vi ifrå Union Island og til Carriacou. For dei som er kjende hadde vi tre stopp: Hillsborough, Sandy Island og Tyrrel Bay. Bortsett ifrå fin snorkling på korall-rev har eg ikkje meir å melde her.
17/1 sette vi kursen for St. George, hovudstaden i republikken Grenada. Vi hadde ein fin dags seglas mellom anna over ein ”aktiv” undersjøisk vulkan med det klingande namnet ” Kick ’em Jenny”. Siste utbrotet var i 1989, så vi var ganske avbalanserte ved passering.
Grenada er mest kjend som ”krydderøya”, og då spesielt for verda sin største produksjon av muskat. Uheldigvis kom orkanen ”Ivan” i september 2004 og flata ned 90% av alle muskat-trea. I tillegg vart 80% av alle hustak meir eller mindre øydelagt. Vi såg faktisk betonghus som var blese ned, lyktestolpar i stål var bøygde og vridde i alle retningar. Vinden hadde kome opp i 300 km i timen, og mest alt som heitte båtar var smadra. Knapt eit blad var igjen på trea. Slike vindstyrkar er for oss vanskeleg å fatte! Utruleg nok er no mykje reparert.
Elles er Grenada også kjend for ein amerikansk intervensjon i 1983. Ei lita marxist-leninist gruppe hadde teke over makta, og i dette tilfelle var dei amerikanske soldatane svært velkomne blant befolkninga. Det sto endå mosegrodde kubanske fly igjen på ein nedlagd flyplass.
St. George er ein liten koseleg by som minner ikkje så lite på Vågen i Bergen. Her som mange andre stader fann vi gamle gode norske ferjer. Elles fekk vi oss ein stampub der eigaren var ekstremt begeistra for norske blonde jenter. Han fann Olaug Fenne heilt uimotståeleg og kurtiserte ho med lokale spesialitetar som syltelabbar. Kor dom går det an å bli? Elles nytte eg stor respekt då han trudde eg var faren.

Ein dag leigde vi ein maxi-taxi saman med nokon andre og tok ein rundtur kring øya.
Vi vitja m.a. ein muskatnøtt-og ein sjokoladefabrikk, begge prega av å vera svært tidleg i industrialiseringsfasen, og det må vel til om alle skal få arbeid. Kvar familie har visstnok 5-6 ungar i snitt. Det blir noko anna enn Italia, Spania og Russland som no nærmar seg ein! Apropos ungar. Aldri har vi sett så mykje skuleuniformer, i alle moglege fargar. Eg får meir og meir sansen for dette fenomenet.
Elles vitja vi ein klippe der dei siste overlevande carib-indianarane heiv seg utfor til den sikre død i sjøen. Dei ville ikkje på nokon måte underleggje seg europearane, og dette har eg også stor respekt for.
På attendeturen var vi oppe i 1000 meter, og det minna nesten om frisk norsk fjell-luft. I sørenden av øya har vi mange populære og flotte naturhamner. Vi låg i ein av desse nokre dagar, Prickly Bay. Husa i dette området var større enn på Bygdøy og i Holmenkollåsen. Berre nokre få hundre meter unna fann vi den vanlege enkle hus-standarden som på godt norsk må kallast slum. Kanskje ikkje rart det her var grunnlag for marxist-leninisme!
Olaug og Marte forlet oss her etter 2 ½ veke ombord. Det var veldig ”oppfriskande” å ha dei med, og Mette fekk endeleg nokon å spele kinasjakk med!

På kvelden 26/1 drog vi igjen opp ankeret og saman med Bergensbåten, Sterna, sikta vi optimistisk på Tobago. Etter nokre timar med vanvittige regnbyger, motvind og motstraum, dreia vi av til nordvestenden av Trinidad, til kjempehamna Chaguaramas.
Dette er ei naturhamn som under andre verdskrig var ein stor marinebase for amerikanarane. Her finn ein no det største båtsenteret i karibien. Det ein ikkje kan få gjort med båten her er ikkje verd å nemne. Likeins er det ein stor opplagsplass for båtar under orkansesongen. Den største kranen her tek båtar opp til 200 tonn og køyrer dei dit det passar. Imponerande!
Vi har skifta ut alt som heiter rigg-vaierar på Fatuhiva, klok av skade etter episoden med forstaget ved Afrikakysten. Likeins har rullegenoaen fått seg ein ny omgang med nål og tråd. Slitasjen på ei slik lang havkryssing er ofte ganske stor. Seilmakaren oppdaga også at eg i alle år har rulla seglet inn på ein slik måte at UV-filteret har havna på innsida av ”rullen”. Utruleg glupt gjort av meg!
Mette har håndsydd ny blå bimini (solskydd) samt tilsvarande trekk over framluka. Det er fort gjort å gløyme denne når regnet brått auser ned.

Første veka låg vi i den dyraste marinaen med flott symjebasseng berre 20 meter ifrå båten. Dei fleste kundane var middelaldrane, for ikkje å seie gamle amerikanarar med store gamalmodige båtar, flotte som berre det, men ikkje bygde for fart. Mange av fortøyningane var vel mest aldri løyste. Iallefall hadde vi sterk mistanke om dette.
Det tek no til å dra seg til mot karneval, og alt som heiter båtplassar er bortbestilt opptil fleire år i førevegen.
Apropos karneval. Dette absolutte høgdepunktet i tilvære går offisielt av stabelen i Port of Spain, hovudstaden, 28. februar. Men dette er berre punktum finale, utover i heile februar er det spekka med karneval-relaterte arrangement.
Ein kveld var vi på to plassar der dei laga kostymer, temaet i år er gladiatorar. Her laga dei seriar på 7-800 med dei mest fantastiske kostymer. For damene kan vi vel seie det er mini-bikiniar med vanvittig ”garnityr”. Desse kosta tett oppunder 2000 kr. stykket. ( PS. Vi har sett mange med sprett-romper som utvilsomt vil passe fint inn i desse tekstila) Elles konkurrerer dei om beste dronning og konge. Her veg kostyma opptil fleire hundre kilo, og det må ”støttehjul” til både her og der. Kostnaden med denne påkledninga kjem fort opp i 100.000 kr eller meir!
Seinare på kvelden var vi og overhøyrde uttakinga av eit par steel-band orkester til semifinalen. Vi kunne gå rundt heile orkestra og studere meir i detalj. Alle har ein ”sinnsyk” rytmeseksjon. For oss stokk stive nordboarar er det vanskeleg å fatte at det går an å få til så mykje rytme. Definitivt må det ha noko med genene å gjere!
Karnevalet her i Trinidad skal visstnok vere større enn det i Rio, og alle synest vi må vere mindre begava som reiser til Tobago. Til det svarar eg at det er grenser for kor lenge vi kan vere her, og dessutan har dei også karneval på Tobago, om enn i mindre skala. Kanskje kan det vere fornuftig å starte litt mjukt? Kanhende kan Humlepungen Bryggjarlag ta seg ein tur til Trinidad om nokre år? Smørja støle og stive lemer samt dårlege pumper med sortane Carib og Stag. Her får ein også billege briller!

Ulf i Sterna og underteikna hadde oss ein dag åleine i Port of Spain. På dagtid skal det stort sett vera trygt i sentrum, og vi hadde ingen problem. Vi såg mange på livet si skuggeside, dei narkomane låg strøydde utover fortau og parkar. Dei fattige går stort sett på ”crack”, eit stoff som er ekstremt skadeleg for hjernen. Vi hadde aldri sett så mykje ”rar” oppførsel før. Merkeleg nok var vi ikkje utsett for tigging av noko slag.

Transportsystemet her er suverent. Mest brukt er minibussar som går kontinuerleg i fleire retningar. Dei går ikkje til bestemte tider, men ofte, og stoppar kvar det måtte passe. Betaler du litt ekstra køyrer dei deg heilt fram til døra. Billettprisen er 5 kr, og dette lever dei av utan stats-støtte! No må eg for skams skuld legge til at dieselprisen her nede er kr.1,50 pr. liter.(PS Dette er også ein oljenasjon).

Ein dag hadde vi oss ein tur inn i eit sumpområde på austsida av øya. Guide var ein verdskjend naturfotograf som heiter Roger Neckles. Rolf Hansen i Sterna , som er den fremste fuglekikkaren i Bergen, fekk i stand denne turen, og vi fekk valuta for pengane. Vi fekk sjå fleire typar apekattar i fri dresur og eit uttal med papegøyar og andre flotte fuglar. Turen starta alt kl. 04.30, så som de sikkert skjønar var dette for ”profesjonelle”. Vårt vesle kamera kom diverre til kort under så krevjane forhold, men vi vonar å kopiere frå andre. Det var nok av ”tungt” utstyr med på turen.
Mette vil heilt sikkert starte ein ornitologisk foreining i Uskedalen når ho kjem heim.

Om eit par dagar går turen vidare til Tobago. Der får vi eit vennepar ifrå Biri ombord, Jorun og Jan Henrik Aubert . Desse har vore vårt vertsskap under uttallige Birkebeinar-renn, og no skal det bli kjekt og kunne gjera litt gjengjeld.

Helsing ifrå Mette og Bjarne