mandag, juni 19, 2006

REISEBREV 22 ST.MARTIN-AZORENE-KINSALE

REISEBREV 22- ST.MAARTEN- AZORENE-KINSALE(IRLAND)

Ja, dette blir truleg siste ordinære reisebrevet. Ringen er slutta. Vi er attende i Irland etter ei laaang Atlanterhavskryssing.
Sjølvsagt vil det bli ei grundig oppsummering av turen når vi endeleg kjem heim uti juli eingong.

Som eg skreiv sist, starta vi frå St.Maarten mot Azorene 13.mai kl. 10.00. Når ein legg ut på ein så lang overfart (2200 nm ”netto”) er det viktig at ein får gode vermeldingar slik at ein vel rett rute. Ikkje vil ein ha for mykje vind og ikkje skal det vera for lite. Og motvind vil sjølvsagt ingen ha! Til dette har vi ei levande legende som heiter HERB. Han har i mange år hatt som ei livsoppgåve og nærast skreddarsy høvelege seglingsruter i spesielt i Nord Atlanteren. Det blir hevda at det er ingen som kan så mykje om ver her oppe som nett han. Dette gjer han heilt gratis, men han krev at du følgjer råda hans, elles blir han skikkeleg sur og ronge. Oppe i Canada ein stad sit han framfor kortbølgeradioen og dataskjermane sine og dirigerer alle ”skutene” sine rundt omkring dei ulike frontane 7 dagar i veka, veke etter veke. Snakkar om aktiv pensjonist. Vi ”sjekkar inn” på radioen ein halv times tid før sending, og utover kvelden kallar han opp kvar og ein båt. Det kan i verste fall dreie seg om 50-60 båtar, og dette tek tid. Av og til er radiotilhøva ganske vanskelege i tillegg. ”How are you making out Futuhava?” Han avsluttar alltid samtalane med : ”Have a good watch”, eller ”see you tomorrow”. Og som sagt ingen kallar han noko anna enn Herb. Han er det næraste du kjem Gud der ute på det store, endelause havet!
Av han får vi oftast eit konkret punkt vi skal styre mot fram til neste kveld. Han oppgir vindretning og styrke. Veldig greitt for dei fleste av oss som ikkje er meteorologar.

Første 2-3 dagane hadde vi litt ugunstig vindretning og gjorde bra, men ikkje den heilt store framdrifta. Frå dag 4 og fram til og med 15 gjekk det som på skinner. Vind ifrå sør-aust av 15-25 knops styrke. Heilt ideelt! Vi hadde fleire dagar med 160-170 nm utseilt distanse, noko som er veldig bra for ein seilbåt av vår type.
Vi kom til Horta på Faial(Azorene) etter berre 17 døgn, dei to siste brukte vi for det meste motor i tillegg. Før avreise hadde eg tenkt at det kunne ta opptil 4 veker! Vi hadde utruleg flaks. Det var mange båtar bak oss som vart stoppa av eit stormsystem, og det tok evigheiter før dei dukka opp.
Litt statistikk: Utseilt distanse vart 2360 naut.mil, noko som gir 139 i snitt pr. dag. Av 450 liter diesel brukte vi kun 150. Vi hadde også vatn for eit par veker igjen.
Vindroret vårt hadde eg fått reparert(sveisa) på Antigua, og under desse stabile tilhøva styrte det overraskande bra. Eit brukande vindror betyr julekvelden ute på havet, og vi var svært lukkelege for å sleppe å styre. Den nye autopiloten til mange og tredve tusen ville ikkje meir etter berre ein dags seilas. Det høyrdest ut som småstein inne i motoren. Sidan eg har vore i krigen før, vart eg ikkje overraska. Men som sagt, så lenge ”Geiren” var oppegåande var vi trass alt nøgde. Men!! Etter ein 10-12 dagar vart han så vanskeleg å justere, og ved nærare ettersyn såg vi at roret var borte. Det stod berre ein liten stump igjen. ”Dett var dett”, som Fleksnes så treffande uttrykte det! Eg er ikkje ferdig med dette emnet. Følg med, det kjem meir!!

Kva driv så tre mannfolk med der ute på havet. Vi prøvde å fiske. Jan og Kjetil, har eg ein mistanke om, greidde på ein utruleg klønete måte å miste ein fin dorado i det dei skulle tre hoven rundt han. Elles fekk vi ein stor sjøfugl og ein ditto stor svart plastsekk. Dett var dett, igjen. Og eg som hadde kjøpt inn store mengder sitron og lime til marinering av fisken!
Vi har eit rikhaldig bibliotek ombord, så det blir mykje lesing. Elles pratar vi om folk og fe i gamlelandet og fortel om opplevingar til kvarandre. Det er berre om å gjere ikkje å fortelje same historia fleire gonger!
Gitaren ombord fekk endeleg menneskekontakt, og Kjetil har øvd flittig på turen.
Skipparen har daglege radiosamtaler med andre norske båtar på veg, noko som kortar ned på tida. Så må det sjølsagt kvilast, det skal lagast mat og underbuksene må etterkvart få seg ein omgang med såpe og vatn. ”Og sånn går nu dagan”!
Apropos andre båtar. Det er slett ikkje kvar dag vi ser nokon, men når vi først oppdagar andre, kallar vi dei opp for ein prat på VHF’n. Eit par seglbåtar nådde vi igjen og segla heilt inntil for utveksling av høflegheit over skutesida. Bla. eit eldre tysk ektepar i 70-åra som hadde farta rundt i ein liten båt i fleire år. No var dei så gamle at dei ville halde seg i Middelhavet. Vi møtte også ein australsk ny-pensjonist som hadde kjøpt seg ein liten båt i USA. Denne hadde han brukt 2-3 år på å restaurere, og var no endeleg klar for den store draumereisa til ”down under”, einsam. Farten hans var 3,5 knop, og vi hadde det doble. Eg trur ikkje han er komen fram til Azorene endå. Eg hadde også ei viss kjensle av at han kanskje syntest heile prosjektet etterkvart ikkje var nokon god ide.
HORTA
Som sagt, denne lenge etterlengta byen dukka opp på ettermiddagen den 30/5. Han ga eit svært godt inntrykk ifrå sjøsida, og vi vart ikkje skuffa etter å ha kome i land. Vi rakk sjølsagt den legendariske Pete’s Sportsbar før stengetid. Dette etablissementet er eit ”must” for alle langferdsseglarar. Skipparen er alltid veldig flink til å ”time” sine strandhogg!
For det første, Faial, er ei veldig frodig øy. Det er grønt og fint over alt, og rundt om beiter kyrne. Den dyrka marka er først og fremst til grasproduksjon, såg det ut som.
Bygningsmassen er velhalden og fin, med mykje fargebruk. Gater og offentlege areal er sameleis fine og godt vedlikehaldne. Kort sagt, ein stor kontrast til mykje vi hadde sett i Karibien. Men so er nå dette EU då. Portugal får utruleg mykje svenske skattepengar har eg ein mistanke om.
Folket her er veldig hyggjelege og hjelpsame. I tillegg snakkar mange engelsk, og der er vi glad for. Prisnivået her er generelt rimeleg, men mat og drikke ute på byen er utruleg(les:sinnsjukt) billeg. Det er knapt så eg torer setja det på trykk, men ein halvliter får du for 15-20 kroner og ein god middag for 50-100. Ei flaske vin på restaurant ned til 40 kr!! I bakeriet var varene nærast gratis.
Dersom eg etter dette korte opphaldet skal finne noko negativt, så må det vere klimaet. Kanskje var vi noko farga av ha kome ifrå Karibien, men medan vi var der minna det om ein kald og våt norsk sommar.
Ein dag leigde vi bil og farta rundt. Vi fekk sett eit område der det var vulkanutbrot i 1957. Deretter køyrde vi ned til ei strand der eit containerskip med motortrøbbel hadde ankra opp i dårleg ver. Denne hadde sjølsagt havna i fjøra med 600 containarar, og ikkje ville eg ha vore i skipparen sine sko!. I det vi nærma hos hovudattraksjonen på øya, Calderaen, det nedsunkne vulkankrateret på toppen, vart sikten lik null og nærast sluddbyger piska mot oss ifrå nord. Ikkje heldig den dagen.

Hovudattraksjonen i sjølve Horta må seiast å vere havna. Her møtest seglbåtar ifrå heile verda, på veg fram og attende til Europa, anten det no er Middelhavet, Nord Europa, Karibien eller Nord Amerika som er destinasjonen. Sesongen er stort sett mai og juni, og kapasiteten var heilt sprengt då vi var der. I sjølve marinaen låg det sikkert 300 båtar og i tillegg var 50-60 ankra opp utforbi. Vi var sjeleglad for å sleppe det siste. Det blas som berre pokkern og vi hadde lite lyst til å pakke opp jolla som møysommeleg var surra på dekk. I havna låg det 7 andre norske båtar, Nordavind, Aprikus, Snorre, Felicie,Vanvara, Eurora og Euforia. Babette og Sedna var nett reist til hovudøya San. Miguel. Elles krydde havna av nederlendarar. Vi hadde dei på innsida og utsida langs moloen. Berre kjekke folk og mykje sosial omgang. At det i slike høve vart konsumert anna enn cola, skal ikkje stikkast under ein stol. Jmfr. eit av mannskapet sitt eige innlegg på sida.
Eit spesielt kjennetrekk med denne havna er at dei fleste målar eit ”bumerke” langs moloen og kaiene. Det må vera tusenvis, av desse sikkert fleire enn hundre norske.
Vår kunstneriske leiar svikta, skulda på regn og dårleg ver!

Sundag 5/6 flaug Jan til San. Miguel for å vere med eit charterfly heim til Norge. Du snakker om griseflaks. Kjapt, billeg og enkelt rett til Bergen. Han hadde vore eit fantastisk mannskap både sosialt og ”seglfagleg”. Den tekniske innsikta hans skulle også vise seg å vera god å ha. Og eg trur han trivdest ombord. Fekk melding på satelitten etter eit par dagar der han hevda å alt savne sjølivet!
OVERFART- IRLAND
Fredag 9/6, etter 10 dagar i Horta, sette vi kursen nordover for Kinsale i Sør Irland. Dette vart gjort etter å ha studert vermeldingar i fleire dagar. Herb’n fekk vi ikkje kontakt med pga. elendige radiotilhøve inne i havna. Det hadde vore nordavind i lange tider, og endeleg skulle det snu. Mange båtar forlet havna den dagen, også Felicie og Vanvara. Det var tillaup til kaos då mange tidlegare oppankra båtar kom inn i den tronge marinaen samstundes som mange for hin vegen. Men vi kom oss då ut utan skade!
Første døgnet hadde vi kraftig vestleg vind og vi drog ifrå dei to andre. Det nye vindroret styrde som ein draum, og vi skrytte og skrytte. Eg hadde nemleg fått ein lokal mekanikar til å lage eit nytt flott eit i rustfritt stål. Dette var noko anna enn aluminium! Det såg veldig solid ut. At det kosta meg 500 Euro fekk så vere om berre eg og Kjetil slapp styre 24 timar i døgnet..
Ja, kor lenge var Adam i paradis? Ganske nøyaktig 24 timar. ”Luois” var vekke! Det var om mogleg enno mindre igjen enn av Geiren. Berre knapt 15 cm aksling!
Så var det på’an igjen. To timar på og to timar av døgnet rundt. Og dette for folk som har passert 50! Skarp bidevind i meir enn fire døgn. Herb ba oss berre gå nordover og endåtil vestover for å unngå ein høgtrykksrygg som bygde seg opp heile vegen opp mot Irland. ”Use the motor”, sa han. Men vi segla berre så langt nord som mogleg utan å starte Yanmaren. Vi hadde plenty med diesel og ville for så vidt ikkje ha noko imot rolegare motorsegling i ein høgtrykksrygg nokre dagar, sidan vi var ganske trøytte.
Ein dag eg stod og styrte trefte noko roret og rattet spratt omtrent ut av nevane på meg. Heldigvis heldt det, men servopendelen til det defekte vindroret knakk tvert av i brotsona. Mykje kan som sagt skje på ein slik tur.
Etter vel 4 dagar daua vinden og vi fyra opp. Det var godt å få mindre bølgjer og etterkvart flatt hav.
I storseglet hadde eg framleis eit rev inne, og no var det på tide å setja alle klutar. Som tenkt, så gjort. Men eg hadde gløymt at eg hadde ei revelisse knytt til heilt bak på bommen. Følgja vart ei meter lang rift i seglet! Det verste er at eg har gjort same feilen ein gong før. Det er dyrt å ha seglbåt!
Andre dagen kopla eg den gamle autopilotmotoren til den nye, dette virka, og sidan har vi vore i himmelrik.. Avslapping, lesing, normal matlaging osv. Kursen vart sett direkte mot Kinsale, og ikkje Labradorkysten.

Elles var det klart at vi hadde kome til ei anna klimasone. Personleg sjekka eg badetemperaturen i Horta. Eg dykka ned for å sjekke at propellen ikkje var grodd. Det var ifrå 31 grader på St.Maarten til 18,5 der. Det gikk fint, ikkje hjartestans!
Under seglinga nordover var det god gamal Nordsjøpåkledning. Det var superundertøy og lag på lag med andre plagg før ein avslutta med vind/vasstett segldress, lue og solide vottar. Likevel fraus vi!

Diverre må eg og nemne at ein del av den flotte maritime boksamlinga mi på det næraste er tapt. Bøkene stod inntil eit vindauge i salongen. Her hadde det vorte vasslekkasje etter at heile skutesida hadde lege konstant nede i sjøen dei 4 første dagane. Dei flotte biletbøkene hadde trekt sjøvatn som trekkpapir og sidene limt seg saman. Bittert!

Vi har no motorsegla i 4 dagar. Det var lovd meir vind, men den er enno ikkje dukka opp. Land dukka opp på babord side laurdag 17/6 kl. 10. 30. Vi passerte nett den kjende Fastnet Rock, og reknar med å vere framme i Kinsale kl. 9 i kveld. Det vil seie at vi har brukt vel 8 dagar ifrå Horta, med altså motorgange halve tida.

I går kveld tok eg farvel med Herb’en. Litt vedmodig var det, og det er vel tvilsomt om eg nokon gong får bruk for han igjen.
Dei neste åra skal eg konsentrere meg fullt og heilt om Mattilsynet!

2 Comments:

At 11:13 p.m., Anonymous Anonym said...

BUY CHEAP SUPER VIAGRA ONLINE AND SAVE 70 % OF MONEY...
CIALISs is clinically proven to work for 36 hours and in some men it works as fast as in 30 minutes
VISA MASTER CARD

 
At 10:40 a.m., Anonymous Anonym said...

HALF-PRICE VIAGRA ! CHEAP LEVITRA
PURCHASE CHEAP CIALIS ONLINE & GET SPECIAL GIFT....
BUY LOW-COST VIAGRA ! HALF-PRICE CIALIS ! CHEAP LEVITRA !
DYSFUNCTION ERECTILE HELP.BUY VIAGRA ONLINE.LOW-COST CIALIS VIAGRA LEVITRA
ACNE MEDICINE ONLINE
online accutane
WHAT IS ANTHELMINTICS
cheap Albenza
ANTIBACTERIAL MEDICINE & CARE
amoxil antibiotics
AMPICILLIN ONLINE
ANTIBACTERIAL MEDICINE
BUY CHEAP BACTRIM
bactrim ds
NEW DRUGS & PILLS… SUPER-VIAGRA…
HALF-PRICE CIALIS
BUY CIPRO ONLINE
BUY CIPRO ONLINE
BUY CHEAP DIFLUCAN ONLINE
CHEAP DIFLUCAN ONLINE
BUY CHEAP SUPER VIAGRA ONLINE AND SAVE 70 % OF MONEY...
BUY CIALIS ONLINE NOW! Small PRices, discounts!
VISA MASTER CARD

 

Legg inn en kommentar

<< Home