lørdag, juni 25, 2005

Meir nytt..

MEIR NYTT IFRÅ FATUHIVA OG CREW

Mette stoppa ved Fort Augustus. Her var det ein slusevakt som skulle skrive opp namnet på båten vår. Eg prøvde å hjelpe han med å stave namnet, men kom skeivt ut og gløymde eit par bokstavar. Så kom den velkjende brittiske humoren: ”That’s the biggest bloody fajita I’ve ever had”! ( Mexicansk lefse med fyll). Elles møtte vi nok ein norsk båt på veg heim ifrå Karibien. Nokre kjekke ungdomar i ”EOS”. Båten var ”pepra” med 20 liters dieselkanner som dei ville bli kvitt, og dei var lei av å sjå ut som eit bloody tankskip. Følgeleg måtte vi kjøpe nokre fleire kanner. Eg har no fått forbod mot å kjøpe meir!! Forøvrig hadde dei hatt eit fantastisk år der vest.
Vi reiste vidare torsdag 23. og kom fram til Corpach ved Fort William utpå kvelden. Dagen etter, på fødselsdagen til Mette, dura vi opp på Storbrittanias høgaste fjelltopp. Vi gjekk først i vel ein time før vi nådde foten av Ben Nevis. Deretter bar det opp i mest 1400 meters høgde over ein strekning på tur/retur 16 km . Veret var brukande, og etter ein stopp i pub’en ved foten av fjellet, var alle einige om at det hadde vore ein strålande tur trass i verkande bein.
Dagen blei avslutta med chinese take-way transportert på familien Helle sine mikrosyklar. Eit komisk syn!!
Elles møtte vi ein anna båt som heitte Ida. Ombord var nokre kjekke karar som kom rett ifrå Vest India. Dei var heimehøyrande i Norheimsund. Skipparen hadde vore båtbyggjar ved fartøyvernsenteret og båten hadde han bygd sjølv. Ei nydeleg listerskøyte på 38 fot!
Etter å ha bunkra opp på laurdag sette vi kursen for Oban. Dieselforbruket so langt rekna eg ut til i underkant av 2, to, liter i timen. Eg er følgeleg svært nøgd med den nye motoren. Vinden var, som så ofte midt i fleisen, så det blei motring utover i omlag 4 timar. Veret har vore bra , men framleis kaldt. Trass i dette såg vi i dag ungdomar som stupte ifrå kaien i Oban. Her ligg vi no og slingrar utapå eit vrak av ein fiskebåt med IDA utforbi.
Fatuhiva er framleis prega av ein del uorden innvendig. Eg har ikkje makta å få alt i system enno.Alle dei elektriske duppedingsane kjem til å ta knekken på meg ein dag. Eg er sikker på at eg har ein 2-3 bæreposar med ladarar, ledningar, batteri og ulike PC-tilbehør. Noko virkar,anna ikkje, og ein del har eg ikkje tort å prøve enno!Internett-kafear er det sparsomt med her borte, og noko trådlaust nettverk har vi enno ikkje vore i stand til å finne. Trøysta får vere at gutane i Listerskøyta kunne fortelja at borti Karibien hadde mange hamner trådlaust nettverk!

Hilsen fra Fatuhiva

Hilsen fra Fort Augustus.

Avreisa vår fra Uskedal vart sjølvsagt noko seinare enn planlagt:19,00 fredag kveld.Vi hadde frisk seilas ut til Bømmelhuk ,liten kuling,sola skein og humøret til mannskapet var på grensa til euforisk. Forlot kysten 23,30.På turen over hadde vi vind opp i kuling styrke. Vi seilte kombinert med motorgang.Oljeplattformane dukka fram fra tjukk tåke ,og Bjarne testa tåkeluren.Vi seilte mellom Piper-plattformane når sola steig opp av havet rødglødande og vakker!!
Ingen sjøsjuke,vi steikte bacon og egg midt i Nord-sjøen!.Seilte rett til Inverness,og seler svømte rundt båten innerst i fjorden.Begynte vår første slusing mandag 07,00.
Det blåste friskt og vi låg i marinaen til onsdag morgen. Inverness er ein vakker by. Bjarne sykla byen rundt og vi andre hadde såre bein etter tråkking (Anne og eg har svart belte i shopping).Hadde ein minnerik kveld på byen med fam Helle med besøk på Hootenanny,live music på pub i Skottland er tingen!.
Vi vart drevne slusere fort.Vi hadde sol og delvis skya med MYE vind.Vinden ,opp i stiv kuling, fekk vi midt i fleisen og med krappe bølger vart det ein dryg tur over Loch Ness.Djupna gjekk fra nokre hundre meter til tre meter plutselig,så sjøormen var nok oppe og lukta på oss.
Er i Fort Augustus ,ein ”postmann Pat-by”,knøttliten med sju pubber, eit kloster og eit slott . Har hatt vårt andre måltid med fish and chips ,nyyydelig,men kvar posjon hadde rekt til tre, så vi lar denne retten få ein pause no (trur eg).
Ny oppdatering når Fatuhiva får salt sjø under kjølen igjenTakk for innsendte helsingar på sida vår .Det setter vi pris på!!!!

torsdag, juni 23, 2005

Hei.
Vi er no i Fort Augustus, Skottland. Pga. manglande utstyr paa internettcafe maa vi vente med oppdatering av heimesida. Haapar Fort William er betre utstyrt. Alt staar bra til og vi hadde ein flott seilas over nordsjoen.

Helsing Fatuhiva...

torsdag, juni 16, 2005

Info om turen

S/Y FATUHIVA
Hero 114-38 feet
Homeport: Uskedalen/Kvinnherad-Norway
MMSI:257970130
Reg.nr.: LK 2437
Owner/skipper: Bjarne Lilleaas
VHF: LK2437
SSB: LA7WZ/MM
Mobile phone: 004791345010
Satellite phone: (00)881631575576
Data: (00)881693307576
SMS-messages via: www.iridium.com
Homepage: www.fatuhiva.blogspot.com
Norwegian e-mail: bj.lilleaas@c2i.net

To whom it may concern:

Her følgjer litt info om turen vår. Vi,er altså medeigar og styrmann Mette Berit Lauvsnes og ektemann gjennom 29 år, Bjarne skipper.

Fortøyningane blir kappa fredag 17.juni 2005 kl. 17.15. Neste destinasjon er Inverness i Skottland. Veret vil sjølsagt avgjere framdrifta og evt.”nødhamner” på vegen. Vidare tek vi oss over den kjende Loch Ness gjennom Caledonien-kanalen. Deretter til Dublin i løpet av ei vekes tid (3.juli). Her hoppar dottera vår, Marte , og syster til Mette, Anne, av. Eldste guten, Åsmund, har då nett mønstra av og reist heim ifrå Glasgow.

Så går ferda vidare ned Irskesjøen med fleire stopp, men innan 15/7 skal vi vere på plass i Falmouth i Sør England. Her kjem Nina og Per Solberg ombord og skal vere med oss eit par vekes tid over Biscaya og til Nord Spania.

På turen hit har vi truleg hatt følgje av søsterbåten IDA med familien Helle ifrå Rosendal. Det skal bli veldig kjekt. Dei har og vore i Skottland og Irland tidlegare.

Vi blir verande i Spania og Portugal til omlag 15/9. Då set vi kursen for Madeira. Det er meininga at Reidar Sviggum og Ivar Hansen, to kjenningar ifrå Gol, tek hyre her for avreise til Kanariøyane rundt 1/10.
Det blir så cruising rundt på diverse øyar her fram til start på ARC-regattaen, Las Palmas 20/11.
Er vi heldige vil den fantastiske øya St. Lucia dukke opp i synsranda ein eller annan gong mellom 10. og 15. desember. Med oss på turen over Atlanteren har vi hatt Eva og Kurt Haugland. Dei er gode naboar som har vore med på seilturar tidlegare. Kurt har montert alt av elektrisk og elektronisk ombord og er mi solide ”støttekontakt” på området. Desse to blir med oss fram til nyttår.
Fram til omlag 10. mai vil segle rundt mellom øyane her. 30 grader både i vatn og luft!!
Vi kjenner til at nokon vil ta turen over for å vitje oss her borte.

Første etappen på returen vil vere ifrå Antigua til Azorene. Det vil ta omtrent 3 veker, og vi reknar med å vere på denne øygruppa mellom 1. til 15./6. Neste legg vil truleg bli opp til Sør Irland. Denne strekka tek vanlegvis 10-12 dagar.
Vidare heim igjen vi Orkenøyane og Shetland med retur Uskedalen ein eller annan gong mellom 20/7 og 1/8-2006.

For dei som vil kontakte oss er det lettast via ein SMS over satellittelefon:
Gå inn på internett: www. iridium.com/, klikk så på: ”send a satellite message”. Her kan ein sende inntil 160 boktavar i slengen gratis. Vi kan og kontaktast på satellittelefon, men det er svært dyrt ifrå fasttelefon (ca. 25kr./min) og endå dyrare ifrå mobiltelefon.
Åsmund har laga ei eiga heimesida for oss, www.fatuhiva.blogspot.com/, og her kan de klikke inn for å følgje med evt. reisebrev og meldingar. Klikk inn på siste innlegg og ”post a comment”. Det vil vi vere glad for! Ikkje noko som nytt ifrå gamlelandet når ein er i fjerne himmelstrøk. Vi har fått bygd oss ein eigen PC med trådlaust nettverk ombord, så er vi heldige med dette, kan vi ”surfe” rundt på internett i større hamner. Vi kan i prinsippet også bruke satellittelefonen på nettet, men den er saktegåande og dyr, og vil berre brukt til kortare meldingar.
For dei som vil følgje posisjon og framdrift over Atlanteren, så kan de gå inn på www.worldcruising.com/arc/, klikk på engelsk språk og position. Her er også mykje interessant info!

Som de skjønar er det mykje teknikk som kan svikte ombord, men eg trøstar meg med at vi har seil, kompass, logg samt batteridriven GPS og VHF-radio, så vi skal nok greie oss uansett!

Om nokon får lyst på ein tur i varmen, så ta kontakt med oss og sjekk om det høver.
Med helsing Mette og Bjarne

søndag, juni 05, 2005


Her er sjøfararen som skal erobra nye kontinent i hard trening, heime i Korsneset. Etter kledningen å døma førebur Bjarne seg og på å tilpassa seg framande kulturar... Å.L.L Posted by Hello


Når Fatuhiva legg fra kai den 17. juni vil også Åsmund, Marte og søster til Mette befinne seg ombord. Anne og Marte skal vera med til Dublin, mens Åsmund hoppar av i nærleiken av Glasgow. Posted by Hello

fredag, juni 03, 2005

Følg Fatuhiva på nett

Dette er bloggen til Bjarne og Mette. Her kan du følge med på den store seglturen som vi legg ut på den 17.juni. I dei neste 13 mnd. vil vi ha Fatuhiva som vår heim, og vi vil med jamne mellomrom legge ut reisebrev og bilder frå turen. Så hald deg oppdatert.........