tirsdag, juli 11, 2006

HEIMKOMST

Onsdag 5. juli forlet vi Inverness i Skottland. Fredag ettermiddag klappa vi til kai i Skånevik (berre 20 nm heimaifrå) og for rett på konsert med Blues Brothers. Vi hadde ikkje før fortøyd før to kjende i ei slapp gummijolle kom bort med skikkeleg heimabrygg. Ein fin velkomst! Etter to dagar med blues kom vi heim på sundag ettermiddag i stiv kuling og intense regnbyger. Nett som før! Møtet med huset vart sjokkarta. Det var jo så altfor stort! For ikkje å snakka om to garasjar og diverse boder som er metta med skmrot. Vi fekk lyst til å flytte attende i båten. Der hadde vi kontroll og golvvasken var overkommeleg. Det endar vel med at vi kjøper større båt og flyttar i den!! Elles vonar eg å kome attende til ei oppsumering av turen når vi no har fått roa oss ned. Heldigvis skal vi ikkje ta til på arbeid før 1. august, slik at vi får høve til å akklimatisere oss.
Takk for oss for denne gong!

søndag, juli 02, 2006

FORT AUGUSTUS

Hei alle saman! Vi er no komne til Fort Augustus i Skottland. Plassen ligg i vestenden av Loch Ness, altsaa langs Caledoniakanalen. Det vart den i aar ogsaa. Har hatt ein fin tur ifraa Kinsale i Irland der Mette moenstra paa igjen og Kjetil moenstra av. Etter 4-5 dagar for vi i eit jafs 164 nm opp til Howth, like nord for Dublin. Reiste saman med Felicie og Vanvara. Vidare la vi kursen til Bangor i Nord Irland, like utforbi Belfast. Kun ei overnatting der, og neste dag medstroems opp til Craighouse paa Jura. 72 nm paa 9 timar, dvs. 8 knops snittfart. Topnotering 12,5 rundt Mull of Kintyre. Dagen etter persa vi med 13, 1 knop like soer for Oban. Der hadde vi hyggeleg gjensyn med Nordavind og Do'nt Worry. Fredagskvelden klappa vi til kai i Corpach (Fort William), og var klar for kanalen neste dag. Vi har moett mange norske baatar i vesterveg, eit par har vore paa veg til Karibien. Vi har skrytt voldsomt, men er sjoelve no klare for kvardagslivet, saa lenge det varar!
Vidare framdrift er ikkje klarlagt enno. Opprinneleg hadde vi tenkt aa segle opp til Orkenoyane og Shetland, men eg ser ikkje vekk ifraa at vi kursar rett heim fraa Inverness om veret er hoeveleg. Som sagt: vi er no metta paa sight-seeing for ei lita stund.

Beste helsing Mette og Bjarne