fredag, mars 17, 2006

MARTINIQUE

Siste: Vi kom til Martinique i gaar torsdag 16/3 etter ein kjempefin seglas ifraa Grenada. Vi ligg nokre dagar i den stoertse marinaen eg har sett, 600 plassar. Seinare legg vi oss ut for anker. Blir her kanskje i eit par veker. Berre fransk her!! helsing Mette og Bjarne

søndag, mars 12, 2006

Bilder til reiserbrev 19

Norske seglarar på Tobago


Mi rose, Mette


Samuel ifrå Sterna/Bergen

Milene –”-.


Yoga-jentene


med eit nytt hus på Tobago, 3 mill. Ferdig møblert!?


Gamle minner strøymer på...


Regnskog


Utsikt mot Scarborough


Turistar på Speyside


Stairway to heaven- stigningsløp


Slektsstevne. Tor Prestmo



Naturparkstiftaren Angus...


Cigarfactory, einmannsbetjent av eks-kubanar


Bjarne på sjekker’n


Mette og Jorunn på Hilton Hotell

Diverse karnevalbilete















onsdag, mars 08, 2006

TOBAGO

Reisebrev 19. – TOBAGO

Vi har no vore snart 4 veker på Tobago, nærare bestemt Store Bay, like ved flyplassen på vestspissen av øya. Det er fleire grunnar til det, eg kan ramse opp følgjande:
Flotte strender med klart og herleg badevatn, utmerka korallrev for snorkling, god ankerbotn, lite svell og såleis lett å ro i land med gummibåt (vi høyrer stadig om joller som går rundt andre stader), grei plass for utforsking av øya med andre framkomstmiddel, rimeleg prisnivå, rikt tilbod på restaurantar og anna, mange andre norske båtar og sist, men ikkje minst har vi hatt hyggjeleg besøk av Jan Henrik og Jorunn i to veker.
Apropos nordmenn. Ei periode var vi så mange som 7 norske båtar her på ein gong, av totalt kanskje 22. Elles høyrer vi stadig norsk tungemål på land. Det er vanlege turistar, pensjonistar på langtidsferie og par på ”pappa-permisjon”. Dette har utvikla seg til ei særnorsk reisegruppe, som kan vere vanskeleg å forklare for utanforståande.
Det er også mange andre skandinavar her, men likevel er vel engelskmenn i fleirtal, totalt sett. Eg kan nemne at med Martin Air (KLM-selskap) kan ein faktisk flyge rimeleg hit på dagen ifrå Noreg.
Likevel synest vi det har vore relativt lite turistar rundt omkring, og det kan ha samanheng med nokre uheldige kriminelle episoder som har gitt store presseoppslag i britiske aviser. Turismen er ei følsom næring, og det skal ikkje mykje til før det stoppar opp, om ikkje anna midlertidig. Dette veit myndigheitene her, og prøver difor å dysse ned kriminalitet for å unngå negativ publisitet. I mange tilfelle er det folk ifrå Trinidad som står bak, og ikkje lokale. Men etter vår meining er sannsynlegheita ikkje stor for at ein skal kome borti noko, og ingen bør la vere å reise hit av den grunn.

Vi leigde bil i nokre dagar for å sjå oss skikkeleg omkring på øya. Vi fekk ein tilsynelatande oppegåande Nissan Almera med automatgear. Det viste seg at støtdemparane bak var komplett defekte, og med ein vegstandard som er verre enn den verste avkrok på Vestlandet vart det mykje skramling. På store delar av øya var asfalten berre hol i hol. I tillegg er det alltid ei utfordring å køyre på venstre side, spesielt når vegen er smal og svingete. Mellom anna er det svært fort gjort å bruke vindusviskar-spaken når ein skal blinke. Dette er alltid populært mellom passasjerane, og tilslutt måtte sjåføren spandere øl for kvar ”feilbruk”. Det hjalp!
På nordaust-spissen av øya er det ein idyllisk plass som heiter Charlotteville. Vi har snakka med norske seglarar som har ankra her i vekesvis avdi det har vore så triveleg. Naturen er utruleg frodig i området, og i tillegg er det ganske bratt, noko som vi nordmenn elskar. Ei stund hadde vi også planar om å ta Fatuhiva hit, men fann ut at vi hadde det veldig bra der vi var.
Elles er det mange samantreff her i livet. På ein restaurant i Charlotteville vart vi sitjande ved nabobordet til eit norsk par. Det viste seg at mor hans kom ifrå Lilleås i Hardanger. Øyrene og nasen likna veldig på far min sine trekk, og eg trur bestemt vi må vera i slekt eit stykke uti. Dette må sjekkast når eg kjem heim. Endåtil hadde han aner ifrå Maurangsnes Dei var innkvartert på Hilton-hotellet på staten si rekning etter å ha vorte knivtruga og rana for fotoutstyr/pc for 100.000.(profesjonell fotograf) Utruleg nok tok dei dette med overraskande godt humør. Det må vera noko med slekta! Heretter blir det ikkje meir snakk om kriminalitet, mor mi brukar å vere mest oppteken av det.

Seinare køyrde vi igjennom ein tropisk regnskog som vart freda alt på 17. hundretalet.
Det er ei frodigheit og eit fugleliv som er eineståande. Mellom anna såg vi fleire artar kolibriar. Desse fuglane er knøttsmå og hyperraske, og kan stå stille i lufta omtrent som eit helikopter.
KARNEVAL
Karnevalet er noko av det viktigaste i livet til folk ifrå Trinidad og Tobago. Her skortar det ikkje på ressursar. I år rekna ein med at omlag 50.000 utanlandske turistar vitja landet i karnevalstida. Omsetjinga er stipulert til mest ei milliard. Hovudarena er Port of Spain, men sjølv i Scarborough, her på Tobago, syntest vi at karnevals-opptoget var fantastisk. Det ville mest ingen ende ta, og mange av kostymene var veldig fine. Musikken er eit kapittel for seg. På lastebilar står det svære aggregat og ditto høgtalar som pumpar ut knallhøg rytmisk musikk. Om ein skal kalle det musikk, kan det vera delte meiningar om. Deltakarane går rundt med seige skritt omlag som om underlaget er sirup. Rompene får av og til kraftige vibrasjonar som kan minne om invitasjon til unemnelege ting. Jan Henrik var ved to høve boktaveleg tala i nærkontakt med eit par undommelege og svært attraktive ”stjertar”. Uheldigvis var batteriet i kameraet mitt tomt ved det beste eksemplet.
Dei fleste av deltakarane er nok damer, og det i alle fasongar. Her bryr ein seg ikkje om ein 50-60 kg for mykje. Merkeleg nok legg overvekta seg i all hovudsak på rompa. Det må vera ein arv ifrå Afrika, då det var om å gjere å legge seg opp eit depot til trongare tider. Mange her stammar ifrå Ghana. Når desse rompene blir utsett for rytmar, lever dei sitt eige liv og må berre sjåast ved sjølvsyn. Herleg!
Misforstå meg rett, her er også mange aerodynamiske og inspirerande bakendar. Eg hadde faktisk tenkt å skrive eit eige reisebrev berre om dette emnet, men dette får halde i denne omgang.
Noko av det artigaste med karnevalet var å sjå alle dei flotte ungane. Her skulle ein tidleg krøkast, og danseferdigheitene såg ut til å ha kome inn med morsmjølka.
Eg legg ved ein del bilete som i grunn talar for seg. I tillegg vil Åsmund om ei vekes tid legge inn fleire bilete ifrå Tobago

I morgon reiser Jorunn og Jan Henrik heim, og vi to andre set kursen for Grenada. Her skal vi ta Fatuhiva på land for botnsmørjing, og dessutan skal vi treffe igjen våre svenske vener, Clas og Helmi. Deretter blir det full fart nordover mot Martinique.

Med helsing Mette og Bjarne

mandag, mars 06, 2006

Her kjem ein motpost.

Etter hundrevis av bilder med kvite strender, azurblått hav og flotte båtar, er det på tide med litt vinter. Her er bilder frå Golsfjellet no i vinterferien. Helsing Åsmund.