fredag, november 11, 2005

Tips....

Sjekk ut linken til høgre i menyen under navnet "ARC". Den fører deg til den offisielle sida for Atlanterhavs-kryssinga. Her finn du info om start og målgang, full startliste med spesifisering av båttypar og du har muligheten til å finne ut kor i "mølja" Fatuhiva befinn seg under overfarten til ei kvar tid. Målet må jo væra å segla frå alt og alle, og væra første mann på festen i St. Lucia.

Detta tipset var lagt inn av Åsmund, som forøvrig skal besøke foreldra sine i St.Lucia like over nyttår. Truleg heng søstera Marte seg også på, men ein veit jo aldri med ho........... :-)

8 Comments:

At 1:43 p.m., Anonymous Anonym said...

Senne dama skal til Karibien, den saken er grei.

 
At 1:46 p.m., Anonymous Anonym said...

BEKLAGER, har lagt inn tilsvaret over her på vegne av Marte, og ser at en stygg, utilgivelig skrivefeil har sneke seg inn på mystisk vis. så. DENNE dama skal til Karibien, er den riktige ordlyd. Eg orsakar på det sterkaste. Vil også tilføye at marte skulle stått med stor M. Det er VELDIG fredag i kongeriket Norge. Line, flau og skamfull

 
At 3:08 p.m., Anonymous Anonym said...

UNGALAMUNGA MAGJÆL OG GRAUT!
Griselabbar,sauehuvu, rakafisk, akevitt og øl skal snart prøvesmakast i gamle Noreg. Og de nippar framleis til kvitvin og vassent øl?Og huda blir gradvis meir brunbarka og sviskelike? Det er berre avundsjuka som rår.
Alt vel, merkeleg haust. Ingen snø sjølv om sola er borte bak Dugurdsnatten før nons. Smask frå Kev

 
At 5:25 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei søndagskveld
Begynner å dra mseg mot avreise 2.
Det er alltid spennande å skulle dra til eit anna kontinent, men så viser det seg at det er ikkje så stor skilnad likevel. Det er mi erfaring. Tre veker i sjøen blir kanskje uvant, men nå er det så trena i å ta ting som dei kjem at etter tre dagar, så føler det vel at det normale er å ikkje sjå land.
På Jessheim går det bra. Eg trivst i alle fall med å jobbe med "Gaukreiret", og det verkar som elevane har det bra. Dei siste tre vekene før premiere har eg alle timane, og helgene med, så det blir ikkje så mye fri. Men så blir desember fin og over jul kan eg cruise inn til sommarferie på den farten eg har generert nå i haust. Som de skjønnar er det berre
vestlandshaust over heile landet.
Men det gjer at utefotballsesongen varer lenger, og det er greitt å ta seg ein joggetur i 7 pluss.
Eg har tilsyn i helga og i dag var det svinesteik og surkål til middag,
så da lukta det jul i matsalen.
Elles alt vel her. Eg skal etterkvart sjekke litt reisealternativ også. Kan jo få noen erfaringar frå Åsmund og Marte. Etter påske skal vi til Krakow og Warzawa med skolen, så då kjem eg inn i reisemodusen.
Ha det bra så lenge. Kjetil.

 
At 8:38 p.m., Anonymous Anonym said...

Heisann!
Her kjem ei helsing frå Bjørnegården. Her er er alt fint, borsett frå den seige forkjølinga som Åsmund har pådratt seg. Det har vore harking og surkling i to veker no, så eg trur guten snart er forsynt. Eg for min del konkluderer med at eg må ha eit fjellstøtt immunforsvar som greier å stå i mot alle desse basseluskane som kjem ut. Men ellersen så har me det bra og er fornøyd og gla.
No går me berre å ventar på rekordnedbøren som er meldt det neste døgnet. Eg trur det er på tide å gå til innkjøp av eit par støvlar, for det blir jo verre og verre med alt dette regnet.
Åsmund jobbar i helga, mens eg har skreve på ei oppgåve som skal inn i morgon. Femten sider med rein kunnskap! Godt å vera ferdig.
I går kveld var det fotball og øl. Åsmund og Vegard var ein liten tur på byn etterpå. Åsmund i sin nyinnkjøpte fretexfrakk, som faktisk er ganske så stilig. Eg var på kino med Helge, og var godt nøgd med det…..:-)
Men dåke må i alle fall nyta den siste veka på land no. Det er vel ein del førebuingar og diverse styr kan eg tenka meg!? Men det blir spennande. Me har dåke i tankane.

Klem fra Tone

 
At 7:25 a.m., Anonymous Anonym said...

Norge sucks. VG teller allerede ned til EM i sveits/østerrike..!! så ej kan opplyse om at det berre er 933 dagar igjen til det. (dei telle også ned til vm i afrika, berre 1660 dagar igjen til dét..herlighet)

Ej telle ned til avreise st.petersburg, 15 dagar igjen. Gleda mej til å følge opp globetrottinga på et vis, sjøl om det kanskje e litt kaldare der enn i dåkka trakter. brrr..

mamma er i oslo, så ej bur på hotellet la med ho. kjempekoslig - det går i pottis, dip, tv, badekar og sladder på høgt nivå. skal helse så massssse!

Lykke til vidare på ferden!!! klem

 
At 9:55 p.m., Anonymous Anonym said...

HEI PÅ DERE..
Prøve igjen etter at 2 mislykka forsøk. Skulle ikkje trudd at dama hadde 10 vekttal i IT!! Snø og kaldt i Høyanger og vi misunna dere sola og sommaren. Men ganske sikker på at dere òg ville ha hatt pinneribbe på Høgebakkane i morra. Ganske nært jul..og vi gleda oss. Eg å Carro tek oss ein Berlin-tur i des. det blir stas. Ellers masse jobb, Alex har fått bjynt å trene litt igjen, og mamma og pappa putla med sitt. Får eg til detta blir det flere ..
Syns dere var aldeles brune, friske og praktfulle på bilde..Kåssen går det an å komme tilbake til kverdagen etter dette?? Nyt kver en dag og kver ei havn.. Klem fra Anne eks.dekksjente.
PS:Håper dere treng dekksjente på tilbaketuren å. E jo blitt en jevel på slusing???

 
At 11:09 a.m., Anonymous Anonym said...

Hei!
Vi har tenkt på dere og snakket om dere stadig siden vi traff hverandre i Inverness. Nå er det ikke lenge igjen til start! Vi kommer til å henge på nettet og følge med dere på veien over. Håper dere finner passaten litt tidligere enn vi gjorde! Den er der - men i fjor fant vi den ikke før to dager før vi kom fram.
"Den lille gule" er nå strippet for hvaseilingsutstyr, det meste har vi solgt til folk som skal seile ARC neste år. Hvis dere ser Sue eller Jeremy - hils dem fra Trine og Ole på Citrina!
Vi ønsker dere en fantastisk seilas!
Trine og Ole - Citrina - ARC 2004

 

Legg inn en kommentar

<< Home