søndag, oktober 02, 2005

Reisebrev 13.- Graciosa-Lanzarote

REISEBREV NR. 13- GRACIOSA/LANZAROTE

18/9 vinka vi farvel til Madeira og sette kursen for Graciosa, ei lita øy på nordspissen av Lanzarote. Veret var som vanleg bra, og dei 270 nautiske mila gjekk unna på nett 2 døgn. For dei innvidde er dette omlag same distansen som ifrå Espevær til Kirkwall på Orkenøyane.
Graciosa er ein stille og roleg plass, kjend for sine kvite hus og fine ankringsbukt. Vi låg i marinaen som var offentleg. Sjølv om det var straumuttak og kranar ved kvar båtplass, så hadde vatn og straum aldri vore tilkopla. Hamnesjefen var mest aldri å få tak i, og det verka som han helst ikkje ville ha betaling. Prisen var kun 5,5 Euro, noko som hittil var rekord nedover. Vi vart verande der i ei veke for å få ned gjennomsnittet!! Her var også mange av det eg vil kalle franske båtboms som sikkert tenkt det same. Gje ein franskmann nokre stålplater og eit sveiseapparat, så er han snart i gang med ei jordomseiling! Den nasjonen som kanskje er best representert i høve folketal er utvilsomt nederlendarar. Desse har fine båtar og snakkar alle eit utmerka engelsk i motsetnad til visse andre.
Elles var nok vatn eit stort problem, for det det var sjeldan det rann særleg i dusjane på land heller.
På laurdagen vart det sværa liv på staden. Det viste seg å vere symjekonkurranse mellom Lanzarote og Graciosa (omlag ei nm), og meir enn 400 deltakarar heiv seg i vatnet, store og små, båe kjønn, og ikkje minst alle fasongar. Men dei beste såg verkeleg ut til å ha symt før!

27/9 sette vi kursen mot Puerto del Carmen og den luksuriøse hamna Puerto Calero. Rundt heile hamna står det eit lite hundretal med store, solide messingpullertar. Kostnaden med berre desse tilsvarar sikkert ei gjennomsnitts norsk småbåthamn. Når det gjeld sjølve byen, så er dette ein typisk turistplass som mange nordmenn har vitja. For meir detaljerte opplysningar kan de berre ringe min gode ven Svale Våge på Varaldsøy.
På fredagskvelden var vi på irsk pub og opplevde konsert med Tina Turner. Dette var ei irsk utgave ( Brenda O’Connor), og denne tøtta stod ikkje attende for orginalen. Vi sat berre 3 meter unna og hadde intens blikk-kontakt, svenske Claes kanskje mest.(sjå bilete).
I Puerto Calero låg deltakarane i regattaen Mini Transat. Omlag 70 båtar på 6,5 meters lengde som hadde segla ifrå La Rochelle i Frankrike, og som skulle vidare til Brasil etter nokre dagars pause. Desse blir segla av kun ein person, og fråfalls-prosenten synest stor. Det vart hevda at i snitt forvann 2 båtar på desse overfartane. Den kjende Ellen Mac Arthur, som nett sette verdsrekord åleine jorda rundt, deltok i si tid på denne regattaen. Risikosport av ypperste klasse!

1/10 flytte vi oss ut av hamna og tok ein kaffiseglas på 10 nm ned til Playa Blanca og den verkelege luksushamna, Marina Rubicon. Denne har plass til meir enn 500 båtar og må berre sjåast, kort og godt. Det må vere investert enorme summar i turistanlegga her, og på dei 6 år sidan sist vi var i området har det skjedd svært store forandringar. Det surrar i alle tungemål, men eg trur fish and chips naboane i vest er best representert. Det er langt mellom atletane og hudfargen er ifrå bleik til blågrøn. Her kan ein sjå alle britiske fotballkampar på storskjerm og høyre engelske radiokanalar. Lanzarote blir forøvrig uttala: Lænsaråtteeei.
Om eit par dagar set vi kursen mot Fuertoventura..... Helsing Fatuhiva

1 Comments:

At 6:34 p.m., Anonymous Anonym said...

Må verkeleg seie Clas var lang i maska ja. Flotte bilder. Sku gjerne tatt ei ny veke ombord.

 

Legg inn en kommentar

<< Home