tirsdag, september 20, 2005

Madeira- 12








REISEBREV NR.12- MADEIRA
Vi skriv laurdag 17/9 og har vore i Marina Quinta do Lorde på nordaustspissen av Madeira sidan måndag ettermiddag. Dette er ein heilt ny marina som på langt nær er ferdig, og i tillegg er han plassert langt ifrå næraste tettstad. Følgeleg er bil eit must, og det har vi hatt i 4 dagar no.
Mange har etterkvart vore på chartertur til Madeira og vil vite kva eg snakkar om. Vi synest alle Madeira er ei fantastisk lita øy, ja eg veit faktisk ikkje kvar eg skal begynne. Sidan eg nemnde bil, kan vi først ta for oss vegnettet. På denne vesle øya med 270.000 innbyggjarar må det vera minst 25 mil med motorveg, med tildels svært høg standard. Reisten av vegnettet er også overraskande bra, når ein tek omsyn til topografien. Vi snakkar om at det er dyrt å byggje veg i Noreg, men tru meg, her er det mykje verre. Her finst knapt ein flat flekk, og heile øya er gjennomskoren av djupe dalføre som "renn" ned ifrå fjell mest oppe i 2000 meter. Her er ingen bompengar! Og eg må legge til all rettferd, truleg heller ingen frost! Likevel, eg sit med eit bestemt inntrykk av at dei landa vi har vitja til no, har ei heilt anna satsing på infrastruktur, vegnett innkludert. Om ikkje Noreg skal bli "parkert" i framtida, må vi vere villige til å bruke meir oljepengar på ein slik relativt lite inflasjonsskapande måte. Det er jo eit uttrykk som heiter "utgifter til inntekts-ervervelse".
Naturen her er mektig. Det skuldast mellom anna at dette er ei høg vulkansk øy som "poppa" opp av havet for nokre millionar år sidan. Klimatisk ligg ho gunstig plassert, og dette har ført til overflod av alt som kan vekse. Det er sikkert berre polare planter som ikkje gror her. Sørfjorden er ikkje å kimse av, men her er det enno frodigare!
I går køyrde vi saman med våre svenske vener på ein fin veg heilt opp til Pico do Areeiro på 1812 meter. Knallver og mektig utsyn. Vidare gikk eg og Clas på ein sti mot ein annan fjelltopp. Dette var ein berg- og dalbane sti som for ein stor del var hoggen inn i stupbratte fjell. Eg har aldri sett noko liknande! Mette vart klokeleg igjen pga. høgdeskrekk.
Her på Madeira har dei eit gammalt og omfattande system med vatningskanalar oppe i fjella. Ein dag køyrde vi til Santana og følgde ein av desse "levada’ane" i 4-5 timar. Kanalen snodde seg rundt alle fjell i omlag 900 meters høgde, og mange stader var denne også regelrett hoggen inn i loddrette fjellsider. Vi gikk også gjennom fleire korte små tunellar, men var førebudde med hovudlykt. Levada’en enda ved Caldeirao Inferno. Legg merke til namnet!
Hovudstaden Funchal kjem vi ikkje utanom. Ein flott by vi godt kunne tenkt oss å vore lenger i. Han ligg plassert som eit amfi ned i mot havet. Små, fine bygningar og bugnande blomsterflor og flotte tre innimellom. Vi var innom ein stor lokal marknad som hadde det meste, inkludert ei rekkje artar av vanvittig stygg djupvannsfisk. (sjå bilete). Elles er frukta her særdeles velsmakande, og for første gong har eg ete mengder med vindruer. Desse var ei openbaring for ganen, ei blanding av drue, stikkelsbær og solbær. For meg som alltid har vore ein ein tilhengjar av gjæring og rafinering, må eg berre innrømme at råstoffet mest er betre, i allefall på smak!
Mette og Helmi fekk med seg ein tradisjonell sledetur i dei bratte gatene, og denne vart sjølsagt raskt foreviga på glansa papir.
Marinaen låg sentralt og fint plassert, men akk, full mest til ei kvar tid, så vi fekk diverre ikkje oppleve å ha base sentralt i byen.
Vegard flaug heim torsdag kveld, så no er det berre vi to gamle igjen. Han ringte fortvila ifrå Frankfurt og fann ikkje flyet som skulle vidare. Det kom då for dagen at Ryan Air, som skulle ta han vidare, sjølsagt brukte ein heilt annan flyplass. Ein klar svikt i logistikken, men til alt hell hadde han 12 timar å kome seg dit på! Denne ventinga er berre ein forsmak på marinen.
Fatuhiva er no bunkra opp ( ikkje Lidl denne gongen, og mest berre tørrvarer), og vi set truleg kursen for Graciosa i morgon tidleg. Det er 270 nm ned til denne øya som ligg på nordspissen av Lanzarote. Med normal fart skulle vi vere framme der tysdags morgon.
Vi har følgd litt med på val og flaum der heime, og vonar at det ikkje har skjedd altfor store skader.
Helsing oss i Fatuhiva

4 Comments:

At 8:50 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei! Fylgjer med på turen dykkar med interesse og litt misunning. Ja det er nok andre greier enn å fara til Mauranger og bala med sjuke sauer. Berre gled dykk til Karibien, kan anbefala Grenada, St.Lucia,Trinidad og Tobago m.fl.Var mykje der i 1960 åra med stykkgodsbåt God tur over, og pass opp for Hurricanane.
Helsing Johs. Bondhus

 
At 2:46 p.m., Anonymous Anonym said...

Ei lita helsing frå misunnelege vener i Volda.
Så endeleg etter 20 års planlegging er de på tur.
Vi skal følge med dykk, og vi skal nyte bilder og historier undervegs.
Pass godt på dykk sjøve.

Einar og Svahild

 
At 10:43 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei og hå Bjarne og Mette.
Skal si dere er flinke til alt mulig.Det er jo omtrent som å lese en sammenhengende SAIL-TOURS reklame.Jeg hoppet rett på brev 12.Nå skal jeg kose meg med resten.Si ifra når dere trenger en stødig wappen von bremen überstormführer.
Er det ikke litt varmt der nede nå da????
Hilsen svalbardkamerat Ståle

 
At 9:07 p.m., Anonymous Anonym said...

Gommo og Kevens har lest siste nytt.Gamlå kjende igjen navn og bilete frå Madeira."De tek vel te å bia leie no?" meinar sjølvaste.
De får sea frå når det bi aule, så sko me ta ein jett ne te rikkan.
Alt vel på Gol.Amerikabesøk ovestått.Meinte det vart ei stund til neste gong.
Ha det riktig bra og kos dikkan!

 

Legg inn en kommentar

<< Home