tirsdag, august 23, 2005

Reisebrev 10. Nazare-Sines


Reisebrev 10- Nazare-Sines

Hei igjen! Vi forstår det slik at forrige reisebrev nærast ordrett blei trykt i Grenda, og at adressa til heimesida blei kunngjort. Det kan jo vera litt kjekt å få noko større publikum. Sist så var vi i Nazare og tok avskjed med Arild og Erna Helle som la igjen båten der for vinteren. Der trefte vi også eit svensk nypensjonert par som var jævla mysiga. Claes og Helmi i ein knøtt-liten båt. Dei hadde også kursen for Karibien. Han kunne ingenting engelsk, medan hon var inte så jette-clever hon heller!! Desse har vi møtt igjen no, og skal ut på middag igjen i kveld.
10/8 sette vi kursen sørover til ein by som heitte Peniche. Det vi hugsar herifrå er ei lang flytebrygge der vi låg 3 båtar utanpå einannan og rulla heile tida. Fiskebåtar som skulle gå i 3 knop forbi, hadde misforstått og trudde det var 3x3 knop! Vi hadde oss ein tur oppom ein marknad i byen, og eg kjøpte 2 shortsar, 1 langbukse og 2 T-skjorter for den nette sum av 25 Euro. Eg tykte det var ein svært god handel. Men akk! Halvparten viste seg ikkje å passe og reisten hadde dårleg passform!
Det vart eit kort opphald og vi for vidare til Cascais neste dag. Dette er ein fasjonabel forstad til Lisboa. Her hadde dei den dyraste hamneleiga hittil, 34 Euro. Elles var det ein vakker plass som var vel verd eit besøk.
Etter 2 dagar segla vi opp elva til sentrum av Lisboa og fekk plass i Doca Alcantara. Det vi har å utsetje på denne plassen var ein nattklubb like ved som spelte house-musikk med 200 decibel til 7-8 om morgonen. For dei som ikkje veit kva house-musikk er, så kan vi opplyse om at dette var Mette Marit sin foretrukne musikk før kronprinsessetida. Det er snakk om nokre få bassrytmar som blir repetert i det uendelege, og personleg er eg overbevist om at ein må vera i kjemisk rus for å halde ut dette. Alkohol blir altfor svakt!
Lisboa var ein fin by med utrulege gamle og nye bygningar. Her var ikkje mykje slum som vi såg i Porto. Vi vitja sjøfartsmuseet som naturleg nok var svært interessant all den tid Portugal har ei slik oppdagar- og kolonihistorie. Elles tok vi ein sight-seeing tur med ein open dobbeldekkarbuss. Dette har vi funne ut er ein grei måte å få oversikt over ein ny by. Langs elva var det laga til med fleire småbåthamner, restaurantar, diverse museer og større og mindre monument. I det heile teke blir det her i landet brukt mykje pengar på fellesareal med strålande utsmykkingar. Eg seier til våre svenske vener at dette er EU-pengar som kjem rett ifrå Sverige!Det trur dei også.

Etter 4 dagar i Lisboa segla vi vidare sørover til ein liten plass som heiter Sesimbra.
Her vart vi mottekne av ein havnebetjent som hadde arbeidd i Noreg og var venlegheita sjølv. Han kunna verken norsk eller engelsk, men vi hadde ein interessant dialog. For andre gong var det skikkeleg badevatn på turen, og eg nytta høvet til å dykke underbåten. Til mi store overrasking var mest alt som heitte sinkanoder opptært på 3 mnd’er, og eg skjønte at her måtte noko gjerast.
Løysinga kom alt på neste plass, Sines. Dette var ein koseleg plass med ein svært billeg og triveleg marina. Til alt overmål hadde dei ei solid betongkai ved sida av eit opptrekk. Det var fullmåne og 3 meter skilnad på flo og fjøre. Vi tjora Fatuhiva godt fast i kaien og let det fjøre. Sinkanodenen blei skifta, propellen polert og ekstra sinkanoder skrudd fast i kjølen. Dette gjekk enkelt og greitt og kosta 200 kr.! Kl. Halv fire om natta flaut vi endeleg igjen. Kvifor desse sinkanodene blir tært så fort må ha noko med saltgehalten i sjøen her, trur eg. Som sagt her er veldig triveleg, veret er bra, her er mange kjekke folk å prate med og tida går kort og godt som ein røyk.
Apropos tid. Endeleg har eg fått den trådlause nettverksdingsen til å verke; vi er på internett folkens! Eg får inn mail, men er ikkje i stand til å sende ut sjølv. Har ein mistanke om at dette har samanheng med eit oppsagt telefonabonnement i Tele 2. Har difor oppretta ein hotmailadresse: fatuhiva2@hotmail.com. Vi startar no dagen med å lese avisene, Grenda, Kvinnheringen,Innsida, BT,Dagbladet og VG. Er det nokon sak?
Kommande laurdag får vi besøk av sønene våre, samt Tone, kjærasten til Åsmund. Dei flyg ned til Faro og vi treffer dei der nede på Algarvekysten ein stad, truleg Lagos. Dei skal vere med ei vekes tid, men Vegard skal ikkje inn i marinen før i slutten av september, så kanskje han blir med oss over havet til Madeira. Det hadde vore veldig kjekt for oss. Vi gler oss uansett til besøk!

Tilslutt eit par spesialemner: Laushundplaga. Her finnest nok butne hundar, men eg har ikkje sett nokon. Langt dei fleste streifar omkring i større eller mindre flokkar. Dei er ubeskrivelege blandingar som i allefall har ein ting felles: Dei likar ikkje syklistar, sikkert ikkje dyrlegar for den del. I alle fall er det ei sann plage når ein kjem søkklasta ifrå Lidl på ein knøttliten samanleggbar sykkel med 10 plastposekolli plassert rundt omkring på farkosten, og desse kjøtarane fattar stor interesse for pedalane. Sameleis er det når ein joggar. Desse dyra værar deg på lang avstand og gøyr utan unntak. Personleg har eg jo ein del erfaring og prøver å ignorere dei fullstendig. Då misser dei fort interessa. Elles er det mange som har med seg ”tamme” hundar og katter rundt omkring på båtane. Det gjer sitt fornødne rundt omkring på dekk og flytebrygger, og gøyr konsekvent på alt som går forbi.Va hemsk trevlig!
Fiskegalskap. Eg trudde tyskarane var ekstreme når det gjeld fiskeinteresse, men dei blir smågutar mot portugiserane. Dei står dag og natt ute langs strender og moloar med stengene sine. Om kveldane ser vi sjøllysande reker i silikon fare fram og tilbake i lufta. Av og til står dei så tett at dei nødvendigvis må få einannan på kroken! Elles er det store mengder fisk her .I alle hamner kryr det med noko dei kallar mulle. Desse søm rundt i overflata og ”smattar”. Vi høyrer det faktisk inni båten. Diverre smakar ikkje desse noko særleg, så dei får stort sett leva i fred.

Sines, 22/8. Beste helsing Mette og Bjarne

6 Comments:

At 7:48 a.m., Anonymous Anonym said...

Hei Fatuhiva. Det er litt vondt å sitte hjemme og ikke kunne gjøre annet enn å lese om turen - skulle helst ha vært der ute vi og.

Antar at dere vil anløpe Lagos som har en nydelig (men dyr) marina. Da må dere ta en utflukt til Sagres og Cabo San Vicente. Her er det mange interessante spor etter de store sjøfarerne.

God tur videre, hilsen Bjarne på S/Y Tomba

 
At 5:54 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei Fatuhiva.
Kjekkt, langt reisebrev denne gangen. Tøfft bilde! Her heime har me den første "hauststormen" idag.
Eg har arbeidd*) snart 3 veker etter ferien. Vekependlar framleis te Leirvik. Blir no fine helgar av det. Har vore nokre turar på sjød`n etter me kom heim. Saknar livet ombord. Da va sjukt kjekkt.

mvh
Per M.

*) Arbeid: Må stå tidleg opp å ta på langbukser**. Må så samanhangande driva med tilsynelatande nyttig arbeid i 7-8 timar.Oppgavene er gjerne prioritert av andre. Ta ei øl er f. eks ikkje klassifisert som nyttig aktivitet.

**) Langbukse:Ubekvem variant av buksene de brukar(rekk heilt ned te bakkjen)

 
At 8:25 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei Fatuhiva. Fredag 26.8.
Har endeleg tid til å sette meg ned ved tastaturet.Det er siste frihelga før elevane kjem på søndag.
Det blir sikkert bra, men eg føler at eg ikkje er heilt i jobbmodus ennå. Denne veka har vi hatt førebuing, og det har eg blitt sliten av! Sjølv om det berre er å sitte på ein stol og høyre på det samme som vart sagt i fjor og året før der. Det er demokrati i praksis.
Leiinga kjem til oss, med alt det dei eigentleg burte hatt klart.
Eg har lese ein del barnebøker med tanke på å finne stoff til hovudproduksjon i vinter, men nå har eg bestemt meg for Gaukreiret, og det kan bli bra.Det er nemleg litt stress inntil denne produksjonen er bestemt. For 14 dagar sidan var eg altså i Finnmark og det var fint. Reiste med hurtigruta frå Tromsø til Vadsø
og fekk såleis med meg ei kyststripe som eg ikkje hadde sett før. I vadsø hadde eg base hjå ein kollega frå Skaga for 11 år sidan.
Eg leigde bil og køyrde om lag 100 mil hit og dit; Berlevåg, Vardø, Kirkenes m.m. Aprophos long time no see, så var eg i helga på 50 års lag til ei Litleskare, og der møtte eg fleire jenter frå barne og ungdomsskole. Tilsvarande da eg var i Molde på jazzen, oppsøkte eg ei jente som eg ikkje hadde sett på 28 år.!! Det merkelege er at det er lett å gjenoppta kontakten.
Det er berre spglar og badevekter som kan avsløre at tida har gått.
Jazzkurset på Søgne var også bra som det pleier.Ein reiser alltid sprekkfull med inspirasjon derifrå.
Dessverre har eg denne jobben nå som tar mye av tida mi.Alt i alt ein sommar utan dei dramatiske hendingar, men eg var ikkje motivert for utanlandssprell nå i og med at eg har reist så mye siste året. Det eg er mest nøgd med er beisinga av naustet som gikk
betre enn frykta. Brukte lift på 3 av sidene. Det er tingen altså.
Men det tok 6 dagar med arbeid frå morgon til kveld. Det er slikt ein som eg har litt godt av, i alle fall fysisk, men kanskje mentalt også. Det er fint å lese at det går bra med dykk framleis. Eg forstår det. 50 åra er lett å drive dank i. Eg var i Portugal i 91, og som nemnt var mi største oppleving der tyrefektinga.
Kos dykk med familien denne veka, og hels så mykje. Skip ohoi kjetil.

 
At 8:28 p.m., Anonymous Anonym said...

Hallo sjøfarar!

Spennande å lese om livet på sydlegare breddegrader. Det må vere nok arbeid for dyrlegar i Portugal, høyrest det ut som. Og her heime klagar vi på knott og mygg. Får håpe det ikkje er mykje rabies i omløp. På Sunnmøre går livet sin vante gang. Og godt er det. Brukbart ver, med bra temp. til på vere på desse breddegrader. Egyptfararane snorklar i Rødehavet, og latar seg i 40 graders varme. Får rapportar via SMS. Vi helsar og gler oss til neste reisebrev.

Geir.

 
At 12:09 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei! Så tøffe bilder! karrière som postergirl & -boy etter seilinga bør vurderes! Håpe dåkke kosa dåkke med innkomt besøk. :0) søte søskenbarna. Marte tok så godt i mot oss når vi kom heim i går! ho e virkelig et kjerring/mor/omsorgs-menneske. Ferdiglaga lasagne til terningkast 6, kald kvitvin og sladring sto på menyen, og vi hadde en kjempehyggelig kveld. prata også MAAAASSE om karibien-tur, marte verva stadig reiseglade venna. Følge spent med på ferden vidare - nyt kvarandre, turen og livet to da maxxx! klemma fra tante&onkel-ungen i oslooooo

 
At 7:52 p.m., Anonymous Anonym said...

Det ser ut som om de har ein aura av sunn ungdom rundt dykk, men eg lurar på ein ting, kven er ho blonde som er med på alle bilda?
Her sit ein dødsliten 46 åring med hetetokter og lurar på kvar ettermiddagsenergien er vorten av?
Sol og varme kom til mig!
Elles er lyspunktet at me møter flott og frisk ungdom kvar dag i vårt virke!...Skal helse frå Magne Olav Thorseth frå Hemsedal. Lev vel og lev godt. Smask frå Kevens

 

Legg inn en kommentar

<< Home