tirsdag, august 09, 2005

Bayona-Figueira nr.9



















REISEBREV NR.9- BAYONA TIL FIGUEIRA DA FOZ
Eg må be om orsak for at det har drege ut med dette reisebrevet, men vi har det så travelt! La meg først slå fast at vi har det framleis fint, ingen uhell av noko art og progresjonen på turen er som forventa. Vi har segla omlag 1700 nm, motoren har i alt surra 200 timar og brukt ganske nøyaktig 400 liter, med enkel hovudrekning skulle det seie eit snitt på 2 liter i timen! Med dei prisane som er i dag vil nok snart dei store Princessane bli permanent fortøygd i havnene. Her nede er det mest berre seilbåtar!
Vi savnar sjølsagt alle vennene våre, men ein kan som kjent ikkje alltid få i pose og sekk. Eg var jo vane med å bruke mobiltelefonenen flittig, men må her legge sterke band på meg. Det blir fort like stor kostnad som hamneleiga. Desse tekstmeldingane har eg aldri fått taket på! Fingrane mine er for tjukke og trege i avtrekkjaren.
Det trådlause nettverket har eg diverre ikkje fått til å fungere. Eg finn stadig nettverk, men kjem ikkje vidare. Eg får melding om program som tidlegare er lagt inn som no på eit eller anna vis er borte. Dessutan skal det vere utruleg mykje virus i lufta for tida! Arvid, skal ikkje du snart ha deg ei veke på Algarvekysten??
Sidan eg først snakkar om tekniske ting. Vi hadde sett pris på om fleire skreiv inn ”comments” på heimesida vår. Det kan vere nyhende og lite kompromitterande sladder ifrå gamlelandet.
Her følgjer litt om reisa sidan sist, tidvis i telegramstil. Før de no les vidare: Ta fram kartet! Nina og Per Solberg forlet oss jo i Villagarcia. Det var trist og vi savnar dei framleis. Neste havn vart som nemnt Bayona. Dette er ein kjend by og område for langturseilarar. Det har lett for å gå inflasjon i superlativa, men her var det kort og godt steikje fint! Etter eit par dagar i byen, segla vi 30/7 ut til nokre utruleg vakre øyar like nordanfor, Islas Cies. Om ein ser bort ifrå sjøtemperaturen, så måtte dette vere noko av det næraste ein kom Caribien her i Europa.. Fleire flotte badestrender, kupert terreng, fine stiar, mykje folk. Arild Helle og eg hadde eit par joggeturar og kikka på fyr og kva elles som måtte by seg fram i terrenget.
Vi var ikkje aleine her. Første dagen var de 31 båtar oppankra ved den eine stranda og det krydde elles av folk som kom med rutegåande båtar. Men det blas godt! Etter to netter med oppankring hadde Arild definitivt fått nok av bekymringar om kva tid båten havna i fjøra og ditto søvnmangel.
1/8 sette vi kursen for Portugal og første havn vart Viana do Castelo. Det blas godt inni den vesle havna, og eg var glad då vi greidde manøvrere oss inn mellom ei rekkje stramme akterfortøyningar og greidde å kile oss inn mellom to båtar. Av og til skal ein ha litt flaks og! Elles fekk vi vårt første bekjentskap med portugisisk byrakrati. Her måtte ein ikkje berre koma her og her. Det var ein 4-5 personar inne på eit kontor med ein defekt PC som etter mi meining hadde svært lite å ta seg til. I andre havner hadde vi fylt ut innklareringsskjema sjølv, men ikkje her nei! Det måtte stavast både framlengs og baklengs. Eg er kome fram til at det beste er å takke opp og i mente for alle tenester og skryte uhemma av havna deira.
Elles var byen(igjen) veldig vakker. Den hadde hatt si storheitstid spesielt på 15-hundre talet, og ”gamlebyen” var freda.Tidlegare rikdom hadde kome ifrå fiskeri i fjerne himmelstrøk (eks.Newfundland) og handel med rike koloniar. Mange av husa var kledde med fliser og var svært piktoreske. På ein fjelltopp i bakkant av byen var det bygd ei gedigen kyrkje til minne om St. Lucia. Denne låg på vel 200 meter og var opplyst i mørke. Vi gjekk 780 trappetrinn kvar veg, og som nordmenn flest naut vi kvart einaste eit! Siste kvelden havna vi i ein festival med uante mengder folklore. Det var eit fargesprakande virvar av vakre bunadar, dans, korsang og tildels grusomme solistprestasjonar. Etter ein times tid med dette fekk eg angstsymtom og sterke assosiasjonar til eigen kariere i folkeviseleik med fru Os i ungdomshuset på Vinstra!! Dessutan har eg eit par mislukka springarkurs som også låg i bakhovudet og gnog. Mette ber meg presisere at ho og dei andre på ingen måte hadde slike kjensler!
Etter to dagar her for vi vidare til Povoa de Varzim den 3/8. Dette var ein meir utprega ferieby med casino og mange hotell. Her var ein flott strandpromenade, og aldri har vi sett så mange joggande personar på ein gong, syklande for den del. Apropos sykkel. Mette sin samanleggbare kan vi ikkje få fullrost nok. Den blir flittig brukt av eigaren og underteikna. Det hender endåtil at ho låner han ut til personar i nabobåtar! Havna var billeg og fin, men diverre skjemma av ei sterkt sjenerande kloakklukt på fjøre sjø, og det var sjølsagt då om kvelden. Neste dag tok vi tidleg om morgonen buss inntil nest største byen i Portugal, Porto. Havna utforbi var stengt etter ein brann i ein tilliggjande fabrikk. Elles er prisnivået på offentleg transport her i landet ekstremt låg. Ein times buss- eller togtur kostar omlag 12 kroner!
Porto var veldig spesiell. Elva hadde greve seg ned i landskapet og byen låg i dei bratte skråningane på kvar side. Det var mange store og overdådig utsmykka bygningar ifrå storheitstida under og etter dei store oppdagingane. Men inne i mellom desse praktbygga stod det omtrent like gamle høghus av tre, på halv åtte og med utskot og verandaer i alle fargar og variantar. Dessutan hadde alle klesvask ute! Gatene var somme plassar berre eit par meter breie og ein kunne glatt hoppe over til naboen i tredje etasje. Vedlikehaldet var partivis svært sparsomt. Mykje av denne bygningsmassen er no freda. Den dagen vi var der, låg røyken ifrå alle skogbrannane nokså tett over byen. På mange måtar minna litt av av inntrykka om Kairo i Egypt. Veldig spesielt til å vera i Europa!
Vi kryssa brua til sørsida av elva. Her låg nemleg alle portvinhusa på rekkje og rad, og alle hadde omvisningar med prøvesmaking og sal. Vi tok to slike, og enda opp med eit par flasker av ein slik kvalitet at dei kun kan opnast i 80 årsdagar og dess like! Elles var det ein sydande aktivitet på brua. Den vart sandblåst og dessutan brukt som springbrett for meir eller mindre hasardiøse stup ned i elva. Eg tilbydde meg å ta eit slik eitt ( 32 grader i lufta), men blei bryskt nekta av Mette då ho frykta å måtte navigere båten vidare aleine. Så tok vi bussen heim!!
Dagen etter (5/8) reiste vi vidare sørover mot Aveiro. Her skulle vi ta ein kanal til styrbord omlag 5 nm til ein marina. Like etter moloinngangen vart vi bryskt praia av politiet i passbåt som på fingerspråket ga klar beskjed om at vi hadde med å halde oss til babord og ankre opp saman med nokre andre båtar på same side ikkje så langt innanfor opninga. Like etter buldra det ifrå himmelen og to digre Catalinafly sneia bortetter kanalen og fylte buken med sjøvatn før dei med eit brøl letta og fauk innover landet. Dette gjentok seg så lenge det var lyst. Der hadde vi forklaringa! Eg har nemleg gløymt å nemne at heile kysten var dekt med røyk på nedoverturen. Vi snakka med lokalbefolkninga, og dei kunne fortelje at dei fleste brannane var påsette!
På kvelden rodde vi i land. Jentene spaserte og fann høveleg resturant medan Arild og eg dreiv med intensivtrening. Etter 3 stigningsløp a 2 minutt der det prikka intenst i bryst og armar, vart Arild einig med meg om at det var nok. Eg er hans personlege trenar og har lovt å få han i slik form at han slår Arve Lunestad ved heimkomst! Vi starta nok for seint med spissinga av formen. Erna og Mette hadde funne ein framifrå og billeg restaurant, og vi hadde den beste paellaen ever! På returen oppdaga vi at det hadde fjøra og gummibåten vår hang på skrå oppe i ei steinfylling. Arild sklei på dei glatte steinane og klaska handleddet stygt nedi. Heldigvis har det i ettertid vist seg å gå veldig bra, og alle pasientane hans kan ta det heilt med ro!
Neste dag vart det motring til Figuera da Foz ( vinden har omtrent vore fråverande dei siste dagane). Dette var for så vidt ein grei plass, men ingen openbaring. Andre dagen tok vi tog inntil ein gammal universitetsby som heitte Coimbra. Etter det eg forsto hadde også mykje av den tidlegare kongefamilien kome herifrå.
Universitetet var fem hundre år gammalt og i dagleg bruk. Det skulle visstnok framleis vera det mest prestisjefylte i heile Portugal. Området låg på ein fjelltopp og bygningane var overdådig utsmykka. Vi kjem stadig attende til det: Dette Baroniet i Rosendal er ikkje mykje å slå i bordet med for godt vande europearar! Sigtseeing i 30 grader tek på, og vi snudde etter relativt få timar nasen heimover til heimelaga baccalao ombord.
Akkurat no, 8/8 kl.10.13, motrar vi vidare sørover, posisjon 39.51 N, 009.01W, destinasjon Nazare. Her skal familien Helle legge igjen båten sin for eit år, og neste sommar skal dei ta han vidare innover Middelhavet. Vi har helde følgje sidan starten i Uskedalen, så det blir sjølsagt litt vemodig. Vi har hatt det veldig kjekt i lag, men Fatuhiva får finne nye kontakter på sin veg mot Karibien.
Beste helsing Mette og Bjarne
Siste: 9/8 09.00. Vi er i Nazare, som også er ein kjempeplass. Her er kupert med ein vakker klippe midt i byen. Kan minne svakt om Santorini. Søsterskipet Ida skal heisast på land kl. 3, så det blir spanande. Mette ber meg helse til alle veninnene og takke for ”comments”. Vi skal prøve å oppdatere sida litt raskare seinare. Viktig melding til Kåre Rudningen: Eg har mista mobilnr. ditt. Send meg ei melding så vi kan avtale framtidig møte. Eg hugsar at du snakka om Venezuela etc.

8 Comments:

At 1:16 p.m., Anonymous Anonym said...

Så masse flotte bilder!! :D Sende et tonn misunnelse til algarve-kysten. Nytt heimefra e vel stort sett at ej skal begynne i nytt program etter egypt-turen med mamma. skal jobbe sammen med espen thoresen, så da tippa ej at ej får brukt mine barnslige sider til gagns. gleda mej! dåkke høre kanskje ikkje så masse på kanal24 i portugal, men dog.. ;0) Sola skinner i oslo i dag (men regnet har dominert i det siste) og til helga er det Øya-festival, det blir nok kjempebra! Marte kjem jo også tilbake til da, blir godt å få ho på plass i haimen. Ha en fortsatt superduper tur - kor e dåkke rundt juletider, forresten?? Har "pådratt" mej to veker fri etter jul.. :D

masse klemma fra Line

 
At 6:09 p.m., Anonymous Anonym said...

Eg må sei det frister å ta turen ned. Jobber på spreng med å få fri og finne et tidspunkt som passar. Carpe Diem.

 
At 10:12 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei!
Traff på Marte i uniform på Rosendalstunet, og fikk dermed tilgang til denne fantastiske siden! Så gøy å følge Fatuhiva med mannskap! Vi har det bare fint, Vilja vokser og trives. De siste ukene har vært fantastisk fine. I sept flytter vi til Bergen, Roy begynner å jobbe derfra. Kjøpt stort oppussingsprosjekt i Åsane. Blir godt å bli bergensere igjen, ikke langt til Omvikdalen heller! Viljas operasjon er utsatt på ubestemt tid pga at alle ting går så bra. Kos dere videre, gleder oss til nye oppdateringer!

Klemmer fra Henriette, Roy, Karlsson og Vilja

 
At 7:12 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei på dere! Så kjekt å lese og se på fine bilder. Har vært mye jobbing i det siste - pust og pes! I går hadde vi grillfest på Rosendalstunet uten at Leifen var til stede. Ellers er det fint i fjellet for tiden. Vær forsiktig og kos dere fortsatt.
klem Laila.

 
At 2:05 a.m., Anonymous Anonym said...

Det er reisebrev i Grenda 11/8 om jordomseglinga.
Der er det nettadresse
www.blogger.com
Det vil nå vera mange fleire som følger med på sidene.

Torleif Solheim

 
At 8:42 a.m., Anonymous Anonym said...

Hei!
Må seie at eg føler meg beæra over å bli omtala i reisebrev frå bøljan blå mens eg rotar på med mitt her i Borgund. Du etterlyste litt sladder og nyhende. Ikkje så mykje herifrå: Men bør nemne at første besøket av barnebarna nettopp er avslutta, svært vellukka. Hilde er mormor og eg er goffa. Det har vore så som så å vera bonde i sommar, regnet har fordelt seg jamnt, gode avlingar, men umogeleg å få i hus som turrhøy. I går tok eg skyteprøven, for neste helg begynner reinsjakta. Mattilsynet i Indre Sogn surrar og går, og eg surrar med. Forresten, Bjarne, viss du vil ha ei pause frå sjølivet, kan du søke som distriktssjef her i Sogndal, det er nettopp utlyst eit års vikariat medan Margrete ordnar fleire sogningar.
Reiseplanene våre til vinteren er veldig blå , førebels. Me har ein kjenning i Equador som me har lyst til å vitje. Og ei mellomlanding i Karibia ville gjera susen. Men mykje må klaffe, først og fremst må nokon ta hand om det som er heime. Så dersom nokon som les dette har lyst til å fore sauer, vatne blomar, lufte hunden, måke snø, gruse holke og gå på ski nokre veker til vinteren er det berre å melde seg! Og så lyt Hilde bli betre i kneet som har hangla nokre veker no før ho vågar legge ut på så lang tur. Dersom me skal reise, må det bli i januar eller februar. Det ville vera fint å få hyre på Fatuhiva ei vekes tid eller så. Når ville det i så fall passe godt eller dårleg for dykk? Mobiltelefonnr mitt er 91334660. God tur vidare!
Helsing Hilde og Kåre

 
At 1:10 a.m., Anonymous Anonym said...

Halloen,
Har endelig klart å komme meg inn på sida - og her var det mye interessant! Er ute på jobb igjen. Siden sist vi snakkast har eg vært kystlasaron og elvefisker. Røykelaxen er berga og skyteprøven avlagt. Ellers er det lite nytt å berette om. Nettsida til båten er oppe og går, men det mangler fortsatt en del;www.synirvana.com. Eg skal følge med dere på turen. Ha en fin tur videre og ta en dobbel ankerdram for meg og Bjarne.Hilsen Olavèn

 
At 10:42 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei Mette. Takk for sms.Ja ja, så var det tilbake til striskjorta igjen,men godt likevel.Sommeren har ellers vært fin den.No har vi fått vite alt ang. turen deres fra fru Solberg.I dag er her overskyet,fin temp.No tar jeg kvelden etter ei hard uke.Kos deg videre, jeg følger med. Ps.Annbjørg er på vei til London.Hun hadde reisefeber i dag,så da kan du tenke deg resten. Hils gemalen. Klem fra 2run.

 

Legg inn en kommentar

<< Home