lørdag, september 10, 2005

Algarve til Porto Santo








REISEBREV NR. 11- Lagos, Portimao, Albufeira, Faro og Porto Santo
Hallo igjen! Vi skriv9/9 og vi er på ei pitte lita øy langt uti Atlanterhavet. Hit kom vi i går morges etter 452 nm ifrå Portimao. Det tok oss berre 3 døgn, følgeleg ein snittfart på 6 knop. Rett utfor moloen i Portimao plotta eg inn eit såkalla way-point like ved havna i Porto Santo, trykte på "track" funksjonen og Fatuhiva gikk som ein strek på autopilot like fram utan at vi rørte rattet. Vinden var ifrå nordvest til svakt nordaust, slik at det var "normal" seglføring heile vegen. Vindstyrken låg på 5,6,7 sekundmeter, ein sjeldan gong oppe i 10-12. Det var ikkje sjø i det heile teke, kort sagt ein kremseilas. Kan elles og opplyse om at vi segla ifrå betydeleg større båtar, nemnast kan td. Hallberg Rassy 46. ( trur helst det var noko i vegen med mannskapet).
Vi hadde følgje med våre svenske vener, Clas og Helmi i "Freedom", men naturleg nok sakka desse akterut etterkvart pga. båtstorleik.
"Midtfjords"stoppa vi og bada. Havet var azurblått og under var det 4000 meter djupt!! Ei spesiell kjensle. Mette sto haivakt!! På vegen fiska vi to fine gullmakrell, og etter marinering i krydder og lime vart dette ein velsmakande middag.
Om nettene såg vi nokre gonger eit fantastisk syn. Vi var vane med å oppleve delfinar leike ved båten, likeins at havet til ei kvar tid krydde av moreld, men kombinasjonen var utruleg. Ein høyrde berre litt "snøfting" av og til, elles såg vi fullt av sjøllysande torpedostriper rundt farkosten!
Elles har vi alle gitt oss litteraturen i vold, til og med Vegard. Personleg pløyde eg igjennom to "Elling"- bøker på overfarten, og lo mykje og godt. Denne Ambjørnsen har ein utruleg god fantasi og fantastisk formuleringsevne.
Porto Santo er som nemnt ei svært lita øy, men har ein mykje betre kjend nabo, Madeira, som berre ligg ein 30 nm unna. Dit reiser vi på sundag eller måndag då Vegard har fått seg flybillett ifrå Funchal på torsdag (15/9). Her på øya er det fint på sin måte. Ei fantastisk fin sandstrand på 8-10 km. Fleire vulkanske fjelltoppar der den høgste er på 500 meter. Ein koseleg liten "by" med nytt kulturhus, ny kino, konsertamfi nede ved stranda, kort sagt, her som elles i Portugal blir det ikkje spart på "felles areala"! Truleg det meste finansiert med EU-pengar ifrå Sverige. Elles foregår det ei internasjonal sandvolleyball-turnering her for tida. Vi såg og høyrde til og med norske deltakarar på ein restaurant i gårkveld. Truleg må vi avstad og heie på dei i dag.
Det har sjølsagt skjedd mykje sidan siste reisebrev, så eg må fatte meg i kortheit:
Vi segla ifrå Sines og til Lagos på Algarvekysten i eit jafs 26/8. For første gong på lenge ein skikkeleg seilas med genaker og god fart. 75 nm på 13 timar. Alt ifrå første stund var det klart at vi var komne til Algarve. Deilig badevatn, 23-24 grader, rundt 30 grader i lufta, fullt av engelskmenn, irske pub’ar og norske tabloid-aviser! Kan ein få det betre! Det einaste skåret i gleda var at det trådlause nettverket mitt vart det slutt på. Her nede var alle kryptert eller at ein måtte betale i dyre dommar til telefonselskap for å kople seg til. Men det var moro så lenge det varte. Åsmund og Tone, samnt yngstesonen Vegard flaug ned til Faro, og vi henta dei med tog der. Vi tok båten ut ifrå Lagos og ankra ved eit fantastisk "hole"-området i nærleiken. Det var snakk om større og mindre holer som havet hadde grave ut i det porøse sandsteinsfjellet. Inne imellom var det små flotte sandstrender. Vi fann ei slik heilt for oss sjølv. På snorkletur rundt neset til neste strand, oppdaga ein av sønene at denne var reservert for nudistar, noko også eg måtte snorkle rundt og sjå ved sjølsyn. Ja livet er mangfaldig!
Om kvelden segla vi vidare til Portimao og ankra der i nokre dagar. Her låg vi saman med over 30 andre båtar på svai, og berre det er interessant. Ein morgon hadde vi mest "kontakt" med ein kanadisk båt som surra rundt på same måten, men sidan vi hadde ankra sist var det sjølsagt vårt ansvar å berekne korrekt ankringsavstand! Det kom difor ikkje til munnhoggeri mellom båtane. Kanadiaren viste seg til alt overmål å vera ein emigrert nordmann. Same morgonen oppdaga vi at den eine pølsa i gummibåten hadde fått seg ei stygg rift på 10 cm , truleg etter kontakt med vindroret vårt. Denne vart lappa, men eg frykta det værste og fekk seinare rett. Eg måtte fram med nål og tråd og i tillegg ei lapp også på innsida.
Ifrå Portimao hadde vi ein fin liten tur ned til Albufeira. Og hadde vi sett engelskmenn før, så såg vi enno fleire her. Her fekk ein også kjøpt Dagblad og VG. Opprinneleg ein fin liten landsby som låg i ei dump mest under havoverflata, no i meste laget turistifisert. Marinaen var overdådig, og den dyraste hittil, 36 Euro pr. natt. Inngangen var skoten igjennom fjellet og inntil eit dalføre som eg trur delvis hadde loge under havoverflata. Det var ikkje spart på nokon ting i marinaen, og rundt låg futuristiske leiligheitskompleks på rekke og rad , der arkitektur og fargeval var svært avant garde. Personleg trur eg arkitekten måtte ha vore på fydlao! I alle fall var det meste tomt, men som elles i Portugal: Det krydde med tilsette!
Her i Albufeira skjedde det mest tragiske hittil. Etter ein tur på "byen" om kvelden, oppdaga vi at Mette sin kjære og lovpriste sykkel ikkje lenger sto så kjekt på flytebrygga. Eg var ikkje lenge i tvil om at no hadde vi endeleg vorte utsett for kriminalitet av værste sort! Det økonomiske tapet var ein ting, men vi hadde etterkvart bygt opp eit forhold til denne sykkelen og var beint ut glad i han. Eg hadde mareritt om natta. Åsmund trudde heile tida at det var like så sannsynleg at vinden hadde blese sykkelen av flytebrygga, då han etter hans meining sto nokså nonsjalant plassert. For å ha prøvd ut alt, freista eg neste morgon å dykke ned, men med null sikt, 5 meters djup og ingen froskeføter var det dømt til å mislukkast! Til sist festa eg hammaren til ein tunn vaier og dregga denne forbi aktuell drop-plass. I første forsøk fekk eg fast fisk, og opp kom den kjære sykkelen. Etter ferskvatn og ein boks med CRC kryssa vi fingrane og håpte på det beste. I ettertid høyrer eg klart at bakhjulslageret ikkje har hatt godt av badeturen!
Ifrå Albufeira segla vi eit bra strekk ned til ei øy som heiter Kulatra og ligg like utforbi Faro. Her ligg fleire delvis freda, låge sandøyer der mykje av arealet er vekke ved flo sjø. På Kulatra låg der to landsbyar som var spesielle. Sand og atter sand og ingen bilar. Kun traktor til "tungtransport". Som mange andre stader: Det krydde av restaurantar!
Neste dag tok vi båten inntil Faro og sende Åsmund og Tone heim. Vi tre andre dura raskt attende til Portimao for endeleg bunkring til Madeira-turen. Siste natta tok vi i marinaen, då det er mest praktisk før lange reiser. Saman med våre svenske vener tok vi taxi opp til den lokale Lidl-sjappa og fylte opp haugen på kvar vår store trille. Vårt lass omfatta 3 kasser Fink-brau øl ( kr. 2 pr boks.), 3 flasker portvin, 1 flaske maltwhisky, 7-8 flasker vin, 10 kartongar med juice, ein god del brus, 20 liter drikkevatn(merk!) + masse mat for den nette sum av 140 Euro, tilsvarande 1200 kr. Som de skjønar, då går det an å vera på handel, sjølv for knipne mannfolk som ikkje veit kva "kolonialvarer" kostar i det daglege.
Siste: Vi hadde nett vitjing ombord av ein kjekk familie ifrå Mandal som akkurat var komne her i ein liten båt. I tillegg snakk vi i går med "mannskapet" ombord i ein annan norsk båt som var komne like før oss, Blue Marlin ifrå Stavanger. Dei hadde med tvillingjenter på 6 år som hadde sin første skuledag ombord i går. Lærarinna er, så vidt eg har skjønt, dotter ein kjend pedagog i Rosendal, Knut Langesæter! Ein veldig hyggeleg familie som vi reknar med å treffe igjen mange gonger på turen.
Takk for oss denne gong. Madeira neste!

6 Comments:

At 10:55 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei:
Sjøtta de ikkje noke lenger? Fekk nesten Brandyen fra Villagarcia i rongstrupen når eg las korleis de tek vare på sykkelen "vår". De ska veta at den har nesten religiøs verdi for enkelte. Med ein pedal og ein M16 sekskantskrue med gummislange har denne sykkelen frakta meg rundt Pendemis Castle.(Møtte foresten ein joggande viking der). Likeeins ein uforgløymeleg tur til Cabo Vilano, jagande på same vikingen.Pueble del Carminal og omgjevnader blei utforska og ein fjelltur i Villagarcia mogleggjort med denne velisopeden.

Ta vare på han.
perms

 
At 12:07 a.m., Anonymous Anonym said...

Hei!
Det er lite truleg at de får heimlengse når eg fortel at me nettopp har hatt første frostnatta her i Borgund. Tida for makrellfiske kombinert med kortbukse og sandalar er definitivt over i gamlelandet. Sjøl har eg sanka sau i to dagar. Ølet smakar aldri betre enn etter vellukka fjellturar!
Fjellturar ja: Når de kjem til Madeira har eg eit turforslag eg absolutt vil anbefale. Køyr med bil så langt aust vegen går, ta beina fatt og gå til Ponta de Sao Lourenco. Dette er ein tur der de ikkje skal ta med sykkel med dårleg hjullager. (Men dersom de vil prøve sykkelen på levadaene ser eg fram til å høyre om utfallet.)
God tur vidare! Me har framleis von om å sjå dykk ein gong til vinteren!
Helsing Kåre

 
At 10:38 a.m., Anonymous Anonym said...

Hei Mette & co!
Ja, det ser ut som dere har det flott! Her hjemme er høsten i gang. Heldigvis har jeg fått noen fine fjellturer i det siste. I går var det Melderskin i nydelig sol, utsikt til langt ut i havet. Var i 50 årsdag til Kirsten Mehl i går kveld. I morgen er det læringssamling på hotellet. Fortsatt god tur.
Laila

 
At 11:35 a.m., Anonymous Anonym said...

hahaha, kanskje slemt å le - men fabelaktig godt fortalt historie om sykkel. følte nesten ej var med på shoppingturen din, onkel bjarne. du skrive jo som en drøm. ambjørnsen go home, lissååm. :D

 
At 7:16 p.m., Anonymous Anonym said...

Så er høsten kommet for fullt her på vestlandet.Det regner og det regner. Har hatt langhelg på øya,makrell til middag.Har også fått plukket både molter og tyttebær.Hadde den fine turen på Hardangervidda.God tur videre, og husk Mette,ikke for mye vin og Whisky selv om det er billig.God tur videre, jeg følger med. Klem fra 2run.

 
At 9:54 p.m., Anonymous Anonym said...

God jul ynskjer eg heldiggrisene på St. Lucia. Eia var vi der.Helsa, men der er vel ingen som hugsar ein frå 1962.
Her er det berre surt og regn og jævelskap med sauene. J.B.

 

Legg inn en kommentar

<< Home