torsdag, oktober 27, 2005

Reisebrev 14- Kanariopplevingar










Wendy og Magne Nygren
REISEBREV NR.14 DIVERSE KANARIOPPLEVINGAR

Kanariøyane er eit velkjend reisemål for oss nordmenn og for mange andre europearar. Følgeleg har ikkje eg tenkt å gå djupt inn i historie eller geografi når det gjeld desse øyane.
Sist vi skreiv var vi på Marina Rubicon på Lanzarote. Der møtte vi ein norsk seglar som beskreiv øya på følgjande måte:”Dette er jo en jævla kokshaug”! Eg er tilbøyeleg til å vera einig. Dessutan var det svært lite å kvila augene på når ein promenerte på strendene.
4/10 kasta vi fortøyningane og kursa mot Puerto Castillo på austkysten av Fuertoventura. Denne øya er den største av alle kanariøyane, men akk så turr og audsleg. I allefall såg det slik ut ifrå sjøsida. Nokre få plassar var det bygd opp turistkoloniar, og iallefall når det galdt Puerto Castillo så var det forbrødring av engelskmenn og tyskarar. Dersom ein er nøgd med ein tur på stranda og næraste pub, så er øya sikkert ok, men for oss som stiller større krav til vitskapleg og kulturelt innhald, så blir det diverre terningkast to. Inntrykket er kanskje farga av at vi såg vår første ”vesle” kakerlakk ombord her!
Men kven møtte vi i denne havna? Rett oppe på kaien spelte nemleg Frank Young i Herman Hermits, eigne og andre sine svisker. Kven hugsar ikkje singelen: ”No milk today---”.Den fekk eg i 14-års presang av eit søskenbarn. (Sjå vedhefta bilete av lukkeleg par på dansegolvet. Kva var det eg sa om kultur?)
Neste hamn var Morro Jable! Her sjekka vi ikkje eingong inn og forlet heller ikkje flytebrygga. Vi var klare for storbyen!

På kvelden 6/10 segla vi inn i marinaen på Las Palmas, etter 2977 knirkefrie nautiske mil. Det var rart å tenkje på at neste etappe er omtrent like lang, men denne gongen utan å sjå land!!
Vi vart verande der i 10 dagar for supplere litt utstyr, teste ulike matvarer og vinar for overfarten. Dessutan ville vi sondere terrenget slik at vi kunne ta oss av det nye mannskapet på best mogleg måte. Apropos testing: Det er ganske klart at med litt hell kan du finne ein god raudvin heilt ned imot ein euro per flaske. Legg du på eit par tre til er du oppe i de-luxe klassen. Kjøtbollane var bra, men ein boks med bønner og flesk vart vel mykje av ein stridsrasjon. Eg trur sjølv Morgan Kane hadde fått problem med den.
Eg nemnde supplering av utstyr. Vi har eit Gebe straum aggregat( Honda-kopi). Dette hadde ei gangtid på omlag 6 timar då flottøren i forgassaren sprakk. Dette vart fiksa før avreise. På kaien før vi kasta loss heime stoppa det, og eg stakk hovudet i sanden og valde å tru at det var tomt for bensin. Det var det ikkje, viste det seg seinare. Etter å ha drege i startsnora x antal gonger og servert heile vokabularet av bannord og uttrykk, kom eg fram til at også tennpluggen var defekt. Dette altså etter eit einsifra antal driftstimar. Kven kunne tru noko slikt? Med mine spansk-kunnskapar og sykkel tok det meg 4 timar å skaffe ein plugg som likna, og endeleg starta driten, i 2 sekund.
Det viste seg at denne gongen hadde bensinslangen kome i klemme under den svært kompliserte samansetjinga. No går det så lenge det varar, men eg kan ikkje fri meg ifrå tanken om at dette må vera ein dyr og svært dårleg Honda-kopi!

Las Palmas minna litt om La Coruna i Nord Spania. Store delar av byen ligg plassert på ei relativ smal landtunge mellom fastlandet og ei halvøy. På nordvestsida finn vi ei framifrå sandstrand som er skjerma av eit langsgåande rev. Grunna fare for å bli karakterisert som ein gamal gris skal eg ikkje seie noko om kva som openbara seg på denne stranda, anna enn at det var minst like bra som i La Coruna. Elles har byen alt ein kan tenkje seg av tilbod.
I marinaen var det eit yrande liv. På vår pontong var vi mange skandinavar, i alle fall 3 norske og like mange svenske. Veldig hyggelege og kjekke folk alt saman. Ein av desse var den svenske soloseilaren Bernt, som vi forøvrig alt trefte i Falmouth. Han hadde no teke artistnamnet Bernardo og jobba stort sett nattskift for å kålla leget, som det heiter på svensk. Sist han var på veg over dammen råka han utfor orkan ved Kapp Verde og den 39 fot store båten trilla regelrett rundt med han sjølv surra til rattet. Han kom opp igjen og greidde å ta seg attende til Las Palmas, der han så vart verande i 3 år før levera ba om ei nykter pause i Sverige. Bernando er kakerlakkekspert og ein jettemysig fyr!
Så har vi Anders i Lovisa. Han og kona har tidlegpensjonert seg og er no på veg over dammen. Medan frua var ein snartur attende i Sverige vart vi bedne bort for testing av blant anna maltwhisky. Han var ein strålande vert og 20 år gamal Lagavullin verkeleg opna smaksløkane og inntrykka ifrå Skottland strøymde på. I tillegg var han ein spontan og utmerka kokk.
Elles hadde ”jentene” fast morgonsamling på stranda før frokost. Yoga-øvingar og symjetur. Einaste tilskodar var ein gamal spanjol med fiskestong og stor sigar. Har nokon høyrt om ”fisjiing i Vældres”?

17/10 segla vi vidare til Puerto Rico. Det er vel knapt nokon i Kvinnherad som ikkje har vore her. På turen nedover fekk våre kjære svenske vener i ”Freedom” varmgong i motoren og det var sjølsagt ikkje moro. Medan Claes kålla leget i motoren fekk dei tilbod om slep av Tropic Bird, med bl.a. norsk-amerikanarane Wendy og Magne Nygren ombord. Wendy er forøvrig svigerinne av Per Arne Ludvigsen, kollega og tidlegare distriktsveterinær i Bergen. Sistnemnde eit friskt pust som no ilag med fleire andre er hamna i Mattilsynet! Tropic Bird har vi hatt mykje kontakt med seinare, og eigarane er svært gjestfrie og hyggelege folk. Dessutan har dei ein båt som eignar seg til sosiale samankomster ,53 store og breie fot. Til alt hell tok ikkje motoren i Freedom skade, sjølv om impelleren gjekk og kjølevatnet fordampa!
I Puerto Rico trefte vi Inger og Kåre Eik, Marit og Gunvald Friheim ifrå baronistaden Rosendal. Desse to para feira 35 års bryllupsdag, noko som i desse dagar er meir sjeldsynt. Dei låg i hardtrening opp alle trappene til hotellet, og har tenkt å melde seg på Stoltzekleiven i Bergen til neste vår. Vi nytte nydeleg vin i solnedgang med utruleg utsikt over Puerto Rico. Når Jesus i si tid gjorde vatn om til vin, så var han ikkje heilt på viddene. Mange pietistar har naturleg nok gjort sitt beste for å bortforklare dette!

Etter dette hadde vi eit kort opphald i Puerto Mogan. Her låg vi ankra utforbi og rulla slik at vi ikkje fekk sova om natta. Hamna var sjølsagt full! Om kvelden var vi på kina- restaurant og åt så mykje vi ville for 7,77 Euro. Det kallar eg ein god handel.

22/10 la vi kursen på Los Christianos på sørspissen av Tenerife. Eit stykke ifrå land kom det brått eit helikopter ut for å kikke på oss. Det tok ein svarv rundt båten og returnerte inn til land. Like etterpå la ein hurtiggåande båt ifrå civil-garden om kursen og strauk like forbi oss utan at vi vart praia. Kva dette skulle tyde veit ikkje eg, kanskje dei trudde vi var kokainsmuglarar? Det fine norske flagget gjorde sikkert at vi med ein gong var utanfor einkvar mistanke.
Mette, mor mi, Vegard og eg har tidlegare vore på charter-tur til Los Christianos, og følgeleg var det artig å kikke på gamle tomter. Hamna var full av oppankra båtar, men på førespurnad til hamnesjefen fekk vi opplyst at det var strengt forbudt å ankre, og i allefall var det på eige ansvar! Merkeleg melding. Noko av problemet var nok den kraftige ferjetrafikken i området, men ankra gjorde vi!

Alt neste dag held vi fram på ferda, men denne gongen berre 20 nm bort til San Sebastian på La Gomera. Her er vi i Fred Olsen land. Rederiet har, som mange kjenner til, ein intens ferjetrafikk på fleire av dei sørlege Kanariøyane. Desse fartøya er trimaranar og ser ut som dei kjem ifrå ein annan galakse. Eg har ei kjensle av at rederiet også er sterkt involvert på land her også.
Andre dagen tok vi oss ein busstur over øya og ned til ein stad som heitte Valle Gran Rey. På turen køyrde vi delvis igjennom ein nasjonalpark oppe i mest 1500 meters høgde. Her oppe var ein vanvittig tett urskog som skulle vere temmeleg unik for La Gomera. Vegetasjonen var spesielt ”konstruert” for å nytte ut veta i all skodda som ofte låg her. Bussturen på 50 km tok halvannan time, så det seier litt om topografien. På mange måtar minna terrenget her om Madeira, svært vilt. Overalt var det laga stiar for fotturistar, og desse krydde det av, spesielt tyskarar. Nede i Valle Gran Rey var det også mest berre tyskarar, ein annan type turistar enn dei du finn rundt på playa’n. Vi såg til og med eit par skikkelege hippiar med rastafletter og fargerike gevantar. Dei hadde sikkert ikkje gjort eit arbeidslag på fleire år, om nokonsinne!
Høgdepunktet på turen var ein lett lunch med gjengen ifrå Tropic Bird. På denne serveringsstaden serverte dei den tjekkiske ølsorten Urquell. Eg hugsa merke igjen ifrå ein snartur til Praha. Dette er det beste komersielle ølet eg nokon gong har smakt. Ei openbaring for smaksløkane, kraftig humla med ein klar ettersmak av honning. Må berre prøvast!

I dag skriv vi 27/10 og vi ligg framleis i hamna på La Gomera. Vi blir nok verande her ei lita veke til, då det er mykje vi ikkje har sett eller fått gjort. Marinaen er no smokk full og det er tildels handgemeng når det byr seg ledige plassar. Svenske Lovisa låg i natt ”på vent” langs ei utsett kai der bølgehøgda var over ein meter. Det var eit under at kryssholta framleis sat fast i båten, men så er ho også ein traust Najad.
Kjenningar vi snakkar med lurer på om det ikkje blir kjedeleg til tider,med heile dagen til disposisjon . Bjarne har litt trøbbel no med ”skranglete” kne og derfor begrensa moglegheiter for trening. Sykkelen er redninga for han og han er stadig å sjå i trafikken lasta ned med tre,fire bæreposer på kvar side av styret. Dagane går utruleg fort. Vi fekk lest litt bøker tidlegare men det blir mindre tid til det og faktisk,så korleis vi har kunna vore i jobb tidlegare er ufatteleg (he,he).

Med helsing oss i Fatuhiva.

PS. Forklaringar paa bileta.Eg har enda ikkje laert aa redigere, saa difor denne steinaldermetoden.Eg tek ikkje sjanse paa eksperimentering daa det gaar utruleg lang tid aa laste inn bileta:
Norskamerikanarane Wendy og Magne Nygren er med paa bilete ifraa Los Christianos og Valle Rey. Gunvald og Marit Friheim speidar ut over Puerto Rico. Mette paa sykkeltur paa La Gomera. Oss paa dansegolvet med Herman Hermits. Merk fargen! 3 haaplause baatar av eit uttal vi treffer paa turen. Eit bilete ifraa bussturen vaar med Teide paa Tenerife i bakgrunnen. Fred Olsen Lines ifraa hamna i Los Christianos. Tilfeldig rekkefoelgje!!!

7 Comments:

At 10:53 a.m., Anonymous Anonym said...

Hei. Kjekt med ny post i bloggen. Flotte bilder. Må sei meg enig i beskrivelsen av Urquell pilzen, den er veldig god. Den er også å få kjøpt i norske butikker med godt vareutvalg. Her på vestlandet er det i dag rekordvarmt, til november å være. Ser at i skrivende stund er 21 grader i Ålesund.

Her i Bergen er det alltid stort utvalg i objekt å kvile augene på.

 
At 12:03 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei Mette og Bjarne. Endelig nytt å lese fra dere! Ganske skummelt med den fæle båten på bildet. Her går det i høst, selv om tempen er fin. Vi har hatt snø på toppene, men no er den vekke. Vi gleder oss til ski-sesongen, så det kan bare bli kaldere nå. Skal på 4 dagers smertekurs i bergen sammen med Inger Helen. Hotell, teater.. Ha det godt i varmen. Laila

 
At 7:40 p.m., Anonymous Anonym said...

Kjekt å høre hvor dere er, og hvor dere treffer på de nærmeste naboene våres.Her går det bare bra. Revy i Mauranger i kveld."olderbillene rir igjen". Der skal visst sjefen gå.(nina). Hun var giret i kveld. Ha det godt begge to, og kos dere videre. No er det tid for et glass vin Mette. Klem fra 2run.

 
At 12:58 p.m., Anonymous Anonym said...

dåkke e så brune og pene! regn i oslo i dag, folk har så vidt komt sej etter gull-festen på lørdag, kan det virke som...

 
At 8:09 p.m., Anonymous Anonym said...

Har gjort Budapest med 64 andre ped. Likna på Praha.Ny lokal brennevinsshot UNIKUM!! Men ikkje så god som Becherovka med urquell pils til.Ja,ja i Ungarn tenar ein lærar med 20 års ansienitet kr 6000kr i mnd - skatt!Mange gamle uteliggjarar som gjorde eit sterkt inntrykk på meg.Eu har ikkje hjulpe dei noe særleg.Vet.og med.stud frå Noreg bur i luksus med hushjelp på sitt norske studielån!Fint å reise.Skal helse frå mange..Kjakji Kev o Co

 
At 10:52 a.m., Anonymous Anonym said...

Hallaisen!
Gud så deilig det er å lese om deres opplevelser i sommarland for oss som er bundet fast på hender og føtter, og i ferd med å regne vekk på det oppskrytte Vestland.. Heldigvis har det vært en mild høst så langt. Vilja er operert, og vi kom hjem i går, åttende postoperative dag. Alt har altså gått på skinner, fantastisk at vi skulle være så heldige. Et fjell er borte! Ønsker dere lykke til på turen over havet, det er vel ikke så lenge til det nå? Hilsen fra Henriette, Roy, Vilja og Karlsson

 
At 9:55 a.m., Blogger Ut på tur said...

Jeg lurte på om du har vært på Madeira ?

Vi var på La gomera(Valle gran rey) februar i år og syntes at dette var helt fantastisk.
Vi likte spesielt naturen, turene, å kunne gå tur uten å gå i kø, noen av turene så vi ikke ett menneske en gang :) Stillheten og at det ikke var discomusikk og blinkende lys i gatene.
Det var heller ikke noen innpåslitne innkastere/selgere. Helt fantastisk med andre ord.

Det eneste negative er at vi brukte 19 timer fra vi gikk ut døren hjemme til vi satte nøkkelen i døra på La gomera.
Dette går greit hvis man ikke har med småbarn. Men neste tur så skal vi ta med barna og derfor ønsker vi kortere reisetid.

Vi har jo hørt at Madeira skal være bra, jeg lurte derfor på om du har vært der og i såfall om dette kan sammenliknes med La gomera ?

Har sett på bilder på nettet fra Madeira og på mange av bildene så er det masse folk som går i rekke/tog. Dette er IKKE ønskelig

Hvis du har annledning å svare så hadde det vært fint om du kunne sende svar til : kenneth.fjelde@gmail.com

 

Legg inn en kommentar

<< Home