Reisebrev 17- Rodney Bay- Union Island
REISEBREV 17. ST.LUCIA-UNION ISLAND
Vi ligg pt.”værfaste” i Clifton på Union Island, ei øy heilt sør i Grenadinene. Fatuhiva ligg trygt ankra innanfor revkanten med storhavet rett utanfor. Vinden pip rundt øyrene og vindgeneratoren trugar av og til med å gå berserk. Eg har sett han stappa innpå batteria 35 ampere i vindkast opp i 35 knop. Apropos ankring, dette er eit kapittel for seg. Det er klart at når ein har ei rekkje andre båtar rundt omkring, og dessutan farlege rev like i nærleiken, bør ein vere rimeleg sikker på at ankeret sit. Det å dregge midt på kolsvarte natta under slike tilhøve, er for å seie det mildt, lite trivleg! Eg bakkar alltid for full pinne for å sjekke om det sit, og dessutan dykkar eg ned for å sjå at ankeret er godt nedgreve. Likevel dregga vi 20 meter ei natt det var kulingbyger, men den gongen hadde vi heldigvis svært god plass. Av og til har vi på GPS-alarm.
Ein tyskar dreiv dreiv rett i baugen på oss og knørva pulpit’n og ankerrulla. ”See you in Grenada”, sa han og for. Hadde båt til fleire millionar, men ikkje råd til å gjere opp for seg. Eg retta det rimeleg opp ved hjelp av kjempestor røyrtang og eiga ditto kroppsvekt!
No har vi vore i Karibien i ein månad, og vi har gjort oss opp visse tankar. Etter Atlanterhavsreisa var det fantastisk å kome hit. Dette hadde eg drøymt om i mest 20 år og det svarte absolutt til forventningane. Samstundes er vi komne til at 5 månadar samanhengane over her er plenty for oss. Det er grenser for kor mange fantastiske strender ein greier å ta inn over seg på ein gong. Det blir som med flotte katedralar.
Vi har møtt folk som har ”surra rundt” her i åresvis og synest livet er topp. Arbeidsoppgåver utover vedlikehald på båten er heilt uinteressant. Ein del pensjonistar seglar her ifrå november til mai, i orkansesongen legg dei båten i opplag på Trinidad og reiser heim til Sverige eller kvar det måtte vera. Mottoet her er i Vest-India er forøvrig: gjer mindre, lev meir! Vi er alle ulike, og personleg savnar eg ein skikkeleg skitur i lett terreng. Fjellhaugen blir for tøff med mitt kondisjonsnivå!
Siste reisebrev var ifrå Rodney Bay på St. Lucia. Her var vi i 8 dagar før kursen vart sett sørover. Før avreise måtte sjølsagt båten vaskast. Alt saltet hadde brent seg inn og let seg ikkje fjerne på vanleg måte. Eg fekk tips om at vi måtte bruke eddiksyre for å få det vekk, samt rikelege mengder med vatn. Ved båtplassen var det plassert vassmålar, og omlag 700 liter var inkludert i prisen for ei veke. På slangen hadde eg ei dyse som eg skrudde igjen etter endt arbeid. Dagen etter oppdaga eg at nokon hadde stole denne og det var fri flyt ifrå kranen. Ganske skjelven møtte eg opp på kontoret for å gjere opp for meg. Det viste seg at det var runne ut 15.000 liter ifrå min kran i løpet av natta. Eg skrytte uhemma av den flotte hamna og ba om å bli ansett på mildaste måte. Heldigvis måtte eg berre betale for 700 liter ekstra!
Første stopp var Marigot Bay, ei fantastisk bukt som har vore sete for fleire filminnspelingar, prospektkort de luxe. Første overnatting var ved St. Lucia’s mest kjende fjelltoppar, the Pitons. Vakkert også her.
Neste dag, 21/12, segla vi ned til Bequia, ei kjend øy for langturseglarar. På turen ned segla vi nær land på vestsida av St. Vincent, slik at vi kunne få eit inntrykk av denne største øya i øygruppa Grenadinene.
Om Bequia kan ein seie mykje positivt. Det er ei vakker øy med ei svært god hamn, Admirality Bay. Her er det plass til fleire hundre seglbåtar og opp til fleire cruiseskip på same tid. Mange fantastisk flotte båtar, men også rikeleg med heimesveisa ”plåtlådor”, som Clas brukar å kalla dei.
Befolkninga her er venlegsinna og klar over at turismen er viktig. Dessutan har Port Elisabeth (sentrum) ei fastbuande norsk dame som stranda her for 20 år sidan. Eit fyrverkeri av ei dame som no i 15 år har arrangert juleselskap for skandinaviske og andre seglarar. Her får vi servert gløgg ( ikkje spart på rødvinen) og julekaker med roquefort ost. Ho kom hit med eksmannen i skuta Fredag som ganske raskt gikk på eit rev berre nokre få meter ifrå her vi no ligg ankra. Jordomseglinga vart det aldri noko av. Kan vi snakke om lagnad?
Vi treivst så godt der at vi vart verande til 6. januar. Både julekveld og nyttårsafta vart feira med grilling inne på stranda. Første kvelden var vi tett innpå 80 norske samt svenskar og finnar. Av alle trefte vi og ein tidlegare disponent og medeigar i Grenda, bergensaren Jan Steen i båten ”Anna”. Han og kona hadde segla rundt i området i 21/2 år, og dei storkoste seg med det!
27. reiste Kurt og Eva etter 6 veker ombord, og der var sjølsagt litt vemodig. Vi hadde opplevd mykje saman! Etter ei lita veke vart desse erstatta med Marte og Åsmund samt Olaug Fenne ifrå Herøysundet. Ei betydeleg forynging av mannskapet. Men la meg slå fast med ein gong, etter nokre dagar her i Karibien er dei like trøytte om kveldane som oss, og lyset blir sjeldan sløkt seinare enn åtte!
Elles skjedde det noko veldig tragisk. Våre gode vener i Freedom, som etter 29 dagar på ope hav kom fram til Bequia, vart fråstolen gummibåten med motor i løpet av natta. Vi snakkar om kanskje den minste gummibåten i heile Bequia. Det var kaksebåtar med ditto joller over alt, men Clas og Helmi sin måtte dei ta. Utruleg dårleg gjort mot dei mest mysiga svenskane vi kjenner!
6/1 segla vi ei ned til Mystique, ei kjend øy som berre låg eit par timar unna Beguia. Heile øya er i privat eige og er utvikla for å ta seg av topp kjendisar og rikfolk. Ho ser ut som ei blanding av park og golfbane og er overstrøydd med fantastiske hus på like fantastiske eigedomar. Eigen flyplass og eige flyselskap.Ein av dei første kjendisane som slo seg til her for minst 20 år sidan er Mick Jagger i Rolling Stones. Han såg vi fleire gonger. På land, rett innanfor der vi ankra, låg Basil’s bar og oppe i bakken restauranten Firefly. Begge verdskjende etablissement med ditto prisar. (Vi snakkar om norsk nivå). Vi var 11 norske som ein kveld likevel kosta på oss ein utmerka middag der oppe. Veldig kjekt var det! Det var folk ifrå Sterna, Nordavind, Hurra og Sedna utanom oss sjøle.
Eg nemnde at det var dyrt på Mystique. Det gjeld for så vidt heile området. I Bequia var frukt og grønnsaker td. hinsides prisa. Ein svenske påsto han hadde betalt like mykje for kål som for hummer. Nokre lokale ”boat-boys” prøvde å selja meg ein liten tunfisk i går til nette sum av 400 kr. for halvannan kilo. Dei skulle også ha mest 300 kr. for 7-8 små mort! Det er jo eit visst prutningsmon, men likevel!
Folk er blide og greie her når du treffer dei på friland, men tek dei på seg ei uniform eller stiller seg bak ein disk eller kasse, så skjer det ein endring av personlegdomen. Service er ikkje-eksisterande og alt blir veldig vanskeleg. På mange måtar ser det ut som at dei ynskjer at du går ut av butikken og ikkje bruker pengar der! Mange ”grundarar” ifrå vestlege land har nok forrekna seg stygt på denne mentaliteten.
Ein del av ”nasjonane” her er veldig små, og byråkratiet her blir nok brukt som sysselsetting. Når ein reiser med seglbåt ifrå øy til øy og dessutan stadig skiftar mannskap, blir det utruleg mykje inn- og utsjekking. Nokon hadde rekna på at skipparen i snitt brukte ei veke på toll- og immigrasjonskontor på ein 5 månaders karibientur. Det gjeld å gire om og ta ting som dei kjem. Aldri bli utolmodig og irritert!
Som nemnd har vi vorte liggande her på Union Island i 5 dagar grunna mykje vind og kraftige regnbyger. Vi hadde tenkt å reise opp igjen til Tobago Keys, som vi vitja tidlegare. Eit fantastisk revområde som var fint for snorkling. Likeins ville vi ankre opp i Salt Whistle Bay på øya Mayreau like i nærleiken. Det får vi ta på attende-turen.
Åsmund skal ta eit lite småfly herifrå og opp til Martinique på sundag . Vi kryssar fingrane for at ikkje noko uforutsett skjer og at han når Europa-flyet sitt i tide.
Olaug og Marte blir med oss vidare til Cariacou og Grenada (nytt land) og flyg derifrå og til Martinique 21/1. Vidare til Paris og gamlelandet.
I slutten av januar set Fatuhiva kurs for Charlotteville på Tobago, og deretter vidare for karnevalet i Trinidad som går av stabelen 28/2. 1. mars tek vi til på ”heimturen” nordover.
Som de skjønar alt vel om bord, men for dei som trur dei blir kvitt oss, har eg dårlege nyheiter. Vi er attende i Uskedalen i løpet av juli månad og kjem aldri meir til å reise vekk!! Bilete av ei strålande julegran hadde heidersplassen ombord, og det var ikkje fritt for at Mette og Kurt felte ei tåre på julekvelden.
Beste helsing alle i Fatuhiva
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home