mandag, desember 19, 2005

Reisebrev nr. 16- Julehelsing


REISEBREV NR. 16- JULEHELSING IFRÅ RODNEY BAY


Ja, endeleg nådde vi fram til Karibien, nærare bestemt 13.desember kl. 05.09. Vi var uendeleg glade for å sjå dei første palmane. Når eit steelband endåtil spela for full guffe på denne tida av døgnet, gjekk det opp for oss kvar vi var komne.
For å seie det med eingong, dette Atlanterhavet var uendeleg langt, lenger enn vi trudde, ruta vår vart omlag 3100 nautiske mil, i snekkefart!
Ragnar Kvam jr., den kjende journalisten og langturseglaren, skreiv ei bok han titulerte: ”Havet har meg”. Vi ombord i Fatuhiva har ikkje kome så langt, og var som sagt svært glad for å få fast grunn under føtene. Eg skal ikkje nemne namn, men eit av mannskapsmedlemma vil heretter ikkje reise lenger utpå havet enn eit redningshelikopter kan rekke!
Starten
Som før nemnd gjekk starten ifrå Las Palmas 20/11 kl 13.00. Det var eit utruleg folke- og båtliv ved starten. Vi hadde tenkt å ligge litt langt bak, men brått var vi sege heilt fram til startlina og kaoset tok til. Ei røys med båtar skulle presse seg fram mellom eit sjømerke og eit slagskip som låg der, og det vart brått som ei smal trakt med altfor mange båtar på ein gong. At vi ikkje kolliderte i denne situasjonen, kan berre karakteriserast som eit mirakel! Etterkvart spreidde båtane seg utover og motvinden auka på. Utover natta vart kursen lagt mot Marokko, og vinden låg jamnt på stiv kuling. For folk som hadde låge vekesvis i ei roleg hamn vart dette ein brå overgang. Frukt og grønnsaker som omhyggeleg hadde vorte lagra i svære nett i forpiggen, fekk ei røff handsaming, og ein del av tomatene kunne ikkje reddast. Elles var vi veldig nøgde med desse varene som vi kjøpte på marknaden i Las Palmas. Vi skulle berre ha teke endå meir, for dei held seg veldig lenge og var av svært god kvalitet. Pga. feil fekk vi vanvittige mengder med kvitløk, og sjølv om vi åt kvitløk til alle måltid vart det store mengder igjen.
Veret
Grunna sterk lågtrykksaktivitet i Midt-Atlanteren vart vi tilrådde å halde ein sørleg kurs langs den afrikanske kysten. Ein av desse tropiske stormane nådde ei veke seinare Kanariøyane og gjorde mykje skade. Ulempen var at vi periodevis fekk svært lite vind, og såg oss nøydde til å bruke motoren ein del. Før vi nådde Kapp Verde på åttande dagen hadde vi motra omlag 30 timar. Etter denne øygruppa hadde vi stort sett rikeleg med vind, 15 -25 knop. Om nettene var vi plaga med squalls (byger) der vinden kunne auke til 40 knop i løpet av sekund. Mange av desse kunne vi sjå på radaren av di dei innheld regn. Det å prøve å trokle seg mellom desse var slitande. Ein gong kjendest det som vi aldri kom ut av byga, og vi frykta vi var fanga inni i noko som utvikla seg til ein tropisk storm! Mykje av overfarten var det overskya, noko som berre var ein fordel for vår tandre hud.
Seglføring
Dette med seglsetting var eit evig tema. Eg var misnøgd med mine eigne kunnskapar og vilje til å ta sjansar, og Fatuhiva sitt fartspotensiale var tydeleg redusert med den kraftige vektauken. Vinden kom mykje av tida rett i hekken, det same gjorde også bølgjene, slik at styring med spridde segl var krevjande. Var ein ukonsentrert, vart det vagging og slag og smelling i segla, noko som var slitande både for duk og menneskje. På radioen høyrde vi om båtar som flaug avgarde med genaker og spinnaker i vindstyrkar der vi hadde 3 rev i storseilet og halveis innrulla genoa.! Av ulike grunnar ville vi heller ikkje presse riggen så hardt, men det skal eg kome attende til. På det meste greidde vi 160 nm om dagen, medan snittet etter Kapp Verde låg vel rett i underkant av 150 nm. Ikkje så hakkande gale. Vi hadde iallefall fleire båtar bak oss!
Radioaktivitet
I tillegg til VHF-radio hadde Kurt innstallert ein såkalla SSB-radio ombord. Dei første dagane var det ein voldsom aktivitet på VHF’n. Mange av båtane var engelske, og det var ei fryd å høyre skikkeleg Queen’s english. Lite cocney-dialect på eteren.. Humor og understatement var pakka inn i mest kvar einaste setning.
SSB-radioen har ei heilt anna rekkevidde og denne vart brukt til å halde kontakt med radioamatørar i Noreg og til kontakt med dei andre båtane seinare på turen. Vi rapporterte ma. posisjonen vår kvar dag via denne radioen. Kurt dreiv den reinaste radiosentralen ombord, og whiskey, zulu og Foxtrot hagla om øyrene. Det var rapportering av signalstyrkar opp og i mente og ikkje alltid like mykje informasjon som kom fram, men bevares ei kjærkomen og kjekk avveksling i kvardagen der ute på det store havet. Vi hadde ei god kjensle av at folk følgde med oss om noko skulle hende. Vi hadde også dagleg kontakt med dei andre norske båtane, og fekk høyre kva som gjekk fore seg rundt omkring.
Eigne og andre sine uhell
Fram til Kanariøyane hadde vi vore forskåna for uhell og skader av noko rart. Det vart det no slutt på! På 4.dagen medan vi segla med genaker, høyrde eg ein rar lyd frampå dekk. Brått tokk heile rullefokka til å sagge. Det viste seg at forstagsvaieren var tvert av ved terminalen i mastetoppen. Når ein då legg til at næraste land var Mauritania og at havner var ikkje-eksisterande, kan de skjøne at stemninga var noko trykkjande ein stakket stund! Heldigvis var veret svært bra. Vi heiste ei kryssfokk og segla vidare i 21/2 knop medan vi reparerte. Vi fekk alt ned på dekk utan å bryte dei skjøre aluminiumsprofilane i rulle systemet. Eit problem var at staget var mykje lenger enn båten, så det stakk ut eit par meter i begge endar. Vi fekk alt ifrå einannan, sette inn ny vaier som eg hadde på lager, skrudde på spesielle skru-terminalar som eg heldigvis hadde treke med meg, monterte alt saman igjen og fekk det på plass igjen på ein mirakuløs måte. Hadde ikkje vi vore 4 personar og veret så samarbeidsvillig, trur eg det hadde vore svært vanskeleg. Jobben tok 7 timar, og vi var ganske ferdige og mørbanka etterpå. Alt fungerte perfekt og vi var umåteleg nøgde med oss sjølv. Eg skal legge til at mange andre var imponert over det vi hadde fått til.
På femte dagen, altså dagen etterpå, sa autopiloten takk for seg., Truleg pga. fuktinntrenging i display-eininga. Ein ny til den nette sum av vel 30.000 vart bestilt på satelitt-tlf. sporensstrek.No fekk vi trøbbel! Vindroret vårt, Geir, fungerte berre på platt lens når vinden var jamn. Vinden vart meir og meir ujamn, og etterkvart oppdaga vi sprekkar i aluminiumen på styreroret. Det var berre å krype til korset og handstyre 24 timar i døgnet i mest 14 dagar. Ein må mest ha prøvd dette for å kunne fatte kor kjedeleg og anstrengjande dette er. Sjøen var til tider stor og vinden sterk, så i praksis var det oss mannfolk som styrte mesteparten av tida. Søvn vart det dårleg med, brystkassa vaks og armar og rompe vart sårare og sårare. Men alt har ein ende, og må ein, så må ein!
Ein kveld Mette var på vakt fekk vi føling med den første ”squallen”. Ho såg ein svær mørk skygge på radaren som nærma seg faretruande fort. Ho fekk meg opp i ørska og eg greidde å rulle inn genoan før det small. Storseilbommen slo over så hardt at preventerblokken rauk, rekkestøtta knakk, karabinkroken til lensetaklen gikk tvers av og Mette fekk storseilskjøte i ansiktet og skulder. Ho vart liggjande å sprelle på cockpit-dørken og eg var stygt redd ho hadde fått sjølve bommen i hovudet. Heldigvis kom ho ifrå det med eit lite brannsår i fjeset og ein mørbanka skrott. Moralen må vere at ein revar i tida og held hovudet lågt!
Elles hadde vi dramatikk då ein Sweden Yacht 42 sprang lekk. Det var ein sprekk i kjølen og mannskapet valde å forlate heile båten midt ute i Atlanteren. Dei vart tekne opp av eit handelsfartøy i nærleiken. Elles var det mange ARC-båtar rundt omkring. Fleire båtar kolliderte med kval, og ein finsk båt vi kjenne fekk øydelagt propellakslingen i samanstøyten. Ein kval gjekk regelrett til åtak på ein annan båt etter at denne truleg hadde kollidert med kalven. Altså ikkje berre plankekøyring!
Fiske-og dyreliv elles.
Flygefisk hadde vi mykje av på dekk kvar einaste dag. Desse såg ut som sild med vengjer på. Elles var det stadig historier om dei som fekk dei opp i senga gjennom luker i dekk. Ein båt fekk ein flygefisk rett gjennom vindfløyen til vindroret. Det mest tragiske som skjedde med flygefisk involvert, var då katten til eit nederlandsk par brått hoppa etter og vart borte for godt! Ein tragedie med eit visst komisk tilsnitt, for kva hadde no denne katten ute på havet å gjere. Elles var det ein dansk båt her som kom dragande med ein kjempesvær labrador som ikkje eingong fekk kome i land her i St. Lucia!
Attende til fisk.Vi fekke ein del fisk på turen som utgjorde ein kjærkomen avveksling i menyen. Det var gull-makrell/dorado og waho. Svært gode på smak. Den norske båten Blue Marlin fekk ein ekte blue marlin på 15 kg. Rekorden på overfarten var ein av same sort på 75 kg som andre greidde å få på dekk. Det hadde ikkje gått med våre enkle reiskapar.
Kapp Verde
Som nemnt tidlegare hadde vi ein kort ”pit-stop” i Mindelo på Kapp Verde. Primært for å supplere diesel om det skulle bli mykje vindstille. Vi måtte klarere inn og ut og kjøpe gjesteflagg, noko som tok heile 3 timar. Vi for fram og attende ifrå kontor til kontor og måtte ha med vår eigen ”konsulent”. Eit eventyr av eit byråkrati, endåtil det no skulle vere forenkla i høve tidlegare. Alle stader i hamna og byen krydde det av mannfolk i beste arbeidsføre alder som jakta på inntektsbringande arbeid. Ganske surrealistisk i høve vi er vane ved. Vi snakka med ein del norske og utanlandske seglarar som alle skrytte over opphaldet sitt ulike stader i Kapp Verde. Byråkratiet fekk ein berre ta med godt humør.
Mottaking i Rodney Bay
Som nemnd tidlegare kom vi hit i stummande mørke. Likevel sto alle dei norske seglarane på kaia og tok imot oss. Representantar ifrå ARC overrekte ei flott fruktkorg som også inneheld ei flaske med lokal rom og denne fekk bein å gå på!
Kjempestemning, og vi var ikkje så lite rørt etter å ha vore på havet i vekesvis.
Då dagslyset kom såg vi kor vakkert det var. Nydeleg naturhamn, kjempeflott marina, palmer og strender. Noko heilt anna enn steinhaugane på Kanariøyane og Kapp Verde. Etterpå har det vore mange flotte arrangement med gratis mat og drikke og fantastisk musikk. Fleire steel-band som har vore eit fyrverkeri av musikalitet. Må kort og godt opplevast. I det heile teke er vi svært nøgde med arrangørane av denne seglasen. Sjølv om startkontingenten var høg har det vore verdt kvar einaste krone eller pund!
Jul
I morgon kastar vi loss og seglar ned mot ei vakker øy i Grenadinene, Bequi. Her er det tradisjon at norske og skandinaviske båtar samlast til jule- og nyttårsfeiring. Vi reiser saman med fleire andre norske båtar nedover, og ser fram til ei ribbefri julehelg.
Korleis dette skal gå veit ikkje eg, men ei ordning må det vel bli. Akevitt har vi.Då vil vi alle i Fatuhiva ynskje våre vener ei riktig fin jule- og nyttårshelg. Vi kjem attende oppyngde og sjølsagt fulle av pågangsmot

6 Comments:

At 11:50 a.m., Anonymous Anonym said...

Kjekt med reisebrev igjen. Turen har vore lang forstår eg. Her i Noreg er julebordsessongen nær slutten, og eg har sjølv delteke i 3 stk. Faren for å bli lei pinnekjøtt medførte at eg valde "Julemix" på det siste, ei go blanding av ribbe&medister og med eit innslag av pinnekjøtt. Ser fram til ei jul i sogn, og håpar på ei kvit jul. Vegard har vore på Jan Mayen og herja med Forsvaret, der han vitja basen på land og hoppa i sjøen i "nettoen" med resten av mannskapet. Ja kanskje eg skal ta meg ein symjetur i vågen, berre for å testa immunforsvaret som truleg er på all-time-low. Har vore forkjøla i 4-5 veke, med innslag av små korte opphald. Yngve meiner eg har kols. Skrekk og gru. Vaksinasjon før turen til Karibien er teken, og eg kjenner duften av ein svær Mohijto i det azurblå fjerne.......

 
At 1:39 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei alle fire. Godt å lese at dere er framme og i god behold. Nå nærmer høytiden seg her i Rosendal. I morgen er det jule-lunch for ansatte på tunet, både aktive og ikke aktive. I dag er det sol, kaldt og hvitt på toppene. Ønsker dere en fredelig jul og opplevelsesrikt nyttår. Klem fra Laila!!

 
At 3:13 p.m., Anonymous Anonym said...

Eg seir,Bloody fantastic! Flotte bilete og utruleg livleg fortalt. Hels alle m/kjake.Jula nærmar seg.Me får besøk frå svigermor og Andersen frå Nantucket m/familie. Me blir 12 stk i Sanderborg. Skulle gjerne fått besøk av barna, men Marte er den einaste me ser på veg til Sogn.(På natta skal utveklsinga skje). Arrangerar juleball i kveld med 370 elevar!!!Gledar meg til i morgon! Skriv seinare og prøver på denne ringinga igjen. Har prøvd tre gonger men ikkje kome fram. Kev

 
At 8:27 p.m., Anonymous Anonym said...

Detta va kjekt å lesa. Held nett på med Ragnar Kvam. Ikkje så levande forteljarkunst der.
Godt å høyra at de e vel framme. Hels alle og ha ei annsleis jul.

Perms

 
At 8:54 p.m., Anonymous Anonym said...

Jammen har dere fortent både rom og julefeiring. Etter denne fortellinga blir "melkeruta" noke heilt anna. Skal tru om ikkje Barentshavet egner seg bedre til den betgnelsen. Er kraftig imponert over arbeidet dere gjorde med forstaget - fantastisk jobba. Glad at Mette er i fin form og kom fra hendelsen uten varige men.Eg feirer Jul offshore vest av Stavanger like ved UK sektor. kommer heim rett før nyåret.Vil ønske dere alle ei riktig fin og rolig Jul. Hilsen Olav.

 
At 4:33 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei Bjarne og Mette og mannskap.

Vel overstått jul. Er sikker på at den var fantastisk og like innholdsrik som atlanterhavskrysset. Gleder meg iallefall til å lese neste brev. Leste akkurat også om nordmannen Petter Røren mr. Fixman som holder til på Bequia. Ellers tror jeg nå at dere fixer det maste selv. Uansett så ønsker jeg dere godt nyttår og strålende seilas videre.

 

Legg inn en kommentar

<< Home