mandag, november 21, 2005

REISEBREV 15 – LAS PALMAS

Stemningsrapport 19/11 kl. 05.30:
Skipparen har loge vaken sidan kl. 04.00 og er stressa over alt som ikkje er gjort. Det nærmar seg start for vår første Atlanterhavskryssing og Fatuhiva ligg der lasta til godt over plimsoll-merket og dreg i fortøyningane. Ombord er 300 l diesel, 600 l vatn, 6 kasser med brus og mineralvatn, 30 l juice, 10 l mjølk, eit ukjent antal med vinflasker og mat nok for 4 personar i minst 4 veker. Det er sjølsagt viktig å legge inn ein god margin i tilfelle uhell som seinkar farten! I Karibien er det generelt dyrt og mange ting er vanskeleg å få tak i, difor er det fornuftig å laste opp så mykje skuta kan bera.
Men eg er redd for at dette går utover farten. Trøysta må vere at vi trass alt blir lettare etter kvart.
Det visar seg kvar gong, og ein lærer aldri. Ting tek tid! Båtutstyrsbutikkane er stappfulle, og det å få tak i ein nødvendig bolt tek glatt eit par timar. I matvareforretningane er det ingen som pratar anna enn spansk, og vi virrar rundt unødig lenge på leit etter ting.
I høve regatta-arrangementet er det mange nyttige seminar og møter vi må gå på, for ikkje å snakke om det sosiale programmet. Det foregår noko kvar einaste kveld, og vi har måtta foreta eit skjønsomt utval. Det vart mellom anna arrangert ein flott opningsfest for oss, med tapas og variert drikke. Likeins deltok vi med stor suksess på eit karneval. Vi var berre hårfint unna premiering. Vi var utkledd som sjeikar med ditto harem ( ei på kvar), og spesielt damene tok seg fantastisk ut. Diverre skjedde noko med kameraet vårt, så eg har ikkje noko godt bilete av oss alle. Moro var det i alle fall.
Eg nemnde sjeikar og harem i fleirtal. Som de skjønar, så har vi forlengst fått mannskapet på plass. Eva og Kurt Haugland, gode naboar, dukka opp forrige torsdag og er no begge klare som egg for ei Atlanterhavs-kryssing. Kurt har som vanleg vore ivrig oppteken med elektriske oppgåver ombord, og no går kortbølgeradioen boktaveleg så det susar. Vi har vore i kontakt med radioamatørar både på Tysnes og i Askim, forrutan fleire båtar i hamna. Eg skal snart ta til med intensivtrening, men er nok litt avskrekka av all denne whisky- og zulupraten. I allefall skal det bli kjekt å ha kontakt undervegs, og ikkje minst sikkerheitsmessig er det ein stor fordel. Kvar dag vil vi mellom anna få værmelding på nettet.
Elles har vi hatt fleire besøk. Det viste seg at min gode kollega i S-lab, Arvid Børretzen og kona var på ferie i Las Palmas, ein annan kollega i Mattilsynet, Reidar Haugsgjerd og kona var samstundes i Playa del Ingles. Stordingane inviterte oss like godt ut på sin svært gode stam-restaurant, maten var god og drøsen gjekk livleg. Seinare hadde vi ein baccalao-kveld ombord, og Arvid fekk endeleg ta i ein pc etter 14 dagar i sølibat. Det seier ikkje så lite for dei som kjenner han.
Aslaug og Henrik Lyse dukka brått opp her og kunne fortelja nytt ifrå gamlelandet. Seinare kom ein annan svært lystig flokk ifrå Uskedalen på besøk. Det var Lars og Eldbjørg Myklebust, Laila og Leif Framnes, samnt eit vennepar av desse. Det var svært hyggeleg!
No kl. 07.30 blir frukt, egg og grønnsaker levert på båten. Kl. 08.30 skal eg avlevere passa for utklarering. Vidare kl. 12.00 zulu-tid skal Kurt og eg på skipparmøte for å få dei siste oppdateringar og formaningar. Så går det vidare slag i slag utover dagen med tilsist avslutningsfest og fyrverkeri på moloen. Kl. 12 i morgon startar racing-klassen og ein time seinare kjem vi andre etter, i alt 235 båtar.
Måtte lukka stå oss bi! Sjekk vår daglege posisjon på nettet. Gå til linken på høgre side, og de kan følgje med på framdrifta.
For dei som har lyst til å sende oss ei gratis melding på satelitt-tlf. kan de gå inn på www.iridium.com og sende inntil 160 teikn i gongen.

Vi let høyre frå oss igjen når vi er komne til St. Lucia. Som de vil sjå av karnevalbileta har Mette og eg alt fått god kontakt med lokalbefolkninga.

Helsing Eva, Kurt, Mette og Bjarne, samnt evt. kakerlakkar om bord i Fatuhiva.

1 Comments:

At 9:26 p.m., Anonymous Anonym said...

"Skip ohoi" til mannskap ombord på Fatuhiva , hilsen kommer i fra gammle landet. Vi ønsker 50 års jubilanten Kurt til lykke med dagen Tirsdag 29.11. og lykke til med seilasen til dere alle! Hilsen Leif og Marta Kjerti

 

Legg inn en kommentar

<< Home